Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Olson Skildum - alias Louis O. Sheldon - fødd i Luster 1836 - utvandra 1860 - var borgarkrigssoldat og døydde ved drukning - fleire detaljar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Lars Olson Skildum var fødd i Luster 3.2.1836 som eldste son av Ole Larsson og Ragnhild Olsdotter, plassfolk på Heggelund under Skildeim i Luster.

 

Lars utvandra i 1860 til Columbia Co., WI og er nemnd i live då det i 1862 vart halde skifte etter mori i Luster.  Lars hadde fleire yngre søsken som utvandra til Amerika, og eg har gode opplysningar om dei fleste av dei.  Eg vart for mange år sidan fortald at Lars alias Louis O. Sheldon gjekk inn som soldat i den amerikanske borgarkrigen 1861-1865, men at han miste livet ved drukning, anten på slutten av krigen eller kort tid etter at krigen var slutt.

 

Er det mogeleg å finna fleire detaljar om lagnaden til Lars?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore for nytt innlegg om Louis Sheldon.

 

Jau, Anders «Andrew» var ein av brørne til Louis, og ein annan bror var Erik Olson.  Erik var bestefar til den nemnde Norbert Vorrie, som eg vitja i Iowa i 1982.  Den gongen levde ogso mor hans, og kan henda var det ho som fortalte meg at Louis var drukna like etter borgarkrigen...

 

Elles er det påfallande at ogso Andrew drukna under liknande omstende som Louis...  Det må vel finnast «service records» for båe brørne.  Det gjeld berre å finna ut kva ættenamn dei nytta som soldatar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja lagnadane til desse brørne!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.