Gå til innhold
Arkivverket

Christen Olson «Bergmand», fødd i Luster 1733 - koparverksarbeidar i Årdal og sidan i Kvinnherad - kva lagnad fekk han og kvar vart det av borni hans og søskeni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I utgongspunktet trudde eg at Christen Olson, fødd i Kilebotn under garden Kilen i Luster kring 1733 og nemnd i skiftet eter mori i 1741, var flytt med dei fleste søskeni sine til Gulen.  Dette synte seg vera feil, men so dukka det i 2017 opp eit emne starta opp av Atle Onar Knapskog: https://forum.arkivverket.no/topic/208407-christen-olsen-truleg-fødd-i-årdal-på-1730-talet/

Etter kvart vart eg og fleire med meg samde om at dette måtte vera «rett mann», og emnet som eg i dag legg fram, tek i store trekk utgongspunkt i sistnemnde tema.

 

Det er for meg ganske uklart kva som skjedde med borni til Christen Olson i Kvinnherad, bortsett ifrå at eldste dotteri tydeleg vart buande i Kvinnherad, medan yngste sonen fór til Bergen...

 

Og det er ogso svært so uklart kva som skjedde med søskeni til Christen.  Broren Ole Olson var tydeleg ogso «bergmann» i Årdal og sidan i Kvinnherad, men forsvinn.  Men om det var søsteri Gjertrud som i 1752 fekk ein son Torger Thomasson i Årdal som sidan var strandsitjar på Vikøyri i Vik, er kanskje meir usikkert...

 

Uansett, det hadde vore kjempekjekt om det let seg gjera komplettera denne biografien, og her følgjer eit opppdatert manuskript slik det ser ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Nilsson Kilebotten, frå Kolstad, var f. kring 1702 og vart gravlagd frå Kilebotn 15.6.1738.  Han gifte seg kring 1725 med Britha Østensdotter frå Berge i Dale.  Ho var f. kring 1700 og var som enkje attgift med gardbrukar og enkjemann Ole Knutson på Myklemyr i Jostedalen (1703-1741) og vart gravlagd derifrå 10.9.1741.  Ole og Britha tok over som plassfolk i Kilebotten frå kring 1732, og Britha budde her til ho i 1741 flytte til Myklemyr.  Kven som so hadde plassen i Kilebotn dei næraste åri. veit me ikkje sikkert, men det ser ut til at borni til Ole Nilsson har butt her, i alle fall ei tid, for eldste dotteri Gjertrud vart konfirmert her i 1751.  Me kjenner til seks born etter Ole og Britha i Kilebotn:

 1. Gjertrud Olsdotter, f. kring 1727, vart som nemnt konfirmert frå Kilebotn i 1751.

Gjertrud Olsdotter flytte

 

##### (lagnaden hennar? – ei Gjertrud Olsdotter «Jevnager» fekk ein son Torger, døypt i Årdal 30.7.1752 -

       barnefar Thomas Torgerson gardbrukar på Mjelde, Lærdal (1727-1802) - denne Torger Thomasson var

       truleg strandsitjar på Vikøyri i Vik 1801 - gift med Martha Paulsdotter og to søner Paul og Ingebrigt!?)

 

 2. Sølfest Olson, f. kring 1729, nemnd i Luster 1741

Sølfest Olson flytte

 

##### (lagnaden hans?)

 

 3. Østen Olson (1732-1732?)

 4. Christen Olson, f. kring 1733,

Christen Olson ser ut til å vera flytt i ganske ung alder til Årdal der me trur han gifte seg 28.8.1757 med Gjertrud Halvorsdotter frå

 

##### (kvar i Årdal voks ho opp?)

 

Ho var dotter av husmann og koparverksarbeidar Halvor Olson i Hagen under 

 

##### (kva gard?)

 

opphavleg frå

 

##### (opphavet hans på Voss?)

 

og kona Rønnaug Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Årdal 10.3.1726.  Christen arbeidde ei tid på koparverket i Årdal, og han og Gjertrud budde

 

##### (kvar budde dei?)

 

men flytte kring 1760 til Kvinnherad der Christen fekk arbeid på koparverket på Lilledal i Ølve.  Christen d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1769)

 

medan Gjertrud vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 2.2.1798.  Dei fekk fem born i lag:

 

##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?)

 

a. Britha Christensdotter, f. i Årdal 13.11.1756, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - e. 1801)

 

     Britha vart trulova i Kvinnherad 14.11.1779 (vigselsdato vantar) med Anders Tollefson frå Dale store i Kvinnherad, døypt i Kvinnherad 6.12.1744.  Han vart gravlagd frå Huse i Kvinnherad 7.8.1803.  Anders og Britha busette seg som strandsitjarar på ein plass under Huse i Kvinnherad og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Christen, døypt Dale store, Kvinnherad 30.1.1780 - n. 1801

            * Eli, døypt Sund, Kvinnherad 8.12.1781

            * Gjertrud, døypt Dale, Kvinnherad 2.2.1784

            * Tollef, døypt Wigen, Kvinnherad 24.9.1786

            * Kari, døypt Dale, Kvinnherad 18.10.1789

            * Hans Andreas, døypt Huse, Kvinnherad 26.11.1792 - n. 1801

            * Ole, døypt Huse, Kvinnherad 25.2.1795 - n. 1801)

 

b. Ole Christenson, f. i Årdal 25.2.1759,

 

     ##### (konf. Kvinnherad 1776 - n. faddar same stad 1780 - seinare lagnad?)

 

c. Rønnaug Christensdotter, døypt i Kvinnherad 11.7.1761,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

d. Eli Christensdotter, døypt i Kvinnherad 21.1.1764,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Nils Christenson, døypt i Kvinnherad 28.5.1767, d. som reipslagararbeidar i Bergen 14.4.1808.  Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 22.5.1791  med Karen Pedersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? - Gloppen?)

 

     Ho var f. kring 1752 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Nils var reipslagasvein, og han og Karen budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Christen, f. KK, Bergen 8.6.1791

            * Christiane Oline, f. DK, Bergen 6.2.1793

            * Nils Petersen, f. DK, Bergen 18.5.1796 - n. 1801

            * Paulina, f. 1797 - n. 1801

            * Maria, f. 1798 - n. 1801

            * Agatha, f. 1799 - n. 1801)

 

 5. Nils Olson, døypt 4.9.1735, nemnd i Luster 1741

Nils Olson flytte

 

##### (lagnaden hans?)

 

 6. Ole Olson, døypt ?.5.1738, nemnd i Luster 1741

Ole Olson flytte

 

##### (lagnaden hans? - truleg til Årdal og sidan gruvearbeidar Lilledal, Kvinnherad 1760-åri!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.