Gå til innhold
Arkivverket

Britha Larsdotter Hærum (1859-1883?) - utvandra frå Luster til Texas i 1877 - gift 1883 med søskenbarnet Thomas Thomasson Hærum frå Lærdal, som reiste attende til Noreg og ligg gravlagd på Norderhov! - er det mogeleg å finna dei detaljane som manglar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Soga til denne søsteri i Hærums-ætti frå Luster, som i 1877 utvandra til Amerika, er ganske so ulik soga til dei andre søskeni.  Far hennar sendte bod på ein brorson Thomas Hærum frå Lærdal, og han gifte seg med Britha.  Men lykken varte ikkje so lenge, for Britha døydde kort tid etter, og Thomas reiste heimatt til Lærdal.

 

Først i dag har eg med ein god slump «fantasi» greidd å finna vigsli i 1882 der brudgomen i registeret hjå ancestry er tolka som Thos HAMM: https://www.ancestry.com/interactive/9168/45605_b220551-00106?pid=25957187&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx17305&_phstart=successSource

 

Eg har derimot ikkje greidd å finna detaljane kring dødsfallet hennar, men kanskje er namnet endå meir feilskrivne, eller eg har berre ikkje leitt på rette staden?

 

Og dødsfallet til Thomas Hærum i Norderhov har eg heller ikkje fått tak i...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Britha Larsdotter Hærum, f. {i Luster} 27.1.1859,

Bertha Harum utvandra med foreldri til Amerika i 1877 og gifte seg i Fort Worth, Tx. 8.3.1883 med søskenbarnet Thomas Thomasson Hærum, i Amerika kjend som Thomas Harum, son av husmannssonen Thomas Jacobson herifrå Myrane under Hæri (1831‑1876) (sjå over).  Thomas var f. i Lærdal 28.8.1861 og utvandra til Amerika i 1880.  Men Bertha d.

 

##### (date and place of her death? - Fort Worth, TX about 1883?)

 

og i 1884 vende Thomas Hærum attende til Noreg.  Han gifte seg att i Lærdal 3.12.1886 med Ingeleiv Halvorsdotter frå Æ­ri i Lærdal, f. i Lærdal 3.2.1854.  Thomas Hærum var fargar og budde først ei tid på Lærdalsøyri, men han og Ingeleiv flytte sidan til Gol i Hallingdal der Ingeleiv d. 30.7.1939.  Thomas Hærum d.

 

##### (dato og stad for dædsfallet hans? - gravlagd Norderhov)

 

1945.  Thomas fekk fire born, som alle var frå andre ekteskapet med Ingeleiv Halvorsdotter.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.