Gå til innhold
Arkivverket

Christopher Haaverson (Hagen?) - fødd i Vang, Valdres 1825 - til Amerika i 1866 med kone Anna - siste kjende bustad 1885 i Warsaw township, Goodhue Co., MN - kvar vart det av denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg først vart merksam på for nokre år sidan, men som ikkje vart teken med den gongen eg skreiv om foreldri i Luster, av den enkle grunn at denne eldste sonen av Haaver Jørgenson og Ingeborg Olsdotter på Talle i Luster ikkje flytte med foreldri frå Vang til Luster.

 

Ikkje desto mindre ønskjer eg no å samla ein del opplysningar om dei, om eg berre hadde greidd å finna dei att...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript med det eg veit so langt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Haaverson {Berge}, f. i Vang 24.9.1825,

Christopher Haaverson flytte ikkje med far sin til Luster, men gifte seg i Vestre Slidre 17.6.1864 med Anna Tollefsdotter frå Jarstad i Vestre Slidre.  Ho var dotter av husmann Tollef Helgeson på Jarstadmarki under Jarstad, opphavleg frå Nesja, og kona Anna Knutsdotter frå ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Viste og f. i Vestre Slidre 5.5.1844.  Parfolket budde ei kort tid som innerstfolk på Berge i Vang, men utvandra til Amerika i 1866. 

 

##### (lagnad i Amerika? - resided 1870 as a laborer «Holverson» i St. Ansgar township, Mitchell Co., IA – still at St. Ansgar 1873 – shall also have lived near Carpenter, Mitchell (or Worth?) Co., Ia. in the 1870’s –  1885: farming in Warsaw township, Goodhue Co., MN - then «Christopher Hagen» with wife Ingeborg, born 1837)

 

##### (date and place of his death?)

 

##### (date and place of her death?)

 

Dei fekk fire born i lag:

 

##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

a. Ingeborg, kjend som Emma Hoverson, f. i Vang 16.9.1864,

 

     ##### (nemnd 1873 - biography?)

 

b. Anna Tonette Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868,

 

     ##### (nemnd 1873 - biography?)

 

c. Endre Olaus Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 10.9.1870,

 

     ##### (nemnd 1873/1885 (Edw) – confirmed Vang, Dennison, MN 1885 - biography?)

 

d. Christine Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 27.1.1873,

 

     ##### (nemnd 1885 - confirmed Vang, Dennison, MN 1887 - biography?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er ikkje overtydd om at dei har skrive seg for Hoverson.  I 1885 står dei som Hagen, men om det er retningsgjevande, veit eg ikkje...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

32 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Anna Tonette Hoverson, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868,

     ##### (nemnd 1873 - biography?)

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60722&h=325866&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=iYz1180&_phstart=successSource

 

Anne Tonetta C Hagen

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

 

Name: Anne Tonetta C Hagen
Death Age: 19
Record Type: Burial
Birth Date: 15 Nov 1868
Birth Place: Shell Rock, Iowa, USA
Death Date: 14 Jan 1888
Burial Date: 20 Jan 1888
Father: Christopher Horrisen Hagen
Mother: Anne Tollefsdatter
Church Name: Vang Lutheran Church
Church Location: Dennison, Minnesota
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for interessante og nyttige innlegg!

 

Då veit me at huslyden var komen til Minnesota før 1883, og dotteri Anna Tonette døydde ugift i 1888.  Det er berre so merkeleg at me ikkje kan finna dei i FT1880!  Og eg ser ikkje spor etter nokon i denne huslyden i FT1900!

 

Dette er ei skikkeleg utfordring, men eg er som alltid optimist og trur dei skal komma til rette ein eller annan stad!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne huslyden i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Det er ingen tvil om at du har finne huslyden i FT1880, og spennande er det jo òg å sjå at Christopher gifte seg att.med Ingeborg Knutsdotter frå Nørsving i Vang, Valdres, fødd der 25.10.1836 og utvandra til Amerika i 1850 i lag med foreldri Knut Gudmundson Nærsving (1811-1881) og kona Ingeborg Bøyesdotter (1817-1872).  Gerhard Naeseth omskriv denne huslyden i boki si om emigrantar frå Noreg i 1850 på side 85/86 og seier om Ingeborg at ho gifte seg med Christopher Hagen og budde i Maynard,. MN.  Ho døydde i 1914.

 

Her finn eg dødsattesten hennar hjå FamilySearch:

 

Name: Ingebor Hagen
Gender: Female
Burial Date: 15 May 1915
Death Date: 11 May 1915
Death Place: Maynard, Chippewa, Minnesota
Age: 78
Birth Date: 25 Oct 1836
Birthplace: Norway
Occupation: None
Race: White
Marital Status: Widowed
Father's Name: Kirut Norsving
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway

 

Då hadde det jo vore spennande om ein obituary er tilgjengeleg...  Den KAN nemna steborni hennar...

 

Og då er nok dette dødsfallet til Christopher Hagen 5.11.1890 i Rice Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9DL-4JRB

 

Men korleis finn me borni hans?

 

Og lagnaden til første kona Anna?  Kanskje finst det ein obituary ogso etter Christopher?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vidare leiting etter denne huslyden har i dag vore utan resultat, men eg har i alle fall reinskrive manuskriptet mitt, som no ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Haaverson {Berge}, f. i Vang 24.9.1825,

Christopher Haaverson flytte ikkje med far sin til Luster, men gifte seg første gongen i Vestre Slidre 17.6.1864 med Anna Tollefsdotter frå Jarstad i Vestre Slidre.  Ho var dotter av husmann Tollef Helgeson på Jarstadmarki under Jarstad, opphavleg frå Nesja, og kona Anna Knutsdotter frå ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Viste og f. i Vestre Slidre 5.5.1844.  Parfolket budde ei kort tid som innerstfolk på Berge i Vang, men utvandra til Amerika i 1866. 

 

##### (lagnad i Amerika? - 1870: laborer «Holverson» in St. Ansgar township, Mitchell Co., IA – 1873 still there – shall also have lived near Carpenter, Mitchell (or Worth?) Co., Ia. in the 1870’s – 1880: farmer «Overson» widowed in Webster township, Rice Co., MN - 1885: farmer «Hagen» in Warsaw township, Goodhue Co., MN)

 

Anna d.

 

##### (date and place of her death? - prior to 1880!)

 

og Christopher Hagen gifte seg att i Rice Co., Minn. 9.9.1882 med Ingeborg Knutsdotter frå Nordsvind i Vang, Valdres, i Amerika kjend som Ingeborg Norswing.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Gudmundson på Nordsvind og kona Ingeborg Bøyesdotter frå Bøe nordre og f. i Vang 25.10.1836, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1850.  Christopher d. i Rice Co., Minn. 5.11.1890, og som enkje flytte Ingeborg Hagen til ein bror i Vang township, Renville Co., Minn. og sidan vidare til Maynard, Chippewa Co., Minn. der ho d. 11.5.1915.  Christopher fekk i alt fire born, som alle var frå første ekteskapet:

 

##### (sjekka at alle er medkomne?)

 

a. Ingeborg, kjend som Emma Hagen, f. i Vang 16.9.1864,

 

     ##### (nemnd 1873 - biography?)

 

b. Anna Tonette Hagen, f. i Mitchell Co., Ia. 15.10.1868, d. ugift i Goodhue Co., Minn. 14.1.1888.

c. Endre Olaus Hagen, f. i Mitchell Co., Ia. 10.9.1870,

 

     ##### (nemnd 1873/1880 (Andrew)/1885 (Edw) – biography?)

 

d. Christine Hagen, f. i Mitchell Co., Ia. 27.1.1873,

 

     ##### (nemnd 1880/1885/1887 - biography?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er merkeleg kor godt denne huslyden gøymer seg «over there», men eg er ein evig optimist og takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna dei att!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.