Jump to content
Arkivverket

Ola Johannesson Grindstugu og Ragnhild Persdatter fra Lom


HelgeHånes

Recommended Posts

Eg skulle gjerne ha opplysningar om Ola Johannesson Grindstugu, f. ca. 1769, gift 1796 med Ragnhild Persdatter, f. ca. 1754, begge frå Lomstraktene.

Ola skal ha vore enkjemann ved giftarmålet med Ragnhild. Ho hadde ein son frå før med ein Syver Person. I 1797 står dei som brukarar i Botten (kan ha vore Randen). Året etter, 1798, var dei husmannsfolk på Grindstugu, ein plass under Lyngvesgardane, øvst i Vårdalen i Lom. Ved folketeljinga i 1801 var Ola "jordløs huusmand og betler" ein stad under Nordgard Lyngve. Ragnhild døydde visstnok i 1824. Ola døydde i 1828, begge som legdslemer på Randen. Opplysningane er tekne frå BB for Lom 1 https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2013082008122?page=313

 

Ola si dødsinnføring har eg funne. Han døydde 28. desember 1828:   https://www.digitalarkivet.no/kb10040807091097  Dødsinnføringa til Ragnhild har eg ikkje funne.

 

Vigselen har eg også funne: Truloving 12. okt? 1796, giftarmål 24 okt. 1796: Enkemand Ole Johansen Botten og Ragnhild Pedersdatter Grønen. https://www.digitalarkivet.no/kb20070603500113

 

Er det nokon som kan hjelpe med å finne forfedrene til desse to?

 

Link to comment
Share on other sites

Skudd i blinde. Fant denne på Familysearch. Ser at faren her heter Peder Jakobsen. Og på ft 1801 har Ole og Ragnhild en sønn som heter Jakob... Et laaaangt skudd - jeg vet det. 😁

 

Name: Ragnild Pedersen

Event Type: Christening

Event Date: 1 Sep 1754

Event Place: Vågå, Oppland, Norway

Event Place (Original): Vaagaa, Opland, Norway

Gender: Female

Father's Name: Peder Jakobsen

Link to comment
Share on other sites

Takk for innspel. Eg trudde Ragnhild Persen/Pedersen var frå Lom, men har ikkje funne noko dåpsinnføring der i 1754. Men når eg leitar i Vågå på datoen du nemner, Trude, då finn eg ei Ragnhild innført på 12 søndag etter trieining, som fell på 1. september i 1754. Faren er som du siterer frå FS ein Peder Jacobsen. Innføringa er å finne her, side 30, høgre del, høgre kolonne, innføring nr. 7 nedanfrå:   https://www.digitalarkivet.no/kb20070603520272   

Kanskje kan fadrane gje ein peikepinn om vidare opphav, men eg er ikkje i stand til å tyde dei. Treng sikkert litt lokalkjennskap til gardsnamna for å kunne bestemme dei.

Det du antydar når det gjeld sonen Jakob, som kan vere ei oppkalling av farfar til Ragnhild, er vel mogeleg. Det avheng vel litt av oppkallingsskikkane i distriktet på den tid.

Link to comment
Share on other sites

E(rik?) Raastad, Christen Holen, ? Haugen, ?, Marit Holen(?)

Råstad, Holen og Haugen er i området Skogbygda/Skårvangen i Vågå. 

 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.