Lars E. Øyane Posted May 18, 2020 Share Posted May 18, 2020 (edited) Eg har i årevis freista finna ut av dødsfallet til denne jenta frå Hafslo: Maria Johannesdotter MOE, fødd i Hafslo 22.12.1875. Ho gifte seg «godt vaksi» i Sogndal 9.7.1919 med enkjemannen Anders Erikson AARØEN, fødd i Sogndal 20.4.1865. Dei budde i Sogndalsfjøra, men Anders døydde på gamleheimen i Sogndal 28.8.1942. Maria levde att som enkje i 1942, men dødsfallet hennar er IKKJE registrert i Sogndal. No har eg nettopp fått greie på at ho på sine «gamle dagar» skal ha flytt til Tronvika på Kyrkjebø, Lavik og døydde i svært høg alder, truleg på 1960-talet. MEN, eg kan ikkje finna ho i dødslistene for Noreg som børjar kring 1951, so no lurer eg på om kanskje andre har betre leiteteknikkar enn meg? Eg ville setja stor pris på å få greie på dato og stad for dødsfallet hennar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Edited May 18, 2020 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Odd Einar Tømmerås Posted May 18, 2020 Share Posted May 18, 2020 Hei Lars Æ gikk på gymnaset i Harstad på 80 tallet med ei tøtta der forfedran kom fra vest A.B.Aarøen het ho Bibbe De va her 2-3 generasjona før ho Odd Tømmerås Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 22, 2020 Share Posted May 22, 2020 (edited) Er denne sjekket ut? Fødselsdato og år er ikke det du oppgir... https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001404881 Edited May 22, 2020 by Sven Hjortland Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 22, 2020 Author Share Posted May 22, 2020 Hjarteleg takk til Odd og Sven for nye spennande innlegg! Familie Aarøen i Harstad har eg ingen kjennskap til. Dei hadde nok opphav frå Sogndal... Når det gjeld Maria Aarøy frå Gulen, som døydde i 1957, KAN det vera «vår» Maria, men fødselsdatoen stemmer ikkje heilt... Denne Maria vert oppgjevi fødd 5.10.1874, men no finst det ikkje nokon Maria fødd på den datoen, korkje i Hafslo eller i Sogndal, so sjansane er vel ganske gode for at det er ho! Me lyt sjekka med kyrkjekontoret i Gulen! Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne kjempeutfordringi! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Jon Sværen Posted May 22, 2020 Share Posted May 22, 2020 Eg fekk 28 stk kvinner f 22.12.1875, som døydde mellom 1951-70. Den som «passar best» er Marie Westerlid. Sjå sjølv: https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=&lastname=&gender[]=f&birth_year_from=1875&birth_year_to=1875&birth_date=12-22&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1951&event_year_to=1970&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=&sort=ed Marie W her: https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001701045 ——— Dersom det er ho, kvifor navnebytte ??? Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 22, 2020 Author Share Posted May 22, 2020 Hjarteleg takk til Jon for ny melding om denne saki. Me skal aldri seia aldri, men eg lyt tilstå eg har sterk tvil på om det kan vera Marie Westerlid me leiter etter. Men me kan ho i tankane dersom Maria Aarøy i Gulen ikkje skulle slå til... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars Johannessen Posted May 22, 2020 Share Posted May 22, 2020 41 minutter siden, Jon Sværen skrev: Eg fekk 28 stk kvinner f 22.12.1875, som døydde mellom 1951-70. Den som «passar best» er Marie Westerlid. Sjå sjølv: https://www.digitalarkivet.no/search/persons/advanced?from=&to=&firstname=&lastname=&gender[]=f&birth_year_from=1875&birth_year_to=1875&birth_date=12-22&birth_place=&domicile=&position=&event_year_from=1951&event_year_to=1970&event_date=&related_first_name=&related_last_name=&related_birth_year=&sort=ed Marie W her: https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001701045 ——— Dersom det er ho, kvifor navnebytte ??? Dødsannonser i Bergens Tidende 17. og 20. juli 1961 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 22, 2020 Author Share Posted May 22, 2020 Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget! Då veit me at Marie Westerlid IKKJE kan ha vore «vår» Maria Johannesdotter, og me lyt vona vidare på jenta frå Gulen... Link to comment Share on other sites More sharing options...
Sven Hjortland Posted May 23, 2020 Share Posted May 23, 2020 9 timer siden, Jon Sværen skrev: Den som «passar best» er Marie Westerlid. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036699000528 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted May 23, 2020 Author Share Posted May 23, 2020 Hjarteleg takk til Sven for ei endeleg stadfesting av at Marie Westerlid er eit «blindspor»! No har eg bede ein ættling av Maria om å ta kontakt med kyrkjekontoret i Gulen, so får me sjå kva resultat det gjev.... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted June 4, 2020 Author Share Posted June 4, 2020 So har me endeleg fått ei stadfesting av at det var «vår» Maria Aarøy som døydde i Eivindvik, Gulen 5.10.1957. Ho budde mange år på Tronvika sjukeheim på Kyrkjebø, men døydde altso i Eivindvik. Gravferdsmessa vart halde i Eivindvik, men ho er ikkje gravlagd, korkje i Gulen eller på Kyrkjebø! Merkeleg. Men problemet er i alle fall løyst! Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi! Torbjørn Igelkjøn 1 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now