Jump to content
Arkivverket

Helge Gullakson (Trondskog), fødd kring 1806 - truleg i Slidre, konfirmert i Hafslo i 1822 - kvar vart det av denne guten?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Denne kjempeutfordringi er ei av dei eg vonar å finna ei løysing på når kyrkjebøkene for heile landet for heile 1800-talet ein gong vert søkbare på m.a. Digitalarkivet:

 

Helge Gullakson (Trondskog), truleg fødd i Slidre, Valdres kring 1806 av foreldri Gullak Pederson frå Høyme i Slidre og Anna Olsdotter frå Helle i Vang, kom med foreldri sine til Hafslo kring 1817 og vart konfirmert her i 1822: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/90

 

Ved avansert søk hjå Digitalarkivet i dag, er det berre ein aktuell «kandidat» til «vår» Helge, og han budde på Vevlen i Vang: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038077003098

men denne har FamilySearch kobla til ein annan huslyd: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VW2B-F61

 

So kvar vart det av «vår» Helge?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Annen kandidat?

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60093&h=225889&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=nTi354&_phstart=successSource

 

image.png.8bfa427e78a9f515146f89635afbb360.png

 

og 

 

SAKO, Flesberg kirkebøker, G/Ga/L0003: Klokkerbok nr. I 3, 1861-1889, s. 346
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070315660248
 

 

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Frank Marton for nye spennande innlegg!

 

Diverre syner det seg gjennom ymse family trees hjå ancestry.com at Helge Gulliksen i Renville Co., MN er identisk med Helge Gullikson Veflen frå Vang, som må ha utvandra ein gong sist på 1860-talet (for i 1870 var han og kona busette i Goodhue Co., MN!)

 

Når det gjeld Hellik Gullikson i Flesberg,  so må det vera denne karen frå FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038096001015

 

Sjølv om eg ikkje kan finna nokon Hellik Gullikson fødd i Flesberg på den tidi, trur eg neppe at han kan vera fødd i Valdres og oppvaksen i Sogn.  Den flyttingi ville vera ganske so «oppsiktsvekkjande»...

 

Men eg er svært takksam for tapre freistnadar og takkar på ny for framifrå innsats!

Link to comment
Share on other sites

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.