Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Kan arkivverket vera vennleg å endre overskrifta i eit emne?

Det gjeld denne tråden, saka er LØYST:

 

 

Osel Severin Olsen Dahl, f.1886 i Barbu, Arendal, d. 1944 i mineeksplosjon, då b. Os, Hordaland. Død kvar? Korleis?

Av Terje Hatvik, April 13, 2019 i Brukernes eget forum 

Terje Hatvik   

Terje Hatvik

I mi nitide leiting etter folk frå Os (osingar) som omkom av krigsrelaterte hendingar og/eller under krigstilknytte omstende i åra 1939 - 1945 kom eg over ein kar som synte seg å vera ei nøtt for meg. Men kanskje ein eller ei her kan hjelpa meg no når eg står fast?

 

Dette gjeld følgjande kar:

Gift mann Osel Severin Olsen Dahl, f. 13. september 1886 i Barbu, Arendal, Aust-Agder, son av arbeider Wilhelm Olsen Dahl; d. den 6. november 1944 i ein mineeksplosjon.

Då var han busett på Moberg (Osøyri) i Os, Hordaland; men blei gravlagt i Bergen. Men kvar fann no denne mineulykka/ eksplosjonen stad? Truleg i Hordaland ein stad, javel - men kvar? Og korleis??

 

Døde i Os 1885 - 1973:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=OS1885

 

FT 1900 for Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335012909

 

FT 1910 for Stavanger:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036615019669

 

Borgerlig vigsel i Bergen i 1923 (ikkje 1922):

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001491586

 

Osel Severin Dahl var løsarbeidar og sjømann. Og for ordens skuld: Han er ikkje nemnt i storverket "Våre Falne", Centraltrykkeriet, Oslo, 1949 - 1951.

Endret April 14, 2019 av Terje Hatvik 
Språkrensk og presisering
 

Terje Hatvik   

Terje Hatvik
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  #3

Formidabelt Egil. - Heilt suverent!

Her får vi svart på kvitt enno ein gong eit bevis på at det (dessverre) er ein del hól og manglar i det elles flotte oppslagsverket "Våre Falne". Ei ny brikke i det store puslespelet er på plass. Mange takk 🙂

Terje Hatvik   

Terje Hatvik
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  #4

Men kor hen reint konkret i Bergen- og omegn var no dette landminefeltet som Osel Severin Dahl omkom i den 6. november 1944? (- Det fann eg ikkje ut av ut frå Egil sin lenke). Låg då minefeltet t.d. rundt ein fangeleir som Espeland i Arna eller Ulven i Os? Eller kan hende rundt ein tysk militær installasjon som eit kystfort, ei luftvernstilling, eit kanonbatteri, ein ubåtbase eller liknande??

Endret April 16, 2019 av Terje Hatvik
 
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  #5

Landminer (i Norge) var ikkje noko ein skreiv om i Bergens Tidende under krigen.

Nokre få tilfelle finn ein i BT sine arkiv - det meste handlar om Russland.

Endret April 16, 2019 av Jostein Stokke

Terje Hatvik   

Terje Hatvik
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  #6

Her er den borgarlege vigslen til (Osel) Severin Dahl, den 24. november 1923 i Bergen. Då er han anleggsarbeidar og fengselsfugl:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/37633/61?indexing=

 

Kona Kristofa Margrethe Olsen, f. 17. februar 1884 i Bergen, er kokke av yrke.

(Osel) Severin Dahl var som ein ser født 13. september 1886 i Barbu, Arendal.

Endret Mai 7, 2019 av Terje Hatvik
 

Terje Hatvik   

Terje Hatvik
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  #7

I følgje ei nærverande og nolevande kjelde - vedkomande var 13-14 år gml. hausten 1944, så skjedde denne tragiske mineulykka ikkje så langt frå Osøyro (Osøren), i eit minefelt som då omkransa ein tysk kanonstilling (dvs. eit luftvernbatteri, antiluftskyts). Så då veit vi dét. 🙂

Endret Mai 28, 2019 av Terje Hatvik

Terje Hatvik   

Terje Hatvik
  •  
  •  
  •  
  •  
  •  #8

Ei lita oppdatering her:

 

Dette minefeltet i Os som løsarbeider (Osel) Severin Dahl omkom i den 6. november 1944, låg i utmarka til Haugegardane i Os, oppom bygdesenteret Osøyro og Solstrand Fjord Hotel.

 

I følgje ei nolevande kjelde her i Os så hadde ekteparet Dahl hund, og då dei gjekk tur med hunden sin så sprang denne inn i minefeltet. Dahl prøvde då å redda den firbeinte, men både han og hunden omkom.

 

Saka er løyst og eg takkar alle for god hjelp 🙂

Endret Mai 2 av Terje Hatvik
  •  
  •  

-------------------------‐‐----------

På førehand mange takk!

Endret av Terje Hatvik

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.