Gå til innhold
Nasjonalarkivet

LØYST: Guri Johnsdotter Wigdahl (1826-1907) - til Wisconsin i 1854 - opplysningar om dødsfallet hennar - lagnaden til stedotteri Anna Wigdahl Olson (1845- )?


Recommended Posts

Dødsfallet til Guri Wigdahl i Amerika samt lagnaden til stedotteri hennar Anna Wigdahl Olson i Amerika er utfordringar som eg har jobba med i over 30 år, men som eg aldri har greidd å finna ei løysing på.  Kanskje tidi er komi til å finna eit svar på desse attverande spørsmåli?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt;

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson Wigdahl, frå Nedre Vigdalen, Vigdalen (bnr. 3), var f. 14.7.1822 og gifte seg første gongen 25.6.1844 med Britha Johannesdotter  frå Kvalsøyri under Kvale.  Ho vart døypt 27.2.1820, men d. som husmannskone i Vigdalen alt 24.12.1846.  Christopher gifte seg så att 28.3.1854 med Guri Johnsdotter frå Dalen under Åsen, f. 16.11.1826.  Christopher Pederson fekk 30.5.1844 feste på plassen i Skaret mot at han skulle yta kår til Anders Guttormson, og han kom til å driva plassen fram til 1854.

Christopher og Gurina Wigdahl utvandra til Amerika i 1854 og slo seg ned som farmarar i Christiana township, Vernon Co., Wis. der Christopher d. 9.10.1875.  Gurina Wigdahl flytte som enkje med sonen John P. Wigdahl i Crooks township, Renville Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet attende til Westby, Vernon Co., Wis. der ho d.

 

 

##### (exact date of her death?)

 

 

.8.1907.

Christopher Pederson fekk to born i første ekteskapet med Britha Johannesdotter, som båe var fødde i Vigdalen:

 1. Anna Christophersdotter, f. 23.3.1845,

Anna C. Wigdahl utvandra til Amerika med faren og stemori i 1854 og voks truleg opp hjå dei i Vernon Co., Wis. 

 

 

##### (supposedly married a man named Olson – further info? - kjem i eige tema!!)

 

 

 2. Kirsti Christophersdotter (1846-1846).

Dette var altså borni som Christopher Pederson fekk i Luster.

Men Christopher Wigdahl fekk òg fem born i andre ekteskapet sitt med Gurina:

c. John Henry Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 5.1.1856, d. i Vernon Co., Wis. 20.1.1856.

d. Peder Johannes, kjend som John P. Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 2.2.1857, d. i Minnewaukan, N.D. 18.2.1934.  John gifte seg i Vernon Co., Wis. 24.10.1879 med Helene Marie, kjend som Mary Olson, f. i Vernon Co., Wis. 26.9.1861.  Ho d. i Minneapolis, Minn. 10.9.1950.  John og Marie Wigdahl farma ei tid i Christiana township, Vernon Co., Wis., men flytte i 1893 til ein farm i Crooks township, Renville Co., Minn.  I 1931 flytte dei som pensjonistar til Minnewaukan, Benson Co., N.D., men som enkje flytte Mary til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk i alt tolv born i lag.

e. Gjertrud Marie, kjend som Mary Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 22.3.1859, d. i Westby, Wis. 21.7.1925.  Mary gifte seg i Vernon Co., Wis. 11.5.1877 med Andreas, kjend som Andrew J. Hagen.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 11.9.1858 og d. i Westby, Wis. 20.11.1935.  Andrew og Mary Hagen farma i Christiana township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born i lag.

f. John Henry, kjend som John H. Dale, f. i Vernon Co., Wis. 8.2.1861, d. i Renville, Minn. 24.10.1946.  John gifte seg i Renville Co., Minn. 10.10.1892 med Lydia Olson, f. i Vernon Co., Wis. 3.4.1874.  Ho d. i Minneapolis, Minn. 18.5.1957.  John var landhandlar og sidan banksjef («general merchant and banker»), og han og Lydia budde levetidi ut i Renville, Renville Co., Minn.  Dei fekk seks born i lag.

g. Karen Susanne Wigdahl, f. i Vernon Co., Wis. 18.8.1865, d. i Havre, Mont. 14.2.1941.  Karen gifte seg i Vernon Co., Wis. 23.12.1884 med Peter J. Hagen, f. i Vernon Co., Wis. 24.9.1862.  Han d. i Hingham, Mont. 17.10.1917.  Peter og Karen farma ei tid i Christiana township, Vernon Co., Wis., men Peter var sidan kornhandlar («grainbuyer»), og han og Karen budde då i Westby, Vernon Co., Wis.  Kring 1912 flytte dei so til ein farm nær Rudyard, Hill Co., Mont., men frå 1922 budde Karen i Havre, Hill Co., Mont.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Med omsyn til dødsfallet hennar Guri kan eg nemna følgjande:

 

Frå FamilySearch denne gravferdsmeldingi: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XLMP-638
 
Guri Wigdahl i 1900 Renville Co., MN (busett hjå sonen Peter): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6949-V7T
 
Guri Wigdahl i 1905 Vernon Co., WI (busett åleine): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-PFF
 
Kanskje kan det finnast ein liktale (obituary) for ho Guri?
 
Her er Christopher og Guri i FT1860, men diverre er dotteri Anna ikkje nemnd: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-96P2
 
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
Endret av Lars E. Øyane

So har eg motteke frå Amerika ein kopi av dødsattesten til Guri frå Westby, WI 30.8.1907:

 

So den delen av problemet er løyst!

 

Men kva so med dotteeri Anna?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Guri Wigdahl.jpg

Eg har i dag finne att eit notat eg gjorde for 25 år sidan om dotteri Anna, fødd 1845, som eg fekk frå ein etterkomar i Amerika.  Dette har eg no arbeitt vidare på og legg saki ut som eige tema!

 

Dette emnet om Guri Wigdahl er soleis heilt løyst!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.