Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Susanna Jackson (Lerum) Helmcamp (1863-1958) - frå Luster til Texas - manglande detaljar om døtrene og vigslene deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Susanna Gjertsdotter Lerum alias Susie Jackson var fødd i Luster 9.3.1863, men utvandra til Amerika i 1881 og busette seg i Ft. Worth, TX der ho vart gift og fekk fire døtrer!

 

Eg har i mange år slite med å finna fleire av vigslene til døtrene hennar, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg?  Kanskje finst det avisoppslag?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Susanna Gjertsdotter Lerum, f. {i Luster} 9.3.1863,

Susie Jackson Lerum utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Ft. Worth, Tx. 12.4.1888 med William Ferdinand, kjend som Fredrick Helmcamp, f. i Ripley Co., Ind. 15.4.1867.  Fredrick var ei tid spannkøyrar («teamster»), men vart sidan fôrhandlar («feedstore owner and operator»).  Susie var i 1923 ein tur til Noreg på vitjing, men elles vart ho og Fredrick buande levetidi ut i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx.  Fredrick d. i Ft. Worth, Tx. 9.9.1940, medan Susie Helmcamp d. same staden 18.12.1958.  Dei fekk fire døtrer i lag:

a. Lillian Henrietta Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 22.10.­1888, d. i Ft. Worth, Tx. 4.5.1959.  Ho gifte seg i Ft. Worth, Tx. 2.6.1910 med Leon Roy, kjend som Roy Ellis.  Han var f. i Memphis, Tenn. 15.6.1888 og d. i Ft. Worth, Tx. 14.11.1972.  Roy Ellis var kolonialkjøpmann («grocer»), og han og Lillian budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx.  Dei fekk fire døtrer i lag.

b. Edna Claudine Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 30.4.1890, d. i Midland, Tx. 2.5.1965.  Ho gifte seg første gongen i Ft. Worth, Tx. 28.10.1909 med John Wells Dawson, f. på Manhattan, N.Y. 27.2.1881.  John var elektrikar («electrician»), og han og Edna budde for det meste i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. der John sette livet til ved eit ulukkeshende 30.6.1928.  Edna gifte seg so 9.4.1932 att i Kansas City, Mo. med Edward Thornton Marsh, f. i Henry Co., Mo. 11.2.1892.  Edward var dyrlækjar («veterinarian») og d. i Midland, Tx. 20.4.1965.  Edward og Edna budde i St. Joseph, Buchanan Co., Mo. og i Odessa, Ector Co., Tx., men flytte i 1955 som pensjonistar til Midland, Midland Co., Tx.  Edna fekk fire born, som alle frå første ekteskapet.

c. Mabel Willie Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1892, d. i Ft. Worth, Tx. 17.12.1967.  Mabel gifte seg

 

     ##### (date and place of Mabel’s marriage? – 1913/1914? – Worth Co., TX?)

 

     med Roger Cleveland Neely, f. i Harland Co., Ky. 16.1.1886.  Han d. i Ft. Worth, Tx. 18.1.1964.  Roger Neely var trygdeagent (”insurance salesman”), og han og Mabel budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx.  Dei fekk ein son i lag.­

d. Ida Marguerite, kjend som Marguerite J. Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1899, d. i Ft. Worth, Tx. 24.8.1944.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of Marguerite’s marriage? – 1918? – Worth Co., TX?)

 

     med John William Gorden, f. i Cisco, Tx. 26.9.1896.  Han d. i Ft. Worth, Tx. 21.5.1955.  John Gorden var bokhaldar («accountant»).  Han og Marguerite budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. og fekk to døtrer i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars Johannessen
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Edna gifte seg so att

 

 

 

     ##### (date and place of Edna’s 2nd marriage? – after 1930!)

 

 

 

     med Edward Thornton Marsh, f. i Henry Co., Mo. 11.2.1892. 

Vielse i Buchanan, Missouri 9. april 1932

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G94V-LVCJ?i=525&cc=2060668&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3A2CCK-9W4

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Eg har nettopp oppdatert manuskriptet i innlegg #1 med den nemnde datoen!

 

Eg lurer på om delar av vigselsregisteret for Ft. Worth, TX kanskje manglar og soleis vanskeleggjer svar på dei andre vigselsspørsmåli??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
På 30.6.2020 den 19.38, Lars E. Øyane skrev:

c. Mabel Willie Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1892, d. i Ft. Worth, Tx. 17.12.1967.  Mabel gifte seg

 

     ##### (date and place of Mabel’s marriage? – 1913/1914? – Worth Co., TX?)

 

     med Roger Cleveland Neely, f. i Harland Co., Ky. 16.1.1886.  Han d. i Ft. Worth, Tx. 18.1.1964.  Roger Neely var trygdeagent (”insurance salesman”), og han og Mabel budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx.  Dei fekk ein son i lag.­

Vielsen var 3. april 1913

https://www.newspapers.com/clip/54532159/mabel-helmcamp/

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
På 30.6.2020 den 19.38, Lars E. Øyane skrev:

d. Ida Marguerite, kjend som Marguerite J. Helmcamp, f. i Tarrant Co., Tx. 18.12.1899, d. i Ft. Worth, Tx. 24.8.1944.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of Marguerite’s marriage? – 1918? – Worth Co., TX?)

 

     med John William Gorden, f. i Cisco, Tx. 26.9.1896.  Han d. i Ft. Worth, Tx. 21.5.1955.  John Gorden var bokhaldar («accountant»).  Han og Marguerite budde i Ft. Worth, Tarrant Co., Tx. og fekk to døtrer i lag.

 

https://www.newspapers.com/clip/54532622/marguerite-helmcamp/

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.