Gå til innhold
Arkivverket

Peder Torkildson (Ødegaard) - fødd i Luster 1692 - flytt frå Luster kring 1740 med kone og to born - dotteri Sophia gift med ein verksarbeidar i Årdal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Huslyden til leiglendingen Peder Torkildson på Øygarden i Luster, fødd 1692, har vore eit stort «mysterium» i mange år.

 

Men no er eg komen på spor etter ei som eg trur må vera dotteri hans - og ho var gift med ein verksarbeidar i Årdal.  Det er likevel ikkje mykje eg greier finna om desse folki, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare:

 

Her følgjer eit oppdatert utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Torkildson Ødegaard, frå Ottum, var f. kring 1692 og gifte seg kring 1720 med ei Britha Ingebrigts­dotter, som me trur var frå Bringe, f. kring 1699.  Peder Torkildson flytte truleg til Øygarden kring 1725 og fekk 24.9.1727 formelt bygsel på bruket; 16.12.1733 fekk han dessutan bygsel på ein tilleggsparsell frå Ottum, truleg i Mordølebakken.  Peder og Britha vart sidan buande på Øygarden til kring 1740.­

Peder og Britha flytte kring 1740 til

 

##### (seinare lagnad? – dødsfalli deira?)

 

Me kjenner til fire born etter Peder og Britha, alle fødde i Luster:

 1. Unemnt barn (1721-1731).

 2. Unemnt barn (1731-1731), 27 veker gamalt.

 3. Sophia Pedersdotter, døypt 15.12.1733,

Sophia Pedersdotter flytte nok med foreldri kring 1740

 

##### (seinare lagnad? – ei Sophia Pedersdotter gifte seg i Årdal 8.11.1755 med ein Peder Torstenson – kan det vera ho? – ei Sophia Pedersdotter d. i Årdal 6.9.1765 (32 år) - dei fekk i alle fall to døtrer:

       * Gjertrud Pedersdotter, f. i Årdal 25.8.1757

       * Britha Pedersdotter, f. i Årdal 13.12.1760)

 

 4. Kari Pedersdotter, døypt ?.5.1737,

Kari Pedersdotter flytte nok òg med foreldri kring 1740

 

##### (seinare lagnad?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.