Gå til innhold
Arkivverket

Peder Johannessen, bøkkarsvein frå Luster (1808) og Cecilie Gjetlesdotter frå Slettebakken (1813) - huslyd i Bergen med tolv born, men nesten heile familien forsvinn før 1865 - kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Peder Johan Pederson Johannessen, f. i Bergen 21.9.1840, d. i Bergen 27.9.1925.  Han gifte seg i Bergen 15.10.1865 med Bertha Christine Petersen, f. i Bergen 31.10.1835.  Ho d. i Bergen 13.11.1915.  Peder Johan Johannessen var bøkkarsvein, og han og Bertha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – fire?)

 

     born i lag.

 

Jeg finner syv barn:

 

Cecilie Jetline, f. DK, Bergen 18.3.1865:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070223680295

Hans Nikolai, f. DK, Bergen 9.8.1866:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070223680113

Peter Johan, f. NK, Bergen 15.10.1868:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070301670444

Birthe Johanne, f. KK, Bergen 27.7.1871:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070301610149

Peder Johan Christian, f. KK, Bergen 9.11.1873:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070301610055

Pedro Johan, f. KK, Bergen 11.12.1875:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070301610103

Berte Kristine, f. KK, Bergen 18.10.1879:  https://www.digitalarkivet.no/kb20061120050683

 

FT1875:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295033040

FT1885:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053295027480

FT1891:  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994050144

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #30:

 

Hjarteleg takk til Tore og Lars W. for fleire nye spennande innlegg!

 

Med dette er opphavet hennar Cecilia Gjetlesdotter på plass og likeins borni etter bøkkarsvein Peder i Bergen.  Kjempebra!

 

Elles er utvandringsåret til denne huslyden framleis ei kjempeutfordring, men kanskje kan me komma noko nærare om me finn konfirmasjonane til borni Wilhelm og Berthe Marie kring 1860-1862?  FT1900 seier at Bertha Marie utvandra i 1861!  I so fall er ho neppe konfirmert i Bergen!?

 

Her følger eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #22 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Johannesson {Hagenes}, døypt {i Luster} 17.7.1808,

Peder Johannessen flytte òg til Bergen med mor si kring 1820 og gifte seg der 19.10.1834 med Cecilia Gjetlesdotter frå Bergen.  Ho var dotter av snikkar Gjetle Knutson i Bergen, opphavleg frå Grove på Voss, og kona Anna Larsdotter frå Eggereid på Voss og f. på Slettebakken i Årstad 17.1.1813.  Peder Johannessen var bøkkersvein, og etter at han og kona i mange år hadde butt fleire stader i Bergen, flytte dei kring 1850 inn i Strangehagssmuget.  Der budde dei visstnok fram til våren 1861.  Under namni Peter og Cecelia Johansen utvandra dei i 1861

 

##### (sjekka utvandringsåret?)

 

til Chicago, Cook Co., Ill. der Peter heldt fram som bøkkar («cooper»).  Cecelia d. i Maplewood, Ill. 18.4.1889, medan Peter Johansen d. i Chicago, Ill. 7.3.1892.  Dei fekk tolv born i lag:

a. Johanna Marie Pedersdotter Johannessen, kjend som Marie J. Johnson, f. i Bergen 25.4.1835, uvandra til Amerika med foreldri sine i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 10.7.1873 med Bertel Bratson frå Stavanger, i Amerika kjend som Bartol Bratson.  Han var son av bøkkar Brat Jacobson i Stavanger og kona Olina Willeksdotter frå Koparvik på Karmøy og f. i Stavanger 16.6.1833, men utvandra til Amerika i 1855. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     Bartol deltok i borgarkrigen («Civil War soldier»), men livnærte seg elles som slaktar og arbeidar («butcher und laborer»), og han og Marie budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Marie d. 6.10.1891.  Bartol gifte seg att med svigerinna Bertha Marie Pedersdotter Johannessen, i Amerika kjend som Bessie Johnson (1847-1914) (sjå under) og d. i Chicago, Ill. 15.1.1902.  Bartol og Marie fekk ei dotter i lag.

b. Gjetle Knudsen Pederson Johannessen, f. i Bergen 7.3.1837, d. i Bergen 18.12.1847.

c. Anton Olai Pederson Johannessen, f. i Bergen 29.11.1838, miste livet ved eit skipsforlis mellom Rio og Queensland 11.5.1879.  Anton gifte seg i Domkyrkja i Bergen 22.4.1866 med Anna Marie Andersen, f. i Bergen 25.6.1840.  Ho d. i Bergen 15.9.1906.  Anton var tømmermann, og han og Anna budde i Bergen der Anna som enkje livnærte seg som frukt- og grønsakhandlar.  Dei fekk fem born i lag.

d. Peder Johan Pederson Johannessen, f. i Bergen 21.9.1840, d. i Bergen 27.9.1925.  Han gifte seg i Bergen 15.10.1865 med Bertha Christine Petersen, f. i Bergen 31.10.1835.  Ho d. i Bergen 13.11.1915.  Peder Johan Johannessen var bøkkarsvein, og han og Bertha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

e. Cecilie Marie Pedersdotter Johannessen, f. i Bergen 2.7.1842, d. i Bergen 22.7.1842.

f. Hans Martin Pederson Johannessen, kjend som Martin H. Johnson, f. i Bergen 18.7.1843, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – FT1900/1910 suggest 1871! – but lived 1870 with parents!)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 5.5.1877 med Andrea Mathilde Pettersdotter Pedersen frå Bergen, kjend som Mathilda A. Pederson.  Ho var dotter av gesell Petter Johan Pedersen i Bergen og kona Hanna Malene Monsen, òg frå Bergen og f. i Bergen 7.1.1854.  Ho utvandra til Amerika i 1870

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1871?)

 

     Martin var frukthandlar (grossist) («fruit wholesaler»), og han og Mathida budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Martin d. 25.1.1922.  Mathilda Johnson d. same staden 11.6.1928.  Dei fekk tolv born i lag.

g. Wilhelm Pederson Johannessen, kjend som William Johnson, f. i Bergen 30.8.1845, utvandra til Amerika med foreldri i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1900 and 1910 say 1864)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 26.6.1875 med Anna Edwards, f. i Webster Co., Ia.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1845.  Ho d.

 

     ##### (childbirth in Chicago, IL July/Aug, 1881?)

 

     William gifte seg att i Chicago, Ill. 23.9.1882 med Maria Martinsdotter frå Kongelbek i Åsnes, i Amerika kjend som Mary Hoganson.  Ho var dotter av husmann Martin Haagenson i Kongelbekhagen under Kongelbek, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038043004514

 

     og kona Rikken Mortensdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og f. i Åsnes 4.5.1861, men utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret? – e. 1875! - 1900 says 1880 – 1910 says 1874)

 

     ##### (occupation? – 1900: sailor – 1910: sailor merchant vessel – 1915: elevator manager)

 

     Dei budde i Chicago, Cook Co., Ill. der William d. 17.3.1915.  Mary Johnson d. same staden 1.1.1948.  Me kjenner til ni born etter William, to frå første ekteskapet og sju frå det andre.

h. Bertha Maria Pedersdotter Johannessen, kjend som Bessie Johnson, f. i Bergen 3.12.1847, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 4.5.1893 med enkjemannen Bertel Bratson, opphavleg frå Stavanger, i Amerika kjend som Bartol Bratson.  Han var son av bøkkar Brat Jacobson i Stavanger og kona Olina Willeksdotter frå Koparvik på Karmøy og f. i Stavanger 16.6.1833, men utvandra til Amerika i 1855. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     Bartol deltok i borgarkrigen («Civil War soldier»), men livnærte seg elles som slaktar og arbeidar («butcher und laborer»).  Han hadde før vore gift med svigerinna Johanna Marie Hansdotter Johannessen, kjend som Marie J. Johnson (1835-1891) (sjå over).  Bartol og Bessie budde òg i Chicago, Cook Co., Ill. der Bartol d. 15.1.1902.  Bessie Bratson d. same staden 20.3.1914.  Bartol og Bessie var barnlause.

i. Gjetle Knudsen Pederson Johannessen, f. i Bergen 31.10.1849, d. i Bergen 7.11.1849.

j. Gjetle Severin Pederson Johannessen, f. i Bergen 21.2.1851, d. i Bergen 23.4.1851.

k. Gjetle Knudsen Pederson Johannessen, kjend som Peter Johnson, f. i Bergen 27.5.1852, utvandra til Amerika med foreldri i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     ##### (lagnad? – n. Chicago, IL 1870 – perhaps Peter Johnson, teamster, died single in Chicago, IL Mar. 14, 1911)

 

l. Cecilie Gjetline Pedersdotter Johannessen, kjend som Cecelia Johnson, f. i Bergen 3.3.1859, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1900 says 1861 – 1910 says 1863)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 22,12,1881 med James Reid, f. i Henderson Co., Ill. 3.8.1859.  James var sakførar («lawyer»), og han og Cecelia budde i Chicago, Cook Co., Ill. der James d. 27.2.1942.  Cecelia Reid d. same staden 20.6.1947.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Wilhelm Pederson Johannessen, kjend som William Johnson, f. i Bergen 30.8.1845, utvandra til Amerika med foreldri i 1861

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1900 and 1910 say 1864)

 

     og gifte seg i Chicago, Ill. 26.6.1875 med Anna Edwards, f. i Webster Co., Ia.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1845.  Ho d.

 

     ##### (childbirth in Chicago, IL July/Aug, 1881?)

 

Dødsfallet til Anna Johnson?  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2M3-1DN8

 

Hun står riktig nok med fødested Norge i stedet for Iowa, men det stemmer overens med at det på begge døtrene i census 1900 står at moren var norsk.

 

Name: Annie Edwards Johnson
Event Type: Death
Event Date: 01 Sep 1881
Event Place: Chicago, Cook, Illinois, United States
Address: 508 W Washington St
Gender: Female
Age: 33
Marital Status: Married
Race: White
Birth Year (Estimated): 1848
Birthplace: , , Norway
Funeral Home: Wald And Wulff
Cemetery: Graceland
Informant's Name: D C Sullivan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #33:

 

Hjarteleg takk til Lars W. for spennande innlegg frå i aftes!

 

Eg trur du har finne rett Anna Johnson i Chicago, IL.  Men fødd i Noreg?  Den einaste eg finn, er denne: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=8054&h=3656728&tid=&pid=&queryId=9e638b6c09a6ac4773dfb826a5a192ef&usePUB=true&_phsrc=giv1141&_phstart=successSource

 

Ho budde rett nok i Missouri i 1850, men kan jo sidan ha flytt til Iowa??

 

Elles reknar eg med at du òg har søkt etter ein konfirmasjon for Berthe Marie, men utan resultat?  Eg hadde frå før ei utsegn om at huslyden forsvann frå Bergen våren 1864, men finn ikke kjelda for dette.  Kanskje heng det saman med eit eigedomssal i Bergen?  Bustad 1859 og 1862 var 5. rode nr. 113

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #34:

 

So har eg identifisert huslyden som i 1850 budde i Buchanan Co., MO:

 

Knut Haaverson Østerhus, gardbrukar, kona:

Astrid Iversdotter med følgjande born:

* Helmer, fødd i Landvik, Hommedal 10.12.1836

* Iver, fødd i Landvik, Hommedal 13.6.1839

* Ole Nikolai, fødd i Landvik, Hommedal 28.4.1842

* Anna Kirstine, fødd i Landvik, Hommedal 8.3.1845

utvandra frå Landvik, Hommedal i 1846: https://media.digitalarkivet.no/view/9541/142

 

Eg kan ikkje sjå at denne huslyden budde i Buchanan Co., MO i 1860; https://www.ancestry.com/search/collections/7667/?birth=_norway_5173&birth_x=_1-0&count=50&residence=_buchanan-missouri-usa_400&residence_x=_1-0

 

Men kan dette vera Anna Edwards som gifte seg med Wilhelm «William» Johnson?

 

Eg finn òg ein annan spennande person:

 

Ole F. EDWARDS, f. i Vinje, Telemark 1839, som døydde i Callendar, Webster Co., IA der «vår» Anna vart oppgjevi fødd: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/75236517/person/352179811561/facts?_phsrc=giv1143&_phstart=successSource

 

men denne sistnemnde personen flytte nok ikkje til Callendar før mykje seinare...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles reknar eg med at du òg har søkt etter ein konfirmasjon for Berthe Marie, men utan resultat? 

 

Ja, det glemte jeg å skrive. Jeg lette etter konfirmasjonen hennes i Nykirken til og med 1864, men uten resultat.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.