Gå til innhold
Arkivverket

Gjertrud Pedersdotter Raaum (1834-1896) - gift med Størk Jacobson på Vikøyri (1833-1909) - ein huslyd med diverse utfordringar - ei dotter forsvunni - ein son forsvunnen i Amerika - hjelp?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dødsmeldinger frå 1896 og 1909, frå lensmannen i Vik, er nok på Statsarkivet, Lars !

 

Og hadde det vore for berre 5 år sidan, hadde du fått eit svar her frå Yngve, før du hadde vakna i morgon, Lars !

Men det var før, diverre ikkje no lenger. 

 

Også dødsmeldinger frå Vik 21.7.1942, då Jens døydde hadde vore inntr.

——-

Har du ellers teke kontakt m/ Vik Lokalhist Arkiv, som på nettet reklamerer m/ at dei har slektslister frå Amerika, basert på bokji til Rasmus Sunde si utv frå 1989 ? https://www.vik.kommune.no/lokalhistorisk-arkiv.161579.nn.html

 

Øksendal må eg få koma attende til.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Lars !

 

Dødsmeldinga frå Lensmannen i Vik er no skanna.

Du har 9 ongar Lars, dersom eg har talt rett. Iflg Lensmmannen har Gjertrud i 1896 8 ongar etter seg. 7 myndig og 1 myndig.

kjelde: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901113127

 

——-

og her kjem dødsmeldinga etter Styrk i 1909:

https://www.digitalarkivet.no/sk10611901114043

 

——-

Som du ser, Lars: ikkje mykje kjøt her nei !

 

Men Leikanger du, adr i Amerika, og ongane etter alder, pluss litt hysj, hyssj:

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901041094

  eller:  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611901041094.jpg

Det siste som eksempl på KVA SOM KUNNE ha kome ut frå data i 1896 og 1909 i Vik !

 

Endret av Jon Sværen
Feil på navnet til mottakar
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #28:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jon for spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har studert dødsmeldingi hennar Gjertrud, og ho fortel oss:

 

Sju myndige born (derav fire i Amerika) og eitt umyndig barn (som er heime) samt fire soneborn!

 

Dei fire soneborni er borni etter Andreas som døydde i 1895.  Den umyndige heimeverande sonen er Hans!

 

Dei fire i Amerika var med andre ord:

 

* Bertha Størksdotter, fødd 1857

 

* Peder Nitter Størkson, fødd 1862

 

* Jacob Bartholomeus Størkson, fødd 1865

 

* Maria Størksdotter, fødd 1871

 

Dei to yngste er gjort greie for, men IKKJE Bertha og Peder!  No veit me altso at dei båe levde i Amerika i 1896, so kvar vart det av dei?

 

Eit ancestry.com family tree fortel oss at Peder i 1912 var busett i Clearwater Co., MN.  Noki kjelde er ikkje oppgjevi, men søsteri Marie Nerdahl døydde i Thief River Falls, MN i 1912, og det er ikkje so langt ifrå Clearwater Co., MN.  Kanskje finst det ein liktale etter Marie?

 

Eg finn elles ikkje nokon Peder i Clearwater Co., MN i FT1910 som høver til «vår» Peder!!

 

Eg vonar framleis at Bertha og Peder kan lokaliserast i Amerika og takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #29:

 

BINGO!

 

Eg meiner eg har oppdaga eldste søsteri Bertha Størksdotter som gift med farmar John M. LEE i Ora township, Nelson Co., ND.  Dette er ikkje so langt ifrå bustad til søsteri Maria:

 

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6773-Q4Q

 

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVY-PFJ

 

Find-a-grave: Bertha: https://www.findagrave.com/memorial/47130884/bertha-j.-lee

 

Find-a-grave: John: https://www.findagrave.com/memorial/47130789/john-m.-lee

 

Dei fekk sju born i lag.

 

Etter dette saknar eg om dei berre følgjande detaljar:

 

* Dato og stad for vigsli deira - kring 1886?

 

* Fullt døypenamn på John M. Lee?

 

* Dato og stad for fødsli hans?

 

* Utvandringsåret hans?

 

* Fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav?

 

So, kanskje broren Peder òg skal «til pærs» etter kvart?

 

Ein ny kjempetakk for fram ifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/118194975/person/372066524401/facts?_phsrc=ITW9506&_phstart=successSource

 

When John Monsen Lee Liaklev was born on March 15, 1858, in Børsa, Sor-Trondelag, Norway, his father, Mons, was 37 and his mother, Marit, was 40. He married Bertha J Lee Jacobson in 1886. They had six children in 14 years. He died on July 26, 1919, at the age of 61, and was buried in Aneta, North Dakota.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg nr 31.

 

GRATULERA m/ blinkskotet ditt i # 29, Lars !

 

Nokon John M Lee kan eg ikkje sjå «Ein stad skal ein væra».

 

Har du brukt opplysningane frå Vik Lokalhist Arkiv som dei reklamerer for på nettet gjort av Zona Mathison, Lars ?

Sjå på «Utvandring»: https://www.vik.kommune.no/lokalhistorisk-arkiv.161579.nn.html

——

Og Sven kom med svaret:  Børsa, S-T !

 

Endret av Jon Sværen
Litt for fort.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #32:

 

Hjarteleg takk til Sven og Jon for spennande innlegg!

 

Med identifikasjonen av John M. Lee har eg grave lite vetta i kyrkjebøkene frå Børsa og finne svar på det aller meste!  Den einaste detaljen som no manglar der, er:

 

* Dato og stad for vigsli til John Lee og Bertha Jacobson - kring 1886 - truleg i North Dakota!?

 

Og dessutan manglar me jo framleis broren Peder Nitter!?

 

Når det gjeld Zona Matheson i Moorhead, MN, har eg kjent ho i mange mange år, og eg har drøfta med ho dei fleste utvandrarane frå Vik som hadde tilknytting til utvandrarar frå Luster!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden frå Vikøyri:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Pedersdotter {Raaum}, f. {i Luster} 24.8.1834,

Gjertrud flytte med mori til Sogndal i 1839 og voks opp på Husum.  Ho gifte seg i Tjugum, Balestrand 27.4.1857 med Størk Jacobson frå Sæbø i Vik.  Han var son av husmann Jacob Bartholomeus Andreasson på

 

##### (ein plass under Sæbø, men kva for ein?)

 

under Sæbø, opphavleg frå Vikøyri, og kona Borghilda Pedersdotter frå Høgeim i Fresvik, Leikanger, og f. i Vik 29.6.1833.  Størk og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Vikøyri i Vik, men Størk er òg omtalt som potetbonde og grisehandlar.  Gjertrud d. på Vikøyri 7.1.1896, og Størk gifte seg 25.2.1898 att i Vik med enkja Inga Eriksdotter, opphavleg frå Øvstedal i Vik.  Ho var dotter av husmann Erik Olson på

 

##### (ein plass under Øvstedal, men kvar for ein?)

 

under Øvstedalen, opphavleg frå Djupviki, og kona Britha Olsdotter frå Øvstedalen og f. i Vik 17.8.1839.  Størk og Inga vart buande på Vikøyri der Størk d. 15.7.1909.  Inga d. på Seim i Vik 12.2.1929.  Størk Jacobson fekk ni born, som alle var frå første ekteskapet med Gjertrud Pedersdotter:

a. Bertha Størksdotter, kjend som Bertha Jacobson, f. i Balestrand 20.6.1857, var ei tid tenestejente på Flom i Aurland, men utvandra derifrå til Amerika i 1881 og d. i Nelson Co., N.D. 4.12.1939.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – ND 1886?)

 

     med John Monsson frå Liaklev i Børsa, i Amerika kjend som John M. Lee.  Han var son av gardbrukar Mons Sivertson på Liaklev og kona Marit Larsdotter frå By og f. i Børsa 15.3.1858.  Han utvandra til Amerika i 1880 og d. i Nelson Co., N.D. 26.7.1919.  John og Bertha Lee slo seg ned som farmarar i Ora township, Nelson Co., N.D. og fekk sju born i lag.

b. Andreas Størksen, f. i Vik 6.2.1860, d. på Vikøyri 14.9.1895.  Han gifte seg i Vik 1.5.1888 med Anna Marie Monsdotter frå Vikøyri, f. i Vik 10.4.1867.  Ho d. på Vikøyri 8.4.1946.  Andreas var handelskar og jekteførar, og han og Anna budde som strandsitjarar på Vikøyri i Vik.  Som enkje gifte Anna seg sidan att med Edvard Andersson frå Vikøyri, f. i Vik 17.9.1871.  Han d. på Vikøyri 26.2.1945.  Edvard Vikøren var bakar, og han og Anna vart buande på Vikøyri i Vik.  Anna fekk i alt sju born; fire av dei var frå første ekteskapet med Andreas Størksen.

c. Peder Nitter Størkson Vikøren, f. i Vik 2.10.1862, utvandra til Amerika i 1885,

 

     ##### (lagnaden hans? – levde 1896!)

 

d. Jacob Bartholomeus Størkson Vikøren, kjend som Jacob Vikoren, f. i Vik 6.4.1865, utvandra til Amerika i 1884 og d. i Grand Forks, N.D. 6.3.1913.  Jacob gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 25.7.1889 med Ida Albertine Hagness, dotter av husmannssonen Mons Torgerson frå Ekrene under Haganes i Luster (1843-1897).  Ida var f. i Buffalo Co., Wis. 19.9.1867 og d. i Grand Forks, N.D. 21.10.1944.  Jacob Vikoren var skreddar («tailor»), og han og Ida budde levetidi ut i Grand Forks, Grand Forks Co., N.D.  Dei fekk seks born i lag.

e. Martin Størksen, f. i Vik 20.4.1868, d. på Vikøyri 25.6.1935.  Han gifte seg i Vik 23.1.1894 med Sitona Jensdotter frå Vikøyri, f. i Vik 14.3.1868.  Ho d. på Vikøyri 30.11.1943.  Martin Størksen var sjømann, og han og Sitona budde på Vikøyri i Vik levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

f. Maria Størksdotter Vikøren, kjend som Marie Vikoren, f. i Vik 13.1.1871, utvandra til Amerika i 1892 og gifte seg i Nelson Co., N.D. 8.12.1897 med Peder Johnson frå Dalsbø i Øksendal, i Amerika kjend som Peter J. Nerdahl.  Han var son av husmann John Pederson på Nedredalen under Dalsbø og kona Anna Ingebrigtsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi? – truleg Hol under Smistad!?)

 

     og f. i Øksendal 2.3.1862.  Peter utvandra til Amerika i 1881.  Marie og Peter slo seg ned som farmarar i Loretta township, Grand Forks Co., N.D., men flytte sidan til Thief River Falls, Pennington Co., Minn.  Marie d. i Grand Forks, N.D. 2.8.1912, medan Peter Nerdahl d. i Nelson Co., N.D. 7.6.1914.  Dei fekk fire born i lag.

g. Jens Størksen, f. i Vik 18.2.1874, d. på Vikøyri 21.7.1942.  Han gifte seg i Bergen 28.11.1905 med Johanna Monsdotter frå Vikøyri, f. i Vik 12.10.1870.  Ho d. på Vikøyri 7.10.1941.  Jens Størksen var snikkar og laksefiskar, og han og Johanna budde på Vikøyri i Vik.  Dei var barnlause.

h. Kirstina Størksdotter Vikøren (1877-1952), vart gift med bakar Lars Kristoffersen på Sjøtun i Hafslo (feste nr. 3) (1877-1952) (s.d.).

i. Hans Henrik Bartholomæi Størkson Vikøren, kjend som Hans Jacobson, f. i Vik 27.2.1881, utvandra til Amerika i 1899 og gifte seg i Grand Forks, N.D. 24.10.1906 med Elen Karine Knutsdotter Moe frå Mo austre i Vikedal, i Amerika kjend som Ellen K. Moe.  Ho var dotter av gardbrukarsonen Knut Osmundson frå Soleim i Sauda og gardbrukardotteri Kari Olsdotter frå Mo austre og f. i Vikedal 5.7.1874, men utvandra til Amerika i 1904.  Hans Jacobson var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og han og Ellen budde først i Aneta, Nelson Co., N.D., men flytte sidan til Finley, Steele Co., N.D. der Hans d. 11.3.1942.  Ellen Jacobson d. i Whittier, Cal. 1.6.1968.  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.