Gå til innhold
Arkivverket

Johanna Christensdotter - fødd i Luster 1852 - til Amerika (Vernon Co., WI?) i 1876 - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johanna Christensdotter var fødd i Luster 5.11.1852 som «uekte» barn av Martha Johannesdotter Lavold (1829-1916) og Christen Olson Ødegard (1828-1899).

 

Mori Martha gifte seg sidan med Adam Andersson (Skildum) (1831-1908), og dei fekk ein son i lag, Anders (1858-1862).  I 1875 utvandra Adam og Martha til Amerika, og dei busette seg som farmarar i Franklin township, Vernon Co., WI:

 

* 1880: Adam and Martha Andrew: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9GXB

 

* 1900: Adam and Martha Anderson (finn ikkje denne sida hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120646_00156?usePUB=true&_phsrc=Nzx23776&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=74011296

 

* 1905: Adam and Martha Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-BS3

 

* 1910: Martha Adams, enkje: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYV-SQNL

 

Johanna Christensdotter, dotter hennar, utvandra til Amerika i 1876, året etter mor og stefaren, men so langt har eg ikkje vore i stand til å finna att denne jenta nokon stad i Amerika, og som me ser av FT1900, hadde mori Martha hatt TO BORN, men ingen av dei var ilive!

 

Det at Johanna var avlidi før 1900 MÅ ikkje seia at ho var ugift eller ikkje hadde born etter seg, og no har eg fått spørsmål frå ein etterkommar etter ein halvbror hennar Johanna på farssida, som bur i Luster, om det er mogeleg å finna lagnaden til denne «grandtanta» hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars, jeg vill ikke brukt 0 barn i 1900 som eksakt riktig, mer som en guide med stor sannsynlighet. Jeg har sett ved ett par anledninger ved gjennomgang av «mine» 2500 emigranter i de forskjellige amerikanske folketellingene at dette ikke trenger å være 100% riktig. Folketellingene i 1900 & 1910 angir nyttig informasjon om fødte og levende barn som den norske folketellingen av 1920 gjør.

 

Noen ganger kan foreldrene ha mistet kontakten med barna sine og trodd de var døde. I ett tilfelle jeg var borti hadde ektemannen vært borte i 8 år og kona var gift på nytt, da hun trodde han var død. Da han dukket opp og banket på døra, var hun etablert med en ny familie. Jeg vill nok skrevet antatt død før 1900 basert på opplysningen som foreldrene oppgav da.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.