Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Søking av ei vigsle i Wisconsin(?) kring 1873 - Hans A. Sperle og Dorthea Christopherson - kan nokon hjelpa meg å leita, please?


Recommended Posts

Dette er ei vigsle som eg har leitt etter sidan førre hundreåret, men aldri greidd å finna:

 

Hans Andersson Sperle (son av Anders Otteson Sperle), fødd i Luster 14.7.1851, utvandra i 1867 til Dane Co., WI

 

Dorthea A. Christopherson (dotter av Anders Christopherson Leirdal), fødd i Luster 9.3.1855, utvandra i 1862 til Dane Co., WI

 

skal vera vigde kring 1873.  Eldste barnet deira var Andreas Olaus, fødd i McFarland, Dane Co., WI 21.9.1873.  Etter det eg veit budde dette parfolket alltid i McFarland, Dane Co., WI, og eg har sjølv vitja farmen deira der!

 

Desse folketeljingslistene seier båe at dei vart vigde i 1873:

 

FT1900 (finn ikkje hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00811?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=73607562

 

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYK-SJYB

 

Normalt skal alle vigsler på den tidi vera registrerte i dei offisielle kjeldene, i alle fall var dette so i Wisconsin.  Men kanskje dei kan ha drege ein eller annan stad for å gifta seg «out of state»?  Men dette var ikkje vanleg so tidleg!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.