Gå til innhold
Arkivverket

Christopher «Christian» J. Fortney (1860- ) gift (1) med Siri «Sarah» Forthun (1860-1902?) og (2) med Lucy Pitzenberger (1891- ) - budde i Crawford Co., WI - men kvar vart det av dei etter 1920?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Nokre huslydar er dyktige til å gøyma seg bort, og dette er ein av dei...  Utfordringi har lege hjå meg i fleire tiår, men først no er eg vorten skikkeleg merksam på problemet, og dette vrt ikkje enklare når eg oppdaga at «Find-a-grave» har blanda denne Christopher «Christian» Fortney med ein annan, som til og med nytta same kyrkja!

 

Manuskriptet for «denne» Christian J. Fortney ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Siri Andersdotter {Forthun}, f. {i Luster} 28.8.1860,

Sarah A. Forthun utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 30.5.1884 med søskenbarnet John Christopher, kjend som Christian J. Fortney, ein son av farbroren Christopher Christopherson herifrå Fortun (bnr. 4) (1816-1905) (sjå over), f. i Crawford Co., Wis.

 

##### (exact date of his birth?)

 

.2.1860.  Christian og Sarah tok over som farmarar etter foreldri hans i Clayton township, Crawford Co.. Wis., men Sarah d.

 

##### (date and place of her death? – after 1901/prior to 1905)

 

og 28.10.1910 gifte Christian seg att i Vernon Co., Wis. med Lucy

 

##### (middle name?)

 

Pitzenberger, f. i Crawford Co.,.   Wis.

 

##### (exact date of her birth?)

 

.8.1891.  Christian og Lucy busette seg i Gays Mills, Crawford Co., Wis. der Christian var farmarbeidar («farm laborer»)

 

##### (at least 1920 – what later? – their deaths? – 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFM-34K

 

Christian Fortney fekk visstnok i alt ti born, alle frå første ekteskapet, men fire av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar:

a. Elmer Charles Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 10.5.1885, d. i Madison, Wis. 25.6.1952.  Elmer gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 2.3.1913 med Agnes May Clason, f. i Crawford Co., Wis. 21.1.1896.  Men ho d. i Gays Mills, Wis. alt 12.9.1917, og Elmer gifte seg att i Crawford Co., Wis. 30.3.1934 med Josephine Elizabeth Lloyd, f. Meyers, f. i Vernon Co., Wis. 21.6.1898.  Ho d. i Milwaukee, Wis. 30.11.1942.  Elmer Fortney var barvert («bartender») og budde i Soldiers Grove, Crawford Co., Wis.  Han fekk to søner, som båe var frå første ekteskapet, men andre kona Josephine hadde òg ei dotter frå første ekteskapet sitt.

b. Christopher Severin, kjend som Severin C. Fortney (1888-1955), vart gift første gongen med husmannsdotteri Bertha Malena, kjend som Malena Kristoffersdotter Hauge frå Bolstad (bnr. 77) (1896-1929) (s.d.) og sidan attgift med Esther Bernice Nelson (1912‑1994), sjå òg under Bolstad.

c. Clarence Adolph Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 12.4.1891, d. i Westby, Wis. 21.11.1975.  Clarence Fortney farma i Clayton township, Crawford Co., Wis., men var ugift.

d. Melvin Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 29.7.1896, d. i Viroqua, Wis. 17.1.1978.  Melvin var farmarbeidar («farm laborer») og budde i Viroqua township, Vernon Co., Wis., likeins ugift.

e. Selma Aleda Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 19.10.1898, d. i Viroqua, Wis. 8.11.1973.  Selma gifte seg i Vernon Co., Wis. 21.1.1925 med Palmer H. Johnson, f. i Vernon Co., Wis. 14.3.1903.  Han d. i La Crosse, Wis. 6.9.1979.  Palmer og Selma farma i Viroqua township, Vernon Co., Wis. og fekk tre born i lag.

f. Stella Christina Fortney, f. i Crawford Co., Wis. 5.1.1901, d. i Viroqua, Wis. 21.4.1989.  Stella gifte seg i Vernon Co., Wis. 10.10.1925 med Alvin Bernhard Johnson.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 11.10.1903 og d. i Viroqua, Wis. 17.5.1979.  Alvin Johnson var snikkar («carpenter»), og han og Stella budde i Viroqua, Vernon Co., Wis.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er Christian (her kalla J. C.) i FT1900 med første kona og borni deira i Clayton township, Crawford Co., WI (eg finn ikkje denne sida hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120622_00043?usePUB=true&_phsrc=Nzx23966&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=73571772

 

Her er Christian i FT1905 som enkjemann, men med alle borni heime i Clayton township, Crawford Co.,WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DTX9-F7R

 

Her er Christian i FT1910 som enkjemann, men berre med dei eldste sønene i Clayton township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-JWF

 

Her er Christian (her kalla Christopher) i FT1920 med andre kona Lucy, då i Gays Mills, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRFM-34K

 

Eg veit eg har sjekka dette personleg før, men i dag har eg hatt ein telefonsamtale med the Register of Deeds i Prairie du Chien, Crawford Co., WI, og dei har IKKJE registrert dødsfall der, korkje på Siri «Sarah» Fortney, Christian Fortney eller Lucy Fortney.  Lucy Fortney sin far, George Park PITZENBURGER/PITZENBERGER, døydde i 1957 i ein alder av 102 år og ligg gravlagd i Crawford Co., WI:

 

https://www.findagrave.com/memorial/72057130/george-park-pitzenburger

 

men liktalen hans seier berre «survived by grandchildren»!

 

Dei store utfordringane i denne huslyden er altso følgjande:

 

** Dødsfallet til Siri «Sarah» Fortney, f. Forthun mellom 1901 og 1905?

 

** Kva skjedde med Christopher «Christian» og Lucy Fortney etter 1920 - dødsfalli deira?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

Lucy Fortney sin far, George Park PITZENBURGER/PITZENBERGER, døydde i 1957 i ein alder av 102 år og ligg gravlagd i Crawford Co., WI:

 

https://www.findagrave.com/memorial/72057130/george-park-pitzenburger

 

men liktalen hans seier berre «survived by grandchildren»!


https://www.newspapers.com/clip/70194003/the-la-crosse-tribune/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Sven og Gisle for spennande innlegg!

 

Eg vart svært overraska over den første avisannonsa frå 1910, særleg då dette skjedde ei dryg veke FØR den vigselsdatoen som eg har finne for dei.  Kan eg ha skrive feil av vigselsprotokollen i Prairie du Chien, WI, og det siste innlegget kan absolutt tyda på det...  Men uansett ser det jo ut til at dei kom saman att, for det må jo vera ho som bur i lag med han i 1920, sjølv om alderen er 10 år feil...

 

Eg har finne eit par tre på ancestry som nemner Lucy - t.o.m. eitt med eit bilete av ho (eg tykkjer ho ser «streng» ut: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/23191228/person/12515142460/facts

 

Eg har no skrive til treeigaren, som må vera ein etterkommar etter ei av søstrene hennar Lucy, so får me sjå om ho svarar...  Men so altfor optimistisk er eg ikkje.  Denne utvekslingstenesta på ancestry er ikkje alltid so «effektiv»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komlettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMKW-JC2

Name: Lucy Pittyenberger
Event Type: Census
Event Date: 1900
Event Year: 1900
Event Place: South Side, Fayette, Pennsylvania, United States
Event Place (Original): ED 11 Clayton town, south side
Sex: Female
Age: 9
Marital Status: Single
Race: White
Race (Original): W
Birth Date: Aug 1891
Birthplace: Wisconsin
Father's Birthplace: Wisconsin
Mother's Birthplace: Wisconsin
Relationship to Head of Household: Daughter
Relationship to Head of Household (Original): Daughter
Sheet Letter: B
Sheet Number: 14
 

Husstand Rolle Kjønn Alder Fødested
Park Pittyenberger Head M 49 Wisconsin
Ella Pittyenberger Wife F 32 Wisconsin
Lucy Pittyenberger Daughter F 9 Wisconsin
Floyd Pittyenberger Son M 0 Wisconsin


 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MP2R-39J

 

Name: Lucy V Pitsenburger
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Readstown, Vernon, Wisconsin, United States
Event Place (Original): Readstown, 145, Vernon, Wisconsin
Sex: Female
Age: 18
Marital Status: Single
Race: White
Race (Original): White
Birth Year (Estimated): 1892
Birthplace: Wisconsin
Father's Birthplace: Germany
Mother's Birthplace: Wisconsin
Relationship to Head of Household: Daughter
Relationship to Head of Household (Original): Daughter
Sheet Letter: B
Sheet Number: 5
 

Husstand Rolle Kjønn Alder Fødested
Park Pitsenburger Head M 52 Wisconsin
Ellie Pitsenburger Wife F 46 Wisconsin
Lucy V Pitsenburger Daughter F 18 Wisconsin
Floyd Pitsenburger Son M 9 Wisconsin
Cora Pitsenburger Daughter F 7 Wisconsin
Goldie Pitsenburger Daughter F 3 Wisconsin

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.