Gå til innhold
Arkivverket

Siri Olsdotter Rønnei - fødd i Luster 10.8.1831 - vart konfirmert i 1845 - forsvinn so frå Luster - kvar kan ho ha vorti av? - Nordland eller Bergen? - kva med broren Johannes Olson Rønnei som utvandra til Amerika i 1868?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei jente som eg har «kjempa med» i mange år for å finna ut kvar ho vart av - kan nokon hjelpa meg finna ho?

 

Siri Olsdotter, fødd på husmannsplassen Kalhagebakken under Rønnei i Luster 10.8.1831 som dotter av husmann Ole Andersson (1793-1883) og kona Johanna Johannesdotter (1798-1847).  Siri vart konfirmert i 1845, men forsvinn so frå bygdi!

 

Kvar kan ho ha teke vegen?  Bergen, Nordland eller Amerika?

 

Eldste søsteri Elisabeth (1823-1897) flytte til Bergen og gifte seg der med Jens Sjurson (Nes) (1829-1900).  Elles utvandra brørne

 

Johannes Olson (f. 7.7.1835) og Nils Olson (f. 30.8.1838) til Amerika, den første i 1868 og hin i 1871.  Johannes vert borte for meg i Amerika,

 

Kvar kan han ha vorte av?

 

medan Nils tok namnet RUNICE og busette seg i Fillmore Co., MN.  Slekti hans er oppspora før!  Fleire andre søsken vart buande i Luster!

 

Det hadde vore kjempefint å finna ut kvar det vart av Siri og Johannes, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Trude for eit svært so spennande innlegg!

 

Ein kan vel aldri vera sikker, men det er ikkje so mange som heiter Siri Olsdotter i Luster på denne tidi, og «vår» Siri er den EINASTE som høver so nokolunde i alder!

 

Eg trur difor at du har «treft» blink, men let det seg gjera finna ut noko meir om denne jenta i Koparvik?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i leitingi etter Siri Olsdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.