Gå til innhold
Arkivverket

Peder Gjertson Lunden (1752-1802) og Martha Larsdotter (1754-1833) - husmannsfolk i Luster - kvar vart det av sonen Lars og dotteri Siri (Serine) med mann frå Kvamsøy - i Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba med sist på 1980-talet, men som eg laut gje meg på den gongen, og eg vert ikkje «klokare» når eg no ser på denne huslyden på ny!

 

* Særleg er det eit mysterium kvar det vart av sonen Lars - vaksen og ugift i Luster i 1825?

 

* Og dotteri Siri «Serine» - gift i Kvamsøy med Edvard «Iver» Thorsen (Kollingsnes) - budde i Bergen, men eg finn ikkje dødsfalli deira!?

 

* Serine og Iver hadde ein svigerson frå Torvastad og ei svigerdotter frå Molde, som eg òg har vanskar med å «definera»...?

 

Er det mogeleg å få lite vetta hjelp med desse utfordringane?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Gjertson Lunden, frå Haugen, vart døypt 19.1.1752 og vart gravlagd frå Lunden 5.12.1802.  Han gifte seg 4.6.1783 med Martha Larsdotter frå Rønnei (bnr. 7).  Ho vart døypt 1.12.1754 og d. som husmannsenkje på Rønnei 5.3.1833.  Peder fekk 14.10.1783 feste på Voldaplassen i Lunden, og han og Martha vart buande her levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag:

 1. Gjert Pederson (1782-1782).

 2. Ingeborg Pedersdotter (1784-1844), vart gift med husmann Hans Iverson i Leirhola under Fuhr (1782-1850).

 3. Kari Pedersdotter (1786-1848),

Kari Pedersdotter flytte til Bergen og vart der gift med husmannssonen Sjur Andersson frå Årstu under Dale (1789-1838) (s.d.).

 4. Lars Pederson, døypt i Hafslo 10.1.1790, budde framleis på Rønnei i 1825, ugift.

Lars Pederson flytte

 

##### (lagnaden hans? – kan henda i Bergen?)

 

 5. Siri Pedersdotter, døypt 1.4.1792,

Serine Pedersdotter flytte til Vik og gifte seg der 6.1.1822 med Edvard, kjend som Iver Thorson frå Kollingsnes i Kvamsøy, Vik (no Balestrand).  Iver var son av gardbrukar Thor Bottolfson på Kollingsnes, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Kari Ellingsdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og vart døypt i Kvamsøy 6.3.1790.  Serine og Iver budde ei kort tid som innerstfolk på Kollingsnes i Kvamsøy, men flytte alt kring 1824 til Bergen.  Der finn me dei att i Rosesmuget i Sandviken som Iver og Serine Kollingsnæs.  Iver var hamnearbeidar og dagarbeidar og budde i Bergen i mange år, men

 

##### (finn dei ikkje avlidne i Bergen! – kvar vart det av dei? – dato og stad for dødsfalli deira?)

 

Dei fek fem born i lag:

a. Kari, kjend som Karen Iversen, f. i Kvamsøy, Vik 21.8.1823, flytte med foreldri til Bergen, men d. der alt 15.4.1827.

b. Martha Thurine Iversen, f. i Bergen 11.2.1826, d. i Bergen 15.6.1827.

c. Karen Martine Iversen, f. i Bergen 26.4.1828, d. i Bergen 3.2.1864.  Karen gifte seg i Bergen 7.8.1853 med enkjemannen Johan Salomon, kjend som Salomon Janson Lindtner frå

 

     ##### (kvar var han fødd og oppvaksen?)

 

     døypt i Torvastad 27.7.1806.  Han d. i Bergen 31.7.1869.  Johan Lindtner var skjærslipar, og han og Karen budde i Komediebakken i Bergen.  Dei fekk fem born i lag; dessutan hadde Salomon tre born frå første ekteskapet sitt.

d. Peder Gerhard Iversen, f. i Bergen 31.8.1830, d. i Bergen 25.5.1889.  Peder gifte seg i Bergen 16.11.1856 med Inga Olsdotter Røbeck frå Molde.  Ho var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – Sigerset i Molde 10.4.1824?)

 

     Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994005403

 

     Peder Iversen var frukthandlar, og han og Inga budde i Sandviken i Bergen, mellom anna i Fløjgaten og i Absalon Beyers gate.  Dei fekk fem born i lag.

e. Edvard Severin Iversen, f. i Bergen 13.3.1833, d. i Bergen 17.1.1870.  Edvard Iversen gifte seg i Bergen 15.11.1857 med Anna Knutsdotter frå Dale i Haus.  Ho var f. i Haus 12.9.1829 og d. i Bergen 29.7.1865.  Edvard var reipslagersvein, og han og Anna budde visstnok i Bagersmuget i Sandviken i Bergen.  Dei fekk tre born i lag.

 6. Gjertrud Pedersdotter (1794-1839), d. som legdelem på Rønnei, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Karen Martine Iversen, f. i Bergen 26.4.1828, d. i Bergen 3.2.1864.  Karen gifte seg i Bergen 7.8.1853 med enkjemannen Johan Salomon, kjend som Salomon Janson Lindtner frå

 

     ##### (kvar var han fødd og oppvaksen?)

 

     døypt i Torvastad 27.7.1806.  Han d. i Bergen 31.7.1869.  Johan Lindtner var skjærslipar, og han og Karen budde i Komediebakken i Bergen.  Dei fekk fem born i lag; dessutan hadde Salomon tre born frå første ekteskapet sitt.

 

For ordens skyld, her er dåpen til Johan Salomon, sønn av Jan Lindtner og Anne Pettersdatter:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006876285

Rogaland fylke, Torvastad, Skåre, Utsira i Torvastad, Ministerialbok nr. A 2 (1801-1817), Fødte og døpte 1806, Side 67
Permanent bilde-ID: kb20070627650618
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070627650618
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070627650618.jpg
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurer på om dette er giftermålet til Johan Salomons foreldre:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000111063

Hordaland fylke, Sund, Austevoll, Møkster, Fjell i Sund, Ministerialbok nr. A 7 (1796-1815), Kronologisk liste 1798, Side 90-91 (midten): 
Permanent bilde-ID: kb20070521620699
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070521620699
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070521620699.jpg
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ane Frideriche Lindtner døde i Avaldsnes i 1815:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001091077

Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 3 (1801-1817), Døde og begravede 1816, Side 113
Permanent bilde-ID: kb20070320630362
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070320630362
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070320630362.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Salomon ble konfirmert i Avaldsnes i 1824:

 

Rogaland fylke, Avaldsnes i Avaldsnes, Ministerialbok nr. A 4 (1816-1825), Konfirmerte 1824, Side 254
Permanent bilde-ID: kb20070320630597
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070320630597
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070320630597.jpg
 

Finner dette på geni: https://www.geni.com/people/Jan-Christian-Lindtner/6000000025550991479

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 hours ago, Lars E. Øyane said:

d. Peder Gerhard Iversen, f. i Bergen 31.8.1830, d. i Bergen 25.5.1889.  Peder gifte seg i Bergen 16.11.1856 med Inga Olsdotter Røbeck frå Molde.  Ho var f.

 

 

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – Sigerset i Molde 10.4.1824?)

 

 

 

     Ho d.

 

Kanskje Bolsøy?

 

https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000102134

 

Kandidat?

 

nr. 3 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070911640020

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000040064786

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Iver Thorson frå Kollingsnes i Kvamsøy, Vik (no Balestrand).  Iver var son av gardbrukar Thor Bottolfson på Kollingsnes, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Kari Ellingsdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og vart døypt i Kvamsøy 6.3.1790. 

 

Familien i folketellingen 1801 for Vik:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001823

 

Tor Bottolfsen var født (beregnet) 1758 og kona Kari var født (beregnet) 1763. 

 

Sønnen Evert ble døpt i Vik i 1790:

https://media.digitalarkivet.no/view/11756/17

 

Elling, 1787

https://media.digitalarkivet.no/view/11756/4

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

d. Peder Gerhard Iversen, f. i Bergen 31.8.1830, d. i Bergen 25.5.1889.  Peder gifte seg i Bergen 16.11.1856 med Inga Olsdotter Røbeck frå Molde.  Ho var f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – Sigerset i Molde 10.4.1824?)

 

     Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994005403

 

Kan dette være dødsfallet, Ingrid Iversen f. Røbeck, død 1.8.1898?  https://www.digitalarkivet.no/kb20061121030677

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Innlegg #9:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk for kjempefine og svært nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg har fått svar på det meste og har ogso finne lite vetta på eigi hand, MEN dødsfalli til Iver og Serine Kollingsnes har eg ikkje greidd å lokalisera!  Kan dei vera farne frå Bergen att på dei eldre dagane sine?  Kanskje finn me dei avlidne «på strilelandet»?

 

Og lagnaden til Lars Pederson er framleis ei stor gåte!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter kjempefin opplysning frå Jon er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #11 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #11:

 

Hjarteleg takk til Jon for eit kjempefint innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne rette jenta, og ho var enkje då ho døydde i 1849.  Eg har gjort eit nytt detaljert søk etter Iver Thorson (Kollingsnes), men eg greier ikkje finna mannen!  Kan henda er namnet feilskrive?

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet frå Innlegg #9:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Gjertson Lunden, frå Haugen, vart døypt 19.1.1752 og vart gravlagd frå Lunden 5.12.1802.  Han gifte seg 4.6.1783 med Martha Larsdotter frå Rønnei (bnr. 7).  Ho vart døypt 1.12.1754 og d. som husmannsenkje på Rønnei 5.3.1833.  Peder fekk 14.10.1783 feste på Voldaplassen i Lunden, og han og Martha vart buande her levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag:

 1. Gjert Pederson (1782-1782).

 2. Ingeborg Pedersdotter (1784-1844), vart gift med husmann Hans Iverson i Leirhola under Fuhr (1782-1850).

 3. Kari Pedersdotter (1786-1848),

Kari Pedersdotter flytte til Bergen og vart der gift med husmannssonen Sjur Andersson frå Årstu under Dale (1789-1838) (s.d.).

 4. Lars Pederson, døypt i Hafslo 10.1.1790, budde framleis på Rønnei i 1825, ugift.

Lars Pederson flytte

 

##### (lagnaden hans? – kan henda i Bergen?)

 

 5. Siri Pedersdotter, døypt 1.4.1792,

Serine Pedersdotter flytte til Vik og gifte seg der 6.1.1822 med Edvard, kjend som Iver Thorson frå Kollingsnes i Kvamsøy, Vik (no Balestrand).  Iver var son av gardbrukar Thor Bottolfson på Kollingsnes, opphavleg frå Tennefoss ytre, og kona Kari Ellingsdotter frå Kollingsnes og vart døypt i Kvamsøy 6.3.1790.  Serine og Iver budde ei kort tid som innerstfolk på Kollingsnes i Kvamsøy, men flytte alt kring 1824 til Bergen.  Der finn me dei att i Rosesmuget i Sandviken som Iver og Serine Kollingsnæs.  Iver var hamnearbeidar og dagarbeidar og vart buande i Bergen levetidi ut.  Iver d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1833/før 1849!)

 

medan Serine d. som enkje same staden 30.6.1849.  Dei fekk fem born i lag:

a. Kari, kjend som Karen Iversen, f. i Kvamsøy, Vik 21.8.1823, flytte med foreldri til Bergen, men d. der alt 15.4.1827.

b. Martha Thurine Iversen, f. i Bergen 11.2.1826, d. i Bergen 15.6.1827.

c. Karen Martine Iversen, f. i Bergen 26.4.1828, d. i Bergen 3.2.1864.  Karen gifte seg i Bergen 7.8.1853 med enkjemannen Johan Salomon, kjend som Salomon Janson Lindtner frå Gastgjevarstaden under Avaldsnes prestegard i Avaldsnes, døypt i Torvastad 27.7.1806.  Han d. i Bergen 31.7.1869.  Johan Lindtner var skjærslipar, og han og Karen budde i Komediebakken i Bergen.  Dei fekk fem born i lag; dessutan hadde Salomon tre born frå første ekteskapet sitt.

d. Peder Gerhard Iversen, f. i Bergen 31.8.1830, d. i Bergen 25.5.1889.  Peder gifte seg i Bergen 16.11.1856 med Inga Olsdotter Røbeck frå Molde.  Ho var f. på Sigerset i Bolsøy 10.4.1824 og d. som handlesmannsenkje i Bergen 1.8.1898.  Peder Iversen var frukthandlar, og han og Inga budde i Sandviken i Bergen, mellom anna i Fløjgaten og i Absalon Beyers gate.  Dei fekk fem born i lag.

e. Edvard Severin Iversen, f. i Bergen 13.3.1833, d. i Bergen 17.1.1870.  Edvard Iversen gifte seg i Bergen 15.11.1857 med Anna Knutsdotter frå Dale i Haus.  Ho var f. i Haus 12.9.1829 og d. i Bergen 29.7.1865.  Edvard var reipslagersvein, og han og Anna budde visstnok i Bagersmuget i Sandviken i Bergen.  Dei fekk tre born i lag.

 6. Gjertrud Pedersdotter (1794-1839), d. som legdelem på Rønnei, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Eg kan heller ikkje sjå nokon Iver Thorson Kollingsnes død i Bergen. Men du bør endra tidspunktet 1833/49 til 1832/49, Lars !

Dette pga yngste Edvard er født i mars 1833, og far KAN sjølvsagt ha gått bort i 1832. 

 

Ellers så er eg undrande til datoen 7 juli 1840, som det står heilt til høgre då Edvard giftar seg. 7 år då han vaksinerer seg ? Eller er det ikkje vaksinedato ? 

Diverre så viser ikkje Korskirken nokn teikn på far kan væra død, då son / dtr giftar seg.

Og toppen av «kransekaka»: Lysningar startar i 1859.  Og «dine» 3 giftar seg SJØLVSAGT før 1859 !

Her er Edvard sitt ekteskap  15.11.1857:

https://www.digitalarkivet.no/kb20070323620016

  eller: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070323620016.jpg

 

GOD PÅSKE !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #13:

 

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande innlegg!

 

Når me ser på namnet til yngste sonen i denne huslyden, Edvard Severin, er ein frista til å tru at guten er oppkalla etter båe foreldri, noko som igjen kan vera ein peikepinn på at faren då alt var avliden!?

 

Eg har sjekka dødsmeldingsprotokllane for Bergen 1832/1833, men finn diverre ingen gode «kandidatar»...  Kan han ha vore på arbeid utanfor byen og avliden der?

 

Elles var det ikkje uvanleg at born kunne vera både 7 år og eldre då dei vart vaksinerte på den tidi, so eg ville ikkje hekta meg opp i den detaljen...  Sjå ei tilfeldig side frå Balestrand: https://media.digitalarkivet.no/view/8378/198

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.