Gå til innhold
Arkivverket

Ole Olson Haugen (1832-1891) og kona Abelona Aamundsdotter (1830-??) - frå Luster til Amerika i 1869 - manglande detaljar, m.a. om ei svigerdotter frå Valdres og opphavet hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein annan huslyd som eg hugsar eg sleit med på 1980-talet for å komplettera.  Med nye tilgjengelege kjelder har eg no greidd å finna svar på nokre av detaljane, men no møter eg «veggen»!  Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg freista finna svar på noko av det som framleis manglar, til dømes om denne svigerdotteri frå Hoffseiget i Nord-Aurdal og foreldri hennar??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Olson Haugen, frå Øyane under Haugen, var f. 7.9.1832 og gifte seg 13.7.1859 med Abelona Aamundsdotter frå Hagaflaten under Rønnei, f. 14.5.1830.  Ole og Abelona busette seg på Rønnei alt i 1859, men var visstnok innerstfolk dei første åri.  Kring 1863 fekk dei so rydda seg ein ny plass i den delen av Hesjebakken som då høyrde til Rønnei (bnr. 3), og her vart dei buande fram til 1869.

Ole og Abbelona Haugen utvandra til Amerika i 1869 og slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Ole d. 2.8.1891.  Abbelona Haugen d.

 

##### (date and place of her death? – 1916!?)

 

Ole og Abelona fekk fem born, medan dei budde i Noreg; dessutan hadde Abelona ein son frå før:

 1. Nils Tøgerson, son av Abelona og husmannssonen Tøger Olson frå Gjellene 2 under Rønnei (1829-1895), var f. 31.12.1850.

Nels T. Haugen utvandra til Amerika med mori og stefaren i 1869 og livnærte seg sidan som farmarbeidar («farm laborer») i Freeman township, Crawford Co., Wis. der han d. ugift

 

##### (date and place of his death? – 1905!?)

 

Nels var døvstum («deaphmute»).

 2. Susanna Olsdotter, f. 6.1.1856,

Susan O. Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – about 1885!?)

 

med Ove, kjend som Ovey O. Johnson, eon av husmannssonen Ole Johannesson frå Smedegard under Alme i Hafslo (1824-1871).  Han var f. i Dane Co., Wis. 18.7.1859.  Ovey Johnson var brannmann («fire man»), og han og Susan busette seg i Madison, Dane Co., Wis. der Ovey d. 10.1.1922.  Susan Johnson d. same staden 22.5.1949.  Dei fekk to born i lag:

a. Jessie Aletta Johnson, f. i Dane Co., Wis. 3.2.1886, d. ugift i Madison, Wis. 28.8.1941.  Jessie var bokhaldar («bookkeeper») og budde I Madison, Dane Co., Wis.

b. Orvey Johnson, f. i Dane Co., Wis. 29.3.1887, d. i Madison, Wis. 18.2.1960.  Orvey gifte seg i Chicago, Ill. 29.8.1930 med Elsie M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Beil.  Ho var f. i Dane Co., Wis. 29.4.1907 og d. i Madison, Wis. 20.2.1997.  Orvey dreiv kredittbyrå («bonded credit service company owner»), og han og Elsie budde i Madison, Dane Co., Wis.  Dei fekk tre born i lag.

 3. Ole Olson, f. 2.9.1857,

Ole O. Haugen, Jr. utvandra òg til Amerika med foreldri i 1869 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 5.11.1884 med Agatha Andersdotter frå Grinde på Leikanger, i Amerika kjend som Aggie Grinde.  Ho var dotter av gardbrukar Anders Iverson på Grinde og kona Unni Iversdotter frå Skarestad i Balestrand og f. i Leikanger 13.4.1859.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868.  Ole og Aggie Haugen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Ole d. 13.5.1921.  Aggie Haugen d. same staden 5.1.1952.  Som enkje gifte ho seg att med gardbrukarsonen, enkjemann Rasmus Knutson frå Øygarden (1849-1935) (s.d.).  Aggie og Ole Haugen fekk åtte born i lag:

a. Andrew Oliver Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 27.11.1885, d. i Waunakee, Wis. 19.2.1970.  Andrew gifte seg i Dane Co., Wis. 30.3.1930 med Martha Matson, f. i Dane Co., Wis. 6.2.1891.  Ho d. i Waunakee, Wis. 17.5.1972.  Andrew og Martha Haugen farma i Westport township, Dane Co., Wis. og fekk ein son i lag.

b. Irvin Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 24.11.1887, d. i Crawford Co., Wis. 20.6.1966.  Irvin farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var ugift.

c. Albert Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 9.7.1889, d. i Madison, Wis. 31.12.1971.  Albert gifte seg i Waushara Co., Wis. 31.12.1917 med Grace E.

 

     ##### (middle name?)

 

     Pease.  Ho var f. i Waushara Co., Wis. 15.8.1892 og d. i Madison, Wis. 9.4.1962.  Albert Haugen var postbod («mail carrier»), og han og Grace budde i DeForest, Dane Co., Wis.  Dei fekk to born i lag.

d. John Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 17.7.1892, farma i Freeman township, Crawford Co., Wis., men reiste ut som soldat i første verdskrigen («WW1 soldier») og miste livet i Frankrike

 

     ##### (where in France?)

 

     21.11.1918.  Han var ugift.

e. Nels Ulrich Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 17.2.1894, d. i Crawford Co., Wis. 28.11.1942.  Nels Haugen farma i lag med broren Irvin i Freeman township, Crawford Co., Wis., men var òg ugift.

f. Birdie Joan Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 15.1.1896, d. i Viroqua, Wis. 7.9.1972.  Birdie var hushaldar («housekeeper») hjå brørne sine på farmen i Freeman township, Crawford Co., Wis., ugift.

g. Ida Geneva Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 11.2.1899, d. i Viroqua, Wis. 15.5.1998.  Ida gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.2.1920 med Arthur Samuel Fortney, soneson av gardbrukarsonen Thomas Olson frå Fortun (1817-1887).  Arthur var f. i Vernon Co., Wis. 14.12.1891 og d. i La Crosse, Wis. 6.8.1969.  Arthur Fortney var farmar og snikkar («farmer and carpenter»), og han og Ida budde i Viroqua township, Vernon Co., Wis.  Dei fekk fem born i lag.

h. Annie Louise Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 28.9.1900, d. i Viroqua, Wis. 15.10.1987.  Annie gifte seg i Madison, Wis. 29.6.1927 med Alfred, kjend som Fred J. Dregne, soneson av gardbrukar Sølfest Johannesson frå Fuglesteg (1829-1912).  Fred var f. i Vernon Co., Wis. 8.4.1893 og d. i Viroqua, Wis. 12.2.1965.  Annie og Fred Dregne farma i Franklin township, Vernon Co., Wis. og fekk ei dotter i lag.

 4. Aamund Olson, f. 18.12.1859,

Edward (Ed) O. Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 11.9.1895 med Kari Aslaksdotter frå Hoff i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Carrie Anderson.  Ho var dotter av husmann Aslak Andreasson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Hoff, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen? – Dalseige? – vigsli 13.11.1863: https://media.digitalarkivet.no/view/9367/205

 

og kona Marit Engebretsdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi? – Hoffseige?)

 

og f. i Nord-Aurdal 12.10.1863.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine

 

##### (utvandringsåret? – e. 1870!)

 

Ed og Carrie Haugen farma i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Carrie d. 26.11.1938.  Ed Haugen d. same staden 12.9.1952.  Dei fekk ei dotter i lag:

a. Alma M.

 

     ##### (middle name?)

 

     Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 6.6.1896, d. i Viroqua, Wis. 22.1.1981.  Alma gifte seg i Vernon Co., Wis. 29.3.1922 med Edward Gerhard Johnson, soneson av gardbrukarsonen Johannes Johannesson frå Øvrebø (1816-1903).  Edward var f. i Vernon Co., Wis. 14.11.1889 og d. i La Crosse, Wis. 13.7.1962.  Alma og Edward Johnson tok over heimefarmen hennar i Freeman township, Crawford Co., Wis. og fekk eitt barn

 

     ##### (son or daughter?)

 

     som d. kort etter fødsli.

 5. Nils Olson (1862-1863).

 6. Ingrid Olsdotter, f. 20.7.1865,

Emma Haugen utvandra med foreldri til Amerika i 1869 og gifte seg i Dane Co., Wis. 11.5.1899 med Cornelius Newton, kjend som Charles N. Pulley, f. i Grant Co., Ind. 14.4.1873.  Charles Pulley var skysskar («coachman»), medan han var gift med Emma, men vart sidan lagerleiar («warehouse leader»).  Han og Emma budde i Madison, Dane Co., Wis. der Emma d. 30.12.1902.  Charles gifte seg 2.6.1904 att i Dane Co., Wis. med Olive M.

 

##### (middle name?)

 

Davis, f.

 

##### (place of her birth?)

 

Wis. 15.6.1873.  De vart buande i Madison, Dane Co., Wis., men Charles d. i Janesville, Wis. 23.6.1936.  Olive Pulley d. i Madison, Wis. 19.3.1938.  Charles fekk i alt tre søner, men dei var alle frå andre ekteskapet hans.

Dette var altså borni som Ole og Abelona fekk, medan dei budde i Noreg.

Men Ole og Abbelona Haugen fekk òg ei dotter etter at dei var komne til Wisconsin:

g. Britha O. Haugen, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1872, d. i Vernon Co., Wis. 16.7.1951.  Britha gifte seg i Crawford Co., Wis. 3.5.1893 med Soren Elias, kjend som Sam Jerman.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 3.8.1868 og d. i Janesville, Wis. 21.2.1936.  Sam var ei tid handelsmann («merchant») i Sherburn, Martin Co., Minn., men dreiv sidan tømmerlager («lumberyard owner and operator») i Viroqua, Vernon Co., Wis. og i Janesville, Rock Co., Wis.  Han og Britha fekk fem born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 hour ago, Lars E. Øyane said:

 

og kona Marit Engebretsdotter frå

 

 

 

##### (kvar fødd/oppvaksi? – Hoffseige?)

 

Ekteskap i 1863 

 

Far er Ingebright Eriksen 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000004866699

 

Kandidate  for Marit

 

Marit Embrigth

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Marit Embrigth
[Marit Eriksen] 

Gender:Female

Baptism Date:25 des 1831 (25 Dec 1831)

Baptism Place:, Nord Aurdal, Opland, Norway

Father:Embrigth Eriksen

Mother:Berit Endresdr

FHL Film Number:125519

 

Nr. 2

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603940163

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekteskap

 

Engebret Eriksen

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name:Engebret Eriksen

Gender:Male

Age:30

Birth Date:1801

Marriage Date:5 apr 1831

Marriage Place:, Nord Aurdal, Opland, Norway

Father:Erik Engebretsen

Spouse:Beret Endresdr

FHL Film Number:125519

 

Nr. 11 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603940267

 

Far til Beret Endresdatter er Endre Jakobsen.  Dåp til Beret i 1806

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/255/pd00000005494646

 

Ekteskap med Endre Jakobsen og Kari Arnesdatter

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000001338600

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Far til Engebret Eriksen er Erik Engebretsen født ca. 1801.

 

 

Erik Ingebretsen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Erik Ingebretsen

Gender:Male

Baptism Date:19 apr 1802

Baptism Place:, Nord Aurdal, Opland, Norway

Father:Engebret Eriksen

Mother:Marit Knudsdr

FHL Film Number:125516T

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603920018

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/255/pd00000005492144

 

 

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 hours ago, Lars E. Øyane said:

og kona Marit Engebretsdotter frå

 

 

 

##### (kvar fødd/oppvaksi? – Hoffseige?)

 

 

 

og f. i Nord-Aurdal 12.10.1863.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine

 

 

 

##### (utvandringsåret? – e. 1870!)

 

 

Aslak Andersen Hof og kone Marit og datter Kari  i 1870. 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000405347

 

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kandidate for Aslak født 30 Mai 1843

 

Far er Andreas Aslagsen og mor er Kari Eriksdatter Bakken.

 

Nr. 43 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070207610012

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/255/pd00000037957638

 

Sannsynligvis ekteskapet til Andreas Aslaksen og Kari Eriksdatter i 1843. 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/327/pv00000008766108

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sannsynligvis dåpen til Andreas i 1817.

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/255/pd00000036541197A

 

Far er Aslak Tidmandsen og mor er Elisabet Andersdatter 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/255/pd00000036541197

 

Nr. 41

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070603930624

 

Aslak Thimandsen i 1801 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01058264001154

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #8:

 

Hjasrtleg takk til Anton for mange gode innlegg om forfedrene til Aslak og Marit i Hoffseiget og utvandringi deira i 1870.

 

Diverre har desse valdrisane ei lei uvane med at dei ikkje nemner plassnamn under dei ulike gardane, so der står me framleis ganske so «blanke».

 

Men kanskje nokon sit med ei bygdebok for Nord-Aurdal som kan ha svar på dette?

 

Eg syner til manuskriptet i Innlegg #1 og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 14.3.2021 den 1.32, Lars E. Øyane skrev:

Kari Aslaksdotter frå Hoff i Nord-Aurdal,

 

Regner med at du har dåpen til Kari men jeg kaster den inn likevel...

 

Kari født 12.10.1863 og døpt 15.11.1863. 

Far er Aslak Andreassen fra Dalseie og mor er Marit Ingebregtsdatter fra Hovseie.

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000033424033

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.