Jump to content
Arkivverket

Olina Andreasdotter alias Lena Anderson frå Kalhagen i Luster (1866-1911) - til Eau Claire, WI og sidan til St. Paul, MN - ein huslyd som «gøymer» seg godt? - detaljar saknast om første vigsli hennar, samt om første mann som vart skòten, og borni deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Olina Andreasdotter «Lena Anderson» frå Kalhagen i Luster (1866-1911) utvandra til Eau Claire, WI, men flytte sidan til St. Paul, MN.

 

Eg har vanskar med å identifisera første mann hennar, som vart skòten i St. Paul, MN i 1903, og dei to borni deira har so langt òg vore heller «vanskelege» å finna ut meir om.  Kanskje nokon kan hjelpa meg med å sjå på denne huslyden?  Drapet er sikkert omtalt i aviser der borte?

 

Manuskriptet mitt frå 1980-talet ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Olina Andreasdotter {Kalhagen}, f. {i Luster} 1.10.1866,

Lena Anderson utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg første gongen

 

##### (date and place of her 1st marriage? – about 1896)

 

med William W.

 

##### (middle name?)

 

Wilson, f.

 

##### (exact date and place of his birth? – ND!)

 

.4.1868 og var krohaldar («saloon keeper») i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men vart skoten og d. der alt 28.1.1903.  Lena gifte seg so 12,7,1905 att i Minneapolis, Minn. med William Swanson, f. i Rice Co., Minn. 13.1.1874.  Men so d. Lena alt 10.1.1911, medan ho var på ei vitjing til Eau Claire, Wis., og William gifte seg att i St. Paul, Minn. 8.11.1913 med Margaret Magdalen Ollig, f. i Sibley Co., Minn. 13.8.1885.  William Swanson var blomsterhandlar («florist»), og han og Margaret vart buande levetidi ut i St. Paul, Ramsey Co., Minn. der William d. 25.9.1952.  Andre kona Margaret d. same staden 26.2.1958.  William Swanson fekk fleire born med andre kona, men Lena fekk berre desse to borni, som båe var frå første ekteskapet hennar:

a. William W.

 

     ##### (middle name?)

 

     Wilson, f. i Ramsey Co., Minn.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     .5.1899, d. i St. Paul, Minn. 23.5.1903 etter at han vart påkøyrd av ein trikk.

b. Myrtle E.

 

     ##### (middle name?)

 

     Wilson, f. i Ramsey Co., Minn.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     1901, d. i St. Paul, Minn. 14.11.1908.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.