Jump to content
Arkivverket

Nils Torkildson Rønnei alias Nels T. Reno (1845- ) utvandra til Amerika - farmar og jarnbanearbeidar i Emmet og Palo Alto Cos., IA - dødsfallet hans og opplysningar om svigerdotteri Inga Jacobson frå «Bergen» og svigersonen Einar Mæland frå Ryfylke?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Opplysningane om huslyden til Nils Torkildson Rønnei alias Nels T. Reno fekk eg i all hovudsak frå ein dotterson for 40 år sidan, og opplysningane såg gode ut, men det syner seg i ettertid at ein par vesentlege detaljar manglar.  Det gjeld særleg:

 

* Dødsfallet til Nels Reno?

 

* Opplysningar om svigerdotteri Inga Jacobson frå «Bergen»?

 

* Opplysningar om svigersonen Einar Mæland frå Årdal i Ryfylke?

 

Kanskje er det nokon som kan «sjå» løysingi på nokre av desse utfordringane?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Torkildson Rønnei, frå Sandvikøyri under Sandviki, var f. 28.12.1845 og gifte seg 17.7.1879 med Martha Andersdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.10.1851.  Nils og Martha var innerstfolk i Lunden, truleg hjå foreldri hennar her i Lunden 5 under Kalhagen, fram til 1882, men skreiv seg òg for Rønnei.  Då dei flytte herifrå, vart foreldri hennar buande att åleine på plassen, og då Anna Sjursdotter fall ifrå i 1894, vart plassen nedlagd.  Stova vart rivi, og den vesle jordi som låg kring tufti, vart truleg lagd til naboplassen i Lunden 6 under Kalhagen.

I 1882 utvandra so Nels og Martha Reno til Amerika.  Dei fór då til Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte året etter til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia.  Kring 1890 flytte dei so vidare til Graettinger, Palo Alto Co., Ia. der Nels Reno var jarnbanearbeidar («railroad section boss»).  Han vart sidan sjuk og skal vera avliden i Cherokee, Ia. kring 1905,

 

##### (this info. to be verified?)

 

medan Martha Reno d. i Hampton, Franklin Co., Ia. 14.8.1939.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Anders, kjend som Andrew N. Reno, f. i Luster 5.1.1875, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Watertown, S.D. 1.10.1936.  Andrew gifte seg i Watertown, S.D. 28.12.1912 med

 

     ##### (kona sitt norske namn? – opphavet hennar? – Bergen og omland?)

 

     i Amerika kjend som Inga Jacobson.  Ho var dotter av

 

     ##### (fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     24.1.1866.  Ho utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hennar?)

 

     og d. i Hot Springs, S.D. 25.8.1953.  Andrew Reno var arbeidar («laborer»), og han og Inga budde i Watertown, Codington Co., S.D.  Dei var barnlause.

b. Anna N. Reno, f. i Luster 5.2.1879, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1882 og d. i Graettinger, Ia. 11.2.1910.  Ho gifte seg i Graettinger, Ia. 6.6.1898 med Peter Larson Duhn, f. i Palo Alto Co., Ia. 4.7.1871.  Han d. i Graettinger, Ia. 24.11.1968.  Anna og Peter Duhn farma i Walnut township, Palo Alto Co., Ia. og fekk seks born i lag.

c. Maria, kjend som Mary N. Reno, f. i Luster 22.1.1882, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Alameda, Cal. 15.4.1969.  Mary gifte seg i Humboldt Co., Ia. 16.5.1903 med Peder Johannes, kjend som Peter J. Lansing.  Han var f. i Humboldt Co., Ia. 3.11.1878 og d. i Alameda, Cal. 28.2.1961.  Mary og Peter farma først ei tid i Delana township, Humboldt Co., Ia. men budde sidan mange år i Bode, Humboldt Co., Ia. der Peter var møllearbeidar («elevator worker»).  På 1940-talet flytte dei so til Alameda, Cal. der Peter Lansing arbeidde som kontrollør ved ein marinebase («naval base stock room controller»).  Dei fekk åtte born i lag.

d. Thea Amalia Reno, f. i Emmet Co., Ia. 14.12.1883, d. i Hampton, Ia. 3.3.1971.  Thea gifte seg i Cerro Gordo Co., Ia. 21.2.1917 med Grover Arthur Banker.  Grover var f. i Franklin Co., Ia. 27.2.1889 og d. i Oakdale, Ia. 21.2.1947.  Grover og Thea Banker farma i Marion township, Franklin Co., Ia., men busette seg på 1920-talet i Hampton, Franklin Co., Ia.  Dei fekk to born i lag.

e. Nilsine Margrethe, kjend som Sena Reno, f. i Emmet Co., Ia. 26.4.1886, d. i Humboldt, Ia. 5.2.1963.  Sena gifte seg i Spokane, Wash. 2.8.1908 med William Nels Chantland, f. i Webster Co., Ia. 19.4.1882.  Han d. i Ft. Dodge, Ia. 9.8.1971.  Sena og William Chantland farma i Waconsta og Delana townships, Humboldt Co., Ia. og fekk fem born i lag.

f. Christina Sophie Reno, f. i Emmet Co., Ia. 18.5.1889, d. i Prairie Farm, Wis. 20.1.1972.  Ho gifte seg i Emmetsburg, Ia. 18.6.1909 med Einar Einarson Mæland frå Kyrkhus i Årdal, Ryfylke, i Amerika kjend som Einer Maland.  Han var son av handelskar Einar Einarson Østerhus på Kyrkhus, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

     og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

     og f. i Årdal 11.4.1885.  Han utvandra til Amerika i 1907 og d. i Prairie Farm, Wis. 23.10.1980.  Christina og Einer Maland farma mellom anna i Liberty township, Hamilton Co., Ia., i Sherman township, Hardin Co., Ia. Og til sist i Prairie Farm township, Barron Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag.

g. Louis Vance Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 8.2.1892, d. i Des Moines, Ia. 26.6.1935.  Lewis gifte seg i Nevada, Ia. 2.11.1925 med Gladys Pearl Lounsberry.  Ho var f. i Tama Co., Ia. 2.12.1907 og d. i Marshalltown, Ia. 4.7.1965.  Lewis Reno var murar («mason»), og han og Gladys budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia.  Dei fekk tre born i lag.

h. Albert Henry, kjend som Tom Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 3.4.1894, d. i San Luis Obispo, Cal. 13.10.1984.  Tom gifte seg i Marshalltown, Ia. 1.7.1922 med Edna Dorothy Dolash.  Ho var f. i Tama Co., Ia. 16.4.1903 og d. i Tulare Co., Cal. 4.9.1989.  Tom Reno var jarnbanekonduktør («railroad conductor»), og han og Edna budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia., men flytte som pensjonistar til Cayucos, San Luis Obispo Co., Cal.  Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Einer Maland.  Han var son av handelskar Einar Einarson Østerhus på Kyrkhus, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

     og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

     og f. i Årdal 11.4.1885.

 

Her er Einar og Ingeborg i f.t. 1920 for Årdal:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01073958000753

 

Dåpen til Einar i 1885:

Rogaland fylke, Årdal i Hjelmeland, Ministerialbok nr. A 12 (1862-1886), Fødte og døpte 1885, Side 68
https://media.digitalarkivet.no/view/6368/70

 

Einar Østerhus døde i 1953:

https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001375004

 

 

 

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Dåpen til Ingeborg - nr. 14

Rogaland fylke, Hjelmeland i Hjelmeland, Ministerialbok nr. A 11 (1861-1878), Fødte og døpte 1864, Side 20
Permanent bilde-ID: kb20070220620686
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070220620686
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070220620686.jpg
 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1133&kenr=005&bnr=0038&lnr=000

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Hjelmeland
  • Kommunenummer: 1133
  • Navn på bosted: Mæland

Antall personer registrert på bostedet: 6. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
tidslinje.gif Tjærand Johannessen Husf. g Gaardb. og Selveier 1830 Hjelmelands Prgj.  
tidslinje.gif Kari Aanenesdatter hans Kone g   1838 Hjelmelands Prgj.  
tidslinje.gif Engeborg Tjæransdatter deres Døttre ug   1864 Hjelmelands Prgj.  
tidslinje.gif Marta Karina Tjærandsdatter deres Døttre ug   1865 Hjelmelands Prgj.  
  Gudmund Johnsen   ug Tjenestekarl 1847 Hjelmelands Prgj.  
  Britta Kristoffersdatter   ug Tjenestepige 1845 Hjelmelands Prgj.

 

https://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1133&kenr=004&bnr=0039&lnr=00

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Hjelmeland og Fister
  • Kommunenummer: 1133
  • Navn på bosted: Mæland
Antall personer registrert på bostedet: 14. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
tidslinje.gif Tjæran Johanness. hf g Gaardbruger, Selve. 1830 Hjelmeland S. Prgj.  
tidslinje.gif Kari Aanensd. hans Kone g   1838 Hjelmeland S. Prgj.  
  Johannes Tjærans. s ug hjem. hos Forældrene 1868 Hjelmeland S. Prgj.  
  Aanen Tjærans. s ug hjem. hos Forældrene 1875 Hjelmeland S. Prgj.  
tidslinje.gif Engebor Tjæransd. d ug hjelper Forældrene 1864 Hjelmeland S. Prgj.  
tidslinje.gif Marta Karina Tjærans. d ug hos Forældrene 1865 Hjelmeland S. Prgj.  
  Bretta Tjæransd. d ug hos Forældrene 1866 Hjelmeland S. Prgj.  
  Anna Tjæransd. d ug hos Forældrene 1870 Hjelmeland S. Prgj.  
  Brønla Tjæransd. d ug hos Forældrene 1872 Hjelmeland S. Prgj.  
  Thore Salmunds. tj ug Tjenestedreng 1854 Hjelmeland S. Prgj.  
  Randi Gundersd. tj ug Tjenestepige 1856 Hjelmeland S.  
  Anne Gaudesd. Logerende ug Dagarbeider 1831 Hjelmeland S. Prgj.  
  Kattrine Aadesd. Lægdslem e helt understøttet 1805 Hjelmeland S. Prgj.  
  Reier Johanness. Broder af Tjeran Johannessen ug Løskarl og Handelskarl 1832 Hjelmeland S. Prgj.  
 
Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Lars !

 

Som ein biverknad på stikk nr 1 på onsdag, så skyt eg ut i nattemørket eit forsøk. 

Ta det med ei klype salt !

Johannes Jacobsen f 1832 gift 1856 m/ Ragnhild Knudsdtr  f. 1830 er begge to frå Otterstad, Modalen, Ho.

Flyttar til Fjell, Ho og får ei dtr 11 des 1865 (ein mnd for tidlig, iflg Lars) og døypt 11 mars 1866.

Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/kb20050829010629 

eller:   https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050829010629.jpg

 

Ho emigrerer 8 apr 1886 som: Inga Johannesdtr Otterstad, f 1866:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000675888

 

Etternavnet i 1912 Jacobsen, kan væra far sitt «partynym» ??

 

Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen
On 4/7/2021 at 8:53 PM, Lars E. Øyane said:

Nils Torkildson Rønnei, frå Sandvikøyri under Sandviki, var f. 28.12.1845 og gifte seg 17.7.1879 med Martha Andersdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.10.1851.  Nils og Martha var innerstfolk i Lunden, truleg hjå foreldri hennar her i Lunden 5 under Kalhagen, fram til 1882, men skreiv seg òg for Rønnei.  Då dei flytte herifrå, vart foreldri hennar buande att åleine på plassen, og då Anna Sjursdotter fall ifrå i 1894, vart plassen nedlagd.  Stova vart rivi, og den vesle jordi som låg kring tufti, vart truleg lagd til naboplassen i Lunden 6 under Kalhagen.

 

I 1882 utvandra so Nels og Martha Reno til Amerika.  Dei fór då til Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte året etter til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia.  Kring 1890 flytte dei so vidare til Graettinger, Palo Alto Co., Ia. der Nels Reno var jarnbanearbeidar («railroad section boss»).  Han vart sidan sjuk og skal vera avliden i Cherokee, Ia. kring 1905,

 

 

 

##### (this info. to be verified?)

 

 

 

 

Fra Ancestry, bør sjekkes ut videre:

 

Nels Ronnei - Ancestry.com

 

image.png.933a3188291b030c7b6259e869703217.png

Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen
On 4/7/2021 at 8:53 PM, Lars E. Øyane said:

f. Christina Sophie Reno, f. i Emmet Co., Ia. 18.5.1889, d. i Prairie Farm, Wis. 20.1.1972.  Ho gifte seg i Emmetsburg, Ia. 18.6.1909 med Einar Einarson Mæland frå Kyrkhus i Årdal, Ryfylke, i Amerika kjend som Einer Maland.  Han var son av handelskar Einar Einarson Østerhus på Kyrkhus, opphavleg frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

 

 

     og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå

 

 

 

     ##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

 

 

     og f. i Årdal 11.4.1885.  Han utvandra til Amerika i 1907 og d. i Prairie Farm, Wis. 23.10.1980.  Christina og Einer Maland farma mellom anna i Liberty township, Hamilton Co., Ia., i Sherman township, Hardin Co., Ia. Og til sist i Prairie Farm township, Barron Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag.

 

Einar og Ingeborg Tjærandsdotter i FT1920:

 

001 Einar Einarsen Østerhus - 0013 Rage - 005 Valheim, Riveland og Kaltvedt - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1920 for 1131 Årdal herred - Digitalarkivet

 

Fødsel Einar:

 

Einar - Ministerialbok for Hjelmeland prestegjeld, Årdal sokn 1842-1861 (1133P) - Digitalarkivet

 

Fødsel Ingeborg:

 

Ingeborg - Ministerialbok for Hjelmeland prestegjeld, Hjelmeland sokn 1861-1878 (1133P) - Digitalarkivet

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #8:

 

Hjarteleg takk til Grethe, Jon og Frank Marton for fleire spennande innlegg!

 

Opphavet til Einar Maland er grundig «på plass»!

 

MEN, eg er ikkje sikker på Inga Jacobson om ho kan vera den «rette»?  Ho er «svært nær»!  Finst det kanskje dødsmeldingar e.l. etter foreldri hennar?  Eller, kanskje endå betre, hadde ho søsken som utvandra og som skreiv seg for Jacobson i Amerika?  Denne lyt nok undersøkjast nærare...

 

Når det so gjeld dødsfallet til Nels Reno i Amerika, ser et at Martha er kalla enkje både i 1905 og i 1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120115_00519?usePUB=true&usePUBJs=true&pId=15914379

Men det ser ut som om folketeljaren har vilja skriva noko anna, for det er antyda at Martha hadde vore gift i 26 år...!

 

Dottersonen meinte i si tid at bestefaren skulle ha vorte «bortsett» på ein sjukeheim, og dersom bustaden var Palo Alto Co., IA, ville det høva med Cherokee, IA

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Torkildson Rønnei, frå Sandvikøyri under Sandviki, var f. 28.12.1845 og gifte seg 17.7.1879 med Martha Andersdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.10.1851.  Nils og Martha var innerstfolk i Lunden, truleg hjå foreldri hennar her i Lunden 5 under Kalhagen, fram til 1882, men skreiv seg òg for Rønnei.  Då dei flytte herifrå, vart foreldri hennar buande att åleine på plassen, og då Anna Sjursdotter fall ifrå i 1894, vart plassen nedlagd.  Stova vart rivi, og den vesle jordi som låg kring tufti, vart truleg lagd til naboplassen i Lunden 6 under Kalhagen.

I 1882 utvandra so Nels og Martha Reno til Amerika.  Dei fór då til Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte året etter til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia.  Kring 1890 flytte dei so vidare til Graettinger, Palo Alto Co., Ia. der Nels Reno var jarnbanearbeidar («railroad section boss»).  Han vart sidan sjuk og skal vera avliden i Cherokee, Ia. kring 1905,

 

##### (this info. to be verified? – died July 12, 1900? – Martha called widow in 1900!)

 

medan Martha Reno d. i Hampton, Franklin Co., Ia. 14.8.1939.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Anders, kjend som Andrew N. Reno, f. i Luster 5.1.1875, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Watertown, S.D. 1.10.1936.  Andrew gifte seg i Watertown, S.D. 28.12.1912 med

 

     ##### (kona sitt norske namn? – opphavet hennar? – Bergen og omland?)

 

     i Amerika kjend som Inga Jacobson.  Ho var dotter av

 

     ##### (fulle namn på foreldri med yrke, bustad og opphav?)

 

     og f.

 

     ##### (fødestaden hennar?)

 

     24.1.1866.  Ho utvandra til Amerika i

 

     ##### (utvandringsåret hennar? – 1882?)

 

     og d. i Hot Springs, S.D. 25.8.1953.  Andrew Reno var arbeidar («laborer»), og han og Inga budde i Watertown, Codington Co., S.D.  Dei var barnlause.

b. Anna N. Reno, f. i Luster 5.2.1879, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1882 og d. i Graettinger, Ia. 11.2.1910.  Ho gifte seg i Graettinger, Ia. 6.6.1898 med Peter Larson Duhn, f. i Palo Alto Co., Ia. 4.7.1871.  Han d. i Graettinger, Ia. 24.11.1968.  Anna og Peter Duhn farma i Walnut township, Palo Alto Co., Ia. og fekk seks born i lag.

c. Maria, kjend som Mary N. Reno, f. i Luster 22.1.1882, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Alameda, Cal. 15.4.1969.  Mary gifte seg i Humboldt Co., Ia. 16.5.1903 med Peder Johannes, kjend som Peter J. Lansing.  Han var f. i Humboldt Co., Ia. 3.11.1878 og d. i Alameda, Cal. 28.2.1961.  Mary og Peter farma først ei tid i Delana township, Humboldt Co., Ia. men budde sidan mange år i Bode, Humboldt Co., Ia. der Peter var møllearbeidar («elevator worker»).  På 1940-talet flytte dei so til Alameda, Cal. der Peter Lansing arbeidde som kontrollør ved ein marinebase («naval base stock room controller»).  Dei fekk åtte born i lag.

d. Thea Amalia Reno, f. i Emmet Co., Ia. 14.12.1883, d. i Hampton, Ia. 3.3.1971.  Thea gifte seg i Cerro Gordo Co., Ia. 21.2.1917 med Grover Arthur Banker.  Grover var f. i Franklin Co., Ia. 27.2.1889 og d. i Oakdale, Ia. 21.2.1947.  Grover og Thea Banker farma i Marion township, Franklin Co., Ia., men busette seg på 1920-talet i Hampton, Franklin Co., Ia.  Dei fekk to born i lag.

e. Nilsine Margrethe, kjend som Sena Reno, f. i Emmet Co., Ia. 26.4.1886, d. i Humboldt, Ia. 5.2.1963.  Sena gifte seg i Spokane, Wash. 2.8.1908 med William Nels Chantland, f. i Webster Co., Ia. 19.4.1882.  Han d. i Ft. Dodge, Ia. 9.8.1971.  Sena og William Chantland farma i Waconsta og Delana townships, Humboldt Co., Ia. og fekk fem born i lag.

f. Christina Sophie Reno, f. i Emmet Co., Ia. 18.5.1889, d. i Prairie Farm, Wis. 20.1.1972.  Ho gifte seg i Emmetsburg, Ia. 18.6.1909 med Einar Einarson Mæland frå Rage i Årdal, Ryfylke, i Amerika kjend som Einer Maland.  Han var son av gardbrukar Einar Einarson Østerhus på Rage, opphavleg frå Østerhus i Årdal, Hjelmeland, og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå Mæland i Hjelmeland og f. i Årdal 11.4.1885.  Han utvandra til Amerika i 1907 og d. i Prairie Farm, Wis. 23.10.1980.  Christina og Einer Maland farma mellom anna i Liberty township, Hamilton Co., Ia., i Sherman township, Hardin Co., Ia. Og til sist i Prairie Farm township, Barron Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag.

g. Louis Vance Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 8.2.1892, d. i Des Moines, Ia. 26.6.1935.  Lewis gifte seg i Nevada, Ia. 2.11.1925 med Gladys Pearl Lounsberry.  Ho var f. i Tama Co., Ia. 2.12.1907 og d. i Marshalltown, Ia. 4.7.1965.  Lewis Reno var murar («mason»), og han og Gladys budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia.  Dei fekk tre born i lag.

h. Albert Henry, kjend som Tom Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 3.4.1894, d. i San Luis Obispo, Cal. 13.10.1984.  Tom gifte seg i Marshalltown, Ia. 1.7.1922 med Edna Dorothy Dolash.  Ho var f. i Tama Co., Ia. 16.4.1903 og d. i Tulare Co., Cal. 4.9.1989.  Tom Reno var jarnbanekonduktør («railroad conductor»), og han og Edna budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia., men flytte som pensjonistar til Cayucos, San Luis Obispo Co., Cal.  Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Innlegg # 9.

 

Lars !

 

Dersom det er ho «eg provde å treffa blink på», Inga Jacobsen i innlegget mitt 9 april, du omtalar i # 8, så kjem her den skanna versjonen av utvandringa:  https://www.digitalarkivet.no/em20110223700382

eller:  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-em20110223700382.jpg

 

Dei kan synast som at ho reiser saman m/ andre frå Hosanger, dvs Modalen.

——-

Far hennar døyr før Inga utv. Mor giftar seg oppatt i 1871, utan at noko Jakob !  Og dersom dette er mor (EG garanter ingenting) L.nr 11, så er det ikkje noko arv etter mor: https://www.digitalarkivet.no/kb20050809030523

eller:  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050809030523.jpg

 

Kor vidt du vil/ynskjer å fylgja dei som Inga i 1886 reiste med til Amerika ..... det avgjerd du sjølv, Lars.

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #10:

 

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget frå sist veke!

 

Eg har gått og spekulert på Inga.  Det ser ikkje ut til å vera noki enkel sak å prova opphavet hennar.

 

Det som truleg hadde vore ein fordel, var å freista finna ho i tidlegare folketeljingar frå Amerika, særleg 1900 og 1910, eventuelt 1905, men førebels er eg ikkje komen over nokon spesielt «gode» kandidatar...  (i alle desse teljingene må ho ha vore i South Dakota!)

 

Eg trur elles det har lite for seg å følgja «medemigrantane» hennar frå Modalen.  Eg har freista liknande prosedyrar før, men med dårleg resultat.

 

Eg har òg sett på FT1920, FT1925, FT1930, FT1935 og FT1940:

 

1920: Inga utvandra 1892, fødd 1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVM-ZP3

 

1925: Inga utvandra 1895, fødd 1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBP3-19V

 

1930: Inga utvandra 1892, fødd 1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RCF-W96

 

1935: Inga utvandra 1891, fødd 1868: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D46Q-GHQ

 

1940: Inga fødd 1866: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89M1-52QH

 

Desse opplysningane får meg verkeleg til å lura!  Kanskje har me feil fødselsår på Inga?  At ho heller skal vera fødd i 1868?  Eg har ikkje noki kjelde for oppgjeven fødselsdato, men det må vera anten dødsattesten hennar eller gravstøtta frå kyrkjegarden!

 

Kan desse nye opplysningane gje oss nye «kandidatar» for Inga Jacobson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
3 hours ago, Lars E. Øyane said:

Kan desse nye opplysningane gje oss nye «kandidatar» for Inga Jacobson?

 

Kanskje en annen rute? For ekteskapet til Inga vitneser er Christ Andersen og Augusta Dahl. Kan vi finne dem i Norge?

 

Inga Jacobson

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Inga Jacobson

Gender:Female

Record Type:Marriage 

Marriage Date:28 Dec 1912

Marriage Place:Hamlin, South Dakota, USA

Spouse:Andrew Reno

Church Name:Grace Lutheran

Church Location:Watertown, South Dakota

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=60722&h=10392185&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=6061

 

d48ScreenShot20210421at.png

 

 

Edited by Anton Hagelee
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Kanskje denne Augusta Dahl. Vitne er Ingeborg Jakobsen. County er Deuel, South Dakota.

 

Gustava Dahl

 in the U.S., Evangelical Lutheran Church in America Church Records, 1781-1969

Name:Gustava Dahl

Gender:Female

Spouse:P Dahl

Child:Pearl Amanda Dahl

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=ELCAbmd&indiv=try&h=1603929

 

7f3ScreenShot20210421at.png

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Augusta Dahl

in the U.S., Find a Grave Index, 1600s-Current

Name:Augusta Dahl

Birth Date:24 Nov 1859

Death Date:7 Aug 1900

Cemetery:Hidewood Zion Evangelical Lutheran Cemetery

Burial or Cremation Place:Deuel County, South Dakota, United States of America

Has Bio?:N

Spouse:Peter J Dahl

Children:James Dahl

 

https://www.findagrave.com/memorial/41410821/augusta-dahl

 

1900 FT 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMR3-X4W

 

 

Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen

Strålende arbeid fra Anton her! Kanskje kom Inga fra Kvinnherad?

 

Kan dette være vår Inga? Her har vi en Ingeborg Jakobsdatter født 20.01.1864 i Kvinnherad (ikke 24.01.1866 som OBIT til Inga antyder).

 

Ingeborg Jakobsdatter - Klokkerbok for Kvinnherad prestegjeld, Ænes sokn 1856-1905 (1224P) - Digitalarkivet

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Fra Ancestry.com er 

 

Gustaive Agusta Nielson Dahl

1859–1900

BIRTH 24 NOV 1859 • Hordaland, Norway

DEATH 7 AUG 1900 • Deuell, Perkins County, South Dakota, USA

 

Peter Johannes Dahl

1852–1935

BIRTH 21 JUN 1852 • Ænes, Hordaland, Norway

DEATH 27 JUN 1935 • Clear Lake, Deuel County, South Dakota, USA

 

1865 FT 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01038231002146

 

Peder Johannes Jensen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Peder Johannes Jensen

Gender:Male

Race:White

Birth Date:21 jun 1852

Baptism Date:27 jun 1852

Baptism Place:Kvinnherad, Hordaland, Norway

Father:Jens Johannesen

Mother:Ingeborg Johnsdr

FHL Film Number:278071

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee
19 hours ago, Frank Marton Pedersen said:

Kan dette være vår Inga? Her har vi en Ingeborg Jakobsdatter født 20.01.1864 i Kvinnherad (ikke 24.01.1866 som OBIT til Inga antyder).

 

Ingeborg Jakobsdatter - Klokkerbok for Kvinnherad prestegjeld, Ænes sokn 1856-1905 (1224P) - Digitalarkivet

 

To døtre, Ingeborg og Ingebor.

 

FT 1865 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01038231002366

 

FT 1875

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01052272002289

 

Men dette kan være hennes ekteskap.

 

Ingeborg Jakobsdatter

 in the Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name:Ingeborg Jakobsdatter
[Ingeborg Iversen] 

Gender:Female

Marital status:Single

Age:17

Birth Date:1864

Marriage Date:30 jun 1881

Marriage Place:Kvinnherad, Hordaland, Norway

Father:J. Iversen

Spouse:Odmund Johannesen

FHL Film Number:1283392

Reference ID:Bk2 P175 Cn10

 

Nr. 10 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20060809090372

 

https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60606/images/kb20060809090372?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.20718202.35277458.1614277588-552999773.1576285696&_gac=1.53076570.1616874162.CjwKCAjwr_uCBhAFEiwAX8YJgRcGd2HIhSDelBqweDs4088jIjJ5yhBfZMq_IJF9v6sbb1DFM996choC6hcQAvD_BwE&pId=103195402

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Her er en Ingeborg Jacobson i 1900 FT som bor i Deuel, South Dakota. Fødselsår er 1874? Ankomst er 1895.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMR3-KRV

 

https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/59723331:7602?tid=&pid=&queryId=49bf40cccfb43c0393e185dd7ea8c06d&_phsrc=lpI4&_phstart=successSource

 

også

 

Ingeborg Jacobson

 in the South Dakota, U.S., State Census, 1905

Name:Ingeborg Jacobson

Gender:Female

Race:White

Marital status:Single

Age:32

Birth Date:1873

Birth Place:Norway

Years in State:12

Arrival Year in State (Estimated):1893

Residence Place:South Dakota, United States

Father's Birthplace:Norway

Mother's Birthplace:Norway

FHL Film Number:2281629

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Inga Jacobson

in the U.S., City Directories, 1822-1995

Name:Inga Jacobson

Residence Year:1909

Residence Place:Watertown, South Dakota, USA

Occupation:Operator

Publication Title:Watertown, South Dakota, City Directory, 1909

 

f35ScreenShot20210422at.png

Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Her er en annen kandidat.
Ingeborg Jakobsdatter fra Tysnes, Hordaland.

 

Ingeborg Jakob Meidelsdatter

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Ingeborg Jakob Meidelsdatter

Gender:Female

Birth Date:24 jan 1868

Baptism Date:8 mar 1868

Baptism Place:Tysnes, Hordaland, Norway

Father:Jakob Meidel Jakobsen

Mother:Inger Knudsdr

FHL Film Number:278091

Reference ID:2:129H4XM

 

Nr. 6 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070223620114

 

https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01052271005273

 

Gården er Klætte

 

Her er Ingeborg Jacobsdatter Klette utvandret i 1893 fra Bergen

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000688991

 

 

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Ingeborg Klete

 in the Canada, Arriving Passengers Lists, 1865-1935

Name:Ingeborg Klete

Gender:Male

Arrival Age:24

Birth Year:abt 1869

Departure Port:Liverpool, England; Londonderry, Ireland

Arrival Date:8 May 1893

Arrival Port:Quebec, Quebec, Canada; Montreal, Quebec, Canada

Vessel:Laurentian

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=1263&h=610567&tid=&pid=&queryId=9b22a0fb4b6f1e7df8a8979f6df2d7b0&usePUB=true&_phsrc=Fyq5&_phstart=successSource

 

Reise til ?

 

 

 

dddScreenShot20210422at.png

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Under Ingeborg er 

 

Ole Olsen Skjervheim og Kattrine Larsdatter Mørkve

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000689009

 

og 

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000689010

 

Ole Skjervheim

in the U.S., Find a Grave Index, 1600s-Current

Name:Ole Skjervheim

Birth Date:26 Sep 1870

Birth Place:Norway

Death Date:1 Aug 1941

Death Place:Farwell, Pope County, Minnesota, United States of America

Cemetery:Farwell Cemetery

Burial or Cremation Place:Farwell, Pope County, Minnesota, United States of America

Has Bio?:Y

Spouse:Katrina Skjervheim

Children:Ida Caroline SchroaderLewis ShervheimThomas SkjervheimOscar Melvin ShervheimLillian Clara Hustad

 

https://www.findagrave.com/memorial/116642439/ole-skjervheim

 

"On April 9, 1893 he was united in marriage to Kathrina Morkne. They emigrated to America, settling on a farm near Scarville, Iowa, where they resided for 27 years"

 

 

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #23:

 

Hjarteleg takk til Anton og Frank Marton for mange spennande innlegg!

 

Det er ikkje overraskande for meg at Inga Jacobson opphaveg kan ha heitt Ingeborg. Det har eg alt sett andre døme på, og eg lyt seia at denne siste «kandidaten» frå Klette på Tysnes so absolutt har noko for seg!  Det er ikkje lett å tyda reisemålet hennar, bortsett ifrå at det må vera Dakota.

 

MEN, me har svært gode bygdebøker frå Tysnes, og det hadde jo vore interessant å sjå kva forfattaren Ernst Berge Drange har finne ut om Ingeborg og lagnaden hennar i Amerika!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #24:

 

Eg har nettopp hatt ein samtale med bygdebokforfattaren for Tysnes, og me vart samde om at Ingeborg Jacobsdotter frå Klette på Tysnes MÅTTE vera identisk med Inga Jacobson i Watertown, SD.  Då kan me setja opp eit oppdatert manuskript som følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Torkildson Rønnei, frå Sandvikøyri under Sandviki, var f. 28.12.1845 og gifte seg 17.7.1879 med Martha Andersdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.10.1851.  Nils og Martha var innerstfolk i Lunden, truleg hjå foreldri hennar her i Lunden 5 under Kalhagen, fram til 1882, men skreiv seg òg for Rønnei.  Då dei flytte herifrå, vart foreldri hennar buande att åleine på plassen, og då Anna Sjursdotter fall ifrå i 1894, vart plassen nedlagd.  Stova vart rivi, og den vesle jordi som låg kring tufti, vart truleg lagd til naboplassen i Lunden 6 under Kalhagen.

I 1882 utvandra so Nels og Martha Reno til Amerika.  Dei fór då til Jackson, Jackson Co., Minn., men flytte året etter til ein farm i High Lake township, Emmet Co., Ia.  Kring 1890 flytte dei so vidare til Graettinger, Palo Alto Co., Ia. der Nels Reno var jarnbanearbeidar («railroad section boss»).  Han vart sidan sjuk og skal vera avliden i Cherokee, Ia. kring 1905,

 

##### (this info. to be verified? – died July 12, 1900? – Martha called widow in 1900!)

 

medan Martha Reno d. i Hampton, Franklin Co., Ia. 14.8.1939.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Anders, kjend som Andrew N. Reno, f. i Luster 5.1.1875, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Watertown, S.D. 1.10.1936.  Andrew gifte seg i Watertown, S.D. 28.12.1912 med Ingeborg Jacobsdoter frå Klette på Tysnes, i Amerika kjend som Inga Jacobson.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Meidel Jacobson på Klette og kona Inga Knutsdotter frå Singelstad og f. på Tysnes 24.1.1868.  Ho utvandra til Amerika i 1893 og d. i Hot Springs, S.D. 25.8.1953.  Andrew Reno var arbeidar («laborer»), og han og Inga budde i Watertown, Codington Co., S.D.  Dei var barnlause.

b. Anna N. Reno, f. i Luster 5.2.1879, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1882 og d. i Graettinger, Ia. 11.2.1910.  Ho gifte seg i Graettinger, Ia. 6.6.1898 med Peter Larson Duhn, f. i Palo Alto Co., Ia. 4.7.1871.  Han d. i Graettinger, Ia. 24.11.1968.  Anna og Peter Duhn farma i Walnut township, Palo Alto Co., Ia. og fekk seks born i lag.

c. Maria, kjend som Mary N. Reno, f. i Luster 22.1.1882, utvandra til Amerika med foreldri i 1882 og d. i Alameda, Cal. 15.4.1969.  Mary gifte seg i Humboldt Co., Ia. 16.5.1903 med Peder Johannes, kjend som Peter J. Lansing.  Han var f. i Humboldt Co., Ia. 3.11.1878 og d. i Alameda, Cal. 28.2.1961.  Mary og Peter farma først ei tid i Delana township, Humboldt Co., Ia. men budde sidan mange år i Bode, Humboldt Co., Ia. der Peter var møllearbeidar («elevator worker»).  På 1940-talet flytte dei so til Alameda, Cal. der Peter Lansing arbeidde som kontrollør ved ein marinebase («naval base stock room controller»).  Dei fekk åtte born i lag.

d. Thea Amalia Reno, f. i Emmet Co., Ia. 14.12.1883, d. i Hampton, Ia. 3.3.1971.  Thea gifte seg i Cerro Gordo Co., Ia. 21.2.1917 med Grover Arthur Banker.  Grover var f. i Franklin Co., Ia. 27.2.1889 og d. i Oakdale, Ia. 21.2.1947.  Grover og Thea Banker farma i Marion township, Franklin Co., Ia., men busette seg på 1920-talet i Hampton, Franklin Co., Ia.  Dei fekk to born i lag.

e. Nilsine Margrethe, kjend som Sena Reno, f. i Emmet Co., Ia. 26.4.1886, d. i Humboldt, Ia. 5.2.1963.  Sena gifte seg i Spokane, Wash. 2.8.1908 med William Nels Chantland, f. i Webster Co., Ia. 19.4.1882.  Han d. i Ft. Dodge, Ia. 9.8.1971.  Sena og William Chantland farma i Waconsta og Delana townships, Humboldt Co., Ia. og fekk fem born i lag.

f. Christina Sophie Reno, f. i Emmet Co., Ia. 18.5.1889, d. i Prairie Farm, Wis. 20.1.1972.  Ho gifte seg i Emmetsburg, Ia. 18.6.1909 med Einar Einarson Mæland frå Rage i Årdal, Ryfylke, i Amerika kjend som Einer Maland.  Han var son av gardbrukar Einar Einarson Østerhus på Rage, opphavleg frå Østerhus i Årdal, Hjelmeland, og kona Ingeborg Tjærandsdotter frå Mæland i Hjelmeland og f. i Årdal 11.4.1885.  Han utvandra til Amerika i 1907 og d. i Prairie Farm, Wis. 23.10.1980.  Christina og Einer Maland farma mellom anna i Liberty township, Hamilton Co., Ia., i Sherman township, Hardin Co., Ia. Og til sist i Prairie Farm township, Barron Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag.

g. Louis Vance Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 8.2.1892, d. i Des Moines, Ia. 26.6.1935.  Lewis gifte seg i Nevada, Ia. 2.11.1925 med Gladys Pearl Lounsberry.  Ho var f. i Tama Co., Ia. 2.12.1907 og d. i Marshalltown, Ia. 4.7.1965.  Lewis Reno var murar («mason»), og han og Gladys budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia.  Dei fekk tre born i lag.

h. Albert Henry, kjend som Tom Reno, f. i Palo Alto Co., Ia. 3.4.1894, d. i San Luis Obispo, Cal. 13.10.1984.  Tom gifte seg i Marshalltown, Ia. 1.7.1922 med Edna Dorothy Dolash.  Ho var f. i Tama Co., Ia. 16.4.1903 og d. i Tulare Co., Cal. 4.9.1989.  Tom Reno var jarnbanekonduktør («railroad conductor»), og han og Edna budde i Marshalltown, Marshall Co., Ia., men flytte som pensjonistar til Cayucos, San Luis Obispo Co., Cal.  Ingen born.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då er det berre dødsfallet til Nils som står att som uløyst, men kanskje dukkar ogso det opp einkorstad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.