Jump to content
Arkivverket

Ole Otteson Leirdal i Luster (1697-1744) - døydde brått og let etter seg mange små born som vert borte! - hamna nokre av dei kanskje i ytre Sogn eller i ytre Sunnfjord?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ei skikkeleg utfordrande huslyd frå Luster som eg har slite med i over 40 år for å finna ut av.  Eg syner til skiftet etter (leiglendingen) Ole Otteson Leirdal i Luster, dagsett 25.2.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/144

 

Her er enkja og alle borni opprekna, og i tillegg til desse fekk dei òg ein son etter at husfaren døydde.

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Otteson Leirdal, frå Sperle i Jostedalen, var f. i Jostedalen kring 1697 og d. i Leirdalen først på året i 1744.  Han gifte seg i Jostedalen ved påsketider i 1726 med Britha Olsdotter frå Bakken i Jostedalen.  Ho var f. i Jostedalen kring 1706 og d. visstnok i Leirdalen kring 1750.  Ole Otteson fekk 12.12.1734 bygselsbrev på dette bruket i Leirdalen, og han og Britha tok over styringi frå våren 1735.  Ole dreiv garden dei åri han levde.  Han og Britha fekk sju born i lag:

 1. Ole Olson, d.e., f. i Jostedalen ?.6.1726,

 

     ##### (n. 1744 – lagnaden hans? – ytre Sogn?)

 

 2. Kari Olsdotter, f. kring 1729,

 

     ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?)

 

 3. Otto Olson, f. kring 1732,

 

     ##### (n. 1744 – lagnaden hans? – ytre Sogn?)

 

 4. Anna Olsdotter, døypt 8.5.1735,

 

     ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?)

 

 5. Christenca Olsdotter, døypt i Hafslo 12.1.1738,

 

     ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?)

 

 6. Martha Olsdotter (1740-1800), vart gift med husmann Peder Pederson Døl i Eidsbakken under Eide (1742-1784).

 7. Ole Olson, d.y., døypt 6.9.1744, voks opp som legdelem på Leirmo.

 

     ##### (lagnaden hans? – ytre Sogn?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Yngste dotteri Martha kom på legd i Fortun og vart gift og busett der, sjå:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/211742-peder-pederson-døl-fødd-kring-1742-truleg-i-lom-vart-konfirmert-i-luster-1762-og-var-husmann-her-kven-var-han-kvar-vart-det-av-borni-hans-til-gulensolundaskvoll/?tab=comments#comment-1782666

 

medan yngste sonen er nemnd som legdelem på garden Leirmo.  Kjelda for desse opplysningane meiner eg er komne frå fattigprotokollane for Luster som børja kring 1756.

 

Dei eldre borni hadde truleg òg vore på legd som born, men ser alle ut til å vera flytte frå Luster før dei kom i konfirmasjonsalderen.  Ogso den yngste Ole må vera bortflytt.  Berre Martha vart konformert her: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456956

 

Men kvar kan det ha vorte av dei??

 

Kan dei, som so mange andre foreldrelause born, vera flytte til ytre Sogn eller kanskje til ytre Sunnfjord?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #2:

 

Eit namn som Christenca Olsdotter KAN vera lettare å leita etter, og her er ein etter mitt syn god «kandidat»:

 

gift i 1755: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000991087

 

avlidi i 1759: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000736754

 

Mann hennar Christen Aamundson er ein del av denne huslyden:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/209745-aamund-1698-og-jørgen-1704-haagenssøner-brør-frå-fortun-sokn-i-luster-til-årdal-kring-17301733-og-so-til-kongsberg-eller-til-bergen-kvar-vart-det-av-dei-og-borni-deira/?tab=comments#comment-1778254

 

Og finn me eit skifte etter denne Christenca Olsdotter i Bergen, KAN det vera ei fantastisk kjelde til å finna søskeni hennar!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.