Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Anna Nilsdotter Hagen/Urnæs - fødd i Hafslo 1883 - utvandra andre gongen i 1914 - kva tid reiste ho første gongen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år og som no skal vera ein del av siste bandet i bygdebokserien for Luster.  Greier nokon å løysa denne floka?

 

Anna Nilsdotter Urnæs, var fødd på husmannsplassen Hagen under Urnes i Hafslo 6.10.1883.

 

Her er «gjen»utvandringi hennar frå 1914https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736939

 

Ho gifte seg i Thief River Falls, MN 16.11.1919 med Bernhard Hansson Helgerud frå Land (1888-1932), som utvandra til Amerika i 1909.

Her er dei i:

 

* FT1920 i Divide Co., ND (båe med utvandringsår 1910): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFH-3JM

 

* FT1930 i Divide Co., ND (han med utvandringsår 1910, ho med utvandringsår 1907): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRCN-3K

 

Eg føler eg har leitt både høgt og lågt, men eg finn ikkje denne utvandringi.  Det var ei Anna Nilsdotter Næsset som utvandra frå Hafslo i 1906, men det var ei onnor jente!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Anton, Sven og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Eg seier meg lei for at eg ikkje hadde teke med namni til foreldri, men Sven har jo levert dei...

 

Eg lurer på, vil ikkje Anna vera registrert ved ankomst til Ellis Island ogso første gongen ho kom dit?  Det ser ut som om ho utvandra i 1906?

 

For ordens skyld, her er «hi» Anna Nilsdotter (Nesset) som me veit utvandra frå Hafslo i 1906:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Nilsdotter Næset, f. {i Hafslo} 27.10.1882,

Anna N. Neset utvandra til Amerika i 1906 og fór då til Benson, Swift Co., Minn., men gifte seg i Glasgow, Mont. 11.3.1908 med Peter Edward Hilleren, son av husmann Johannes Johannesson frå Venjeplassen under Venjo (1849-1927).  Han var f. i Swift Co., Minn. 26.10.1882.  Peter var jarn-banearbeidar (“railroad maintenance worker”), og han og Anna vart buande i Tioga, Williams Co., N.D. levetidi ut.  Peter d. i Tioga, N.D. 10.12.1958, medan Anna Hilleren d. same staden 4.11.1961.  Dei var barnlause, men fostra opp eldste dotteri til Nels Neset, bror hennar (sjå ovanfor).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elles var det nytt for meg at Anna Nilsdotter Urness hadde vore i North Dakota før ho kom heim på vitjing i 1914.  Men eg finn ho likevel ikkje i FT1910!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mener å huske at dette er henne

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000576163

 

Vet ikke om dette er av interesse, men snubla over denne om faren hennes, Nils Hagen

https://www.nb.no/items/245b306d9d2d288f7ba6d65243d24663?page=0&searchText="Nils hagen"

 

Edit:

 

Gravde litt rundt og jeg har Annas testamente hvis det er av interesse.

Endret av Renate Hagen
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Renate for kjempeflott innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne den første utvandringi til Anna frå 1906.  Ho må ha vore tenestejente i Drammen ei tid før ho utvandra...

 

Elles var artikkelen om Nils Hagen interessant lesing!

 

Godt å vita at du har testamentet hennar Anna, i tilfelle...  Men me har vel no fått dei opplysningane me treng om denne huslyden.

 

Problemet er med andre ord løyst, og eg er kjempenøgd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Lars E. Øyane changed the title to LØYST: Anna Nilsdotter Hagen/Urnæs - fødd i Hafslo 1883 - utvandra andre gongen i 1914 - kva tid reiste ho første gongen?
On 5/4/2021 at 2:06 AM, Renate Hagen said:

 

Takk Renate. Ankomst er lett når du har utvandret oppføring.

 

Anna Hagen

 in the New York, U.S., Arriving Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957

Name:Anna Hagen

Gender:Female

Ethnicity/ Nationality:Scandinavian

Marital status:Single

Age:23

Birth Date:abt 1883

Last Known Residence:Drammen

Departure Port:Christiania

Arrival Date:18 Sep 1906

Arrival Port:New York, New York, USA

Final Destination:Cresco, Howard

Money in Possession:$10

Person in US:Mr John Faransavarth

Person in US Relationship:Uncle

Ship Name:Hellig Olav

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=7488&h=4010680531&tid=&pid=&queryId=d8c3c6f0304c4d11d562ea2e33cc279f&usePUB=true&_phsrc=oWA1&_phstart=successSource

 

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.