Gå til innhold
Arkivverket

Gaute Endreson Vivelid frå Eidfjord og Anna Larsdotter Bjotveit frå Ullensvang - vigde 1833 - opphav og huslyden deira - Ullensvang - Eidfjord - Årdal - Luster - Amerika!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Arentsen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Ole Arentsen

Gender:Male

Birth Date:19 mai 1839 (19 May 1839)

Baptism Date:21 jul 1839

Baptism Place:Stod, Nord-Trøndelag, Norway

Father:Arent Olsen

Mother:Elen Anne Storkersdatter

FHL Film Number:125440

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=xHA1&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&dbid=60092&gsfn=ole&gsfn_x=1&gsln_x=1&msbdy=1839&msbdy_x=1&msbpn__ftp=nord trondelag, norway&msbpn__ftp_x=1&msbpn=30816&msbpn_x=1&new=1&rank=1&uidh=bz3&redir=false&gss=angs-d&pcat=34&fh=32&h=13170239&recoff=&ml_rpos=33&queryId=d082e690d75ab31d7898831b070d2f6b

 

Nr. 31 

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070927680463

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #78:

 

Ein ny kjempetakk til Anton for mange spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg har no lese gjennom alle innleggi, og det er ei stor glede for meg å syna fram eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gaute Endreson Svendsøy, frå Vivelid i Eidfjord, var son av gardbrukar Endre Gauteson på Vivelid og kona Britha Torbjørnsdotter frå Med­hus og f. i Eidfjord 19.2.1804.  Gaute gifte seg i Ullens­vang 15.4.1833 med Anna Larsdotter frå Bjotveit i Ullensvang.  Ho var dotter av gardbrukar Lars Torstenson på Bjotveit, opphavleg frå Oppedal, og kona Sigrid Johannesdotter frå Berget og f. i Ullensvang 23.9.1815.

Gaute og Annavar ei tid gardbrukarar på Bjotveit i Ullensvang og sidan på heimebruket på Vivelid i Eidfjord der dei budde fram til 1845.

 

##### (detaljar om bustadar 1845-1853?)

 

I 1853 kom so Gaute og Anna til Svensøy i Luster som gardbrukarar, rimelegvis på Storteigen, og her vart dei buande fram til 1858.  Sidan var dei innerstfolk på Holmestad og på Yttri fram til kring 1864.

Kring 1864 utvandra Gaute og Anna til Amerika, der me under namni Gaute og Anna Anderson finn dei att i Crawford Co., Wis.  Gaute d.

 

##### (date and place of death? – shortly after arrival!)

 

og Anna gifte seg att

 

##### (date and place of her 2nd marriage? – prior to 1870!)

 

med enkjemannen Jørgen Larsson, opphavleg frå Grimholdt i Solum, i Amerika kjend som George Lewis.  Han var son av

 

##### (yrke?)

 

Lars Mathiasson på Grimholdt, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og kona Maria Jørgensdotter frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og f. i Solum 31.8.1818.  Han utvandra til Amerika i 1855 og gifte seg første gongen i Dodge Co., Wis. 8.8.1858 med Helvig Zakariasdotter frå Kleivi i Gjerpen, i Amerika kjend som Ellen Zachariasson.  Ho var dotter av gardbrukar Zacharias Jensson i Kleivi, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksen?)

 

og andre kona Anna Halvorsdottrer frå

 

##### (kvar fødd/oppvaksi?)

 

og f. i Gjerpen 12.2.1832, men utvandra til Amerika med mor si i 1856.  George Lewis farma i Clayton township, Crawford Co., Wis. der Ellen d.

 

##### (date of her death? – after 1861 – 1864?)

 

George og Anna flytte sidan

 

##### (after 1880)

 

til Viroqua, Vernon Co., Wis. der George d.

 

##### (date and place of his death? – about 1900?)

 

Anna Lewis d. i Viroqua, Wis. 17.1.1898.

Anna Larsdotter fekk minst ti born, som alle var frå første ekteskapet med Gaute Endreson:

 

##### (var det fleire born?)

 

 1. Tore Gauteson, f. i Ullensvang 24.6.1833, d. på Bjotveit i Ullensvang 12.6.1834.

 2. Sigrid Gautesdotter (1835‑187?),

Sarah Anderson utvandra til Amerika frå Luster i 1858 og vart gift der borte med gardbrukarsonen Christopher Christopherson frå Fortun (1816-1905) (s.d.).

 3. Britha Gautesdotter (1838‑1904), vart gift med husmann Erik Halvorson på Bruhaugen under Holmestad (1833-1906).

 4. Christi Gautesdotter, f. i Eidfjord 1.12.1840,

Christine G. Anderson utvandra til Amerika i 1864 og gifte seg i Lisbon, Ill. 18.2.1866 med Tjerand Olson frå Vattendal i Skånevik, i Amerika kjend som Tjerand Olson.  Han var son av husmann Ole Tjerandson på

 

##### (ein plass under Vattendal?)

 

under Vattendal, opphavleg frå Tjelde, og andre kona Alis Larsdotter frå Hillesdal og f. i Skånevik 25.12.1836, men utvandra til Amerika i 1862.  Tjerand og Christine farma mange år i Kickapoo township, Crawford Co., Wis., men flytte kring 1897 til ein «homestead» i Wolf Creek township, Rolette Co.. N.D. der Tjerand Olson d. 22.9.1908.  Christine vart sidan buande med borni, mellom anna hjå dotteri Anna i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal., men d. hjå dotteri Thea i Seattle, Wash. 14.9.1931.  Christine og Tjerand skal ha hatt ti born, men eitt av dei d. visstnok som nyfødt, og me veit berre om dei ni andre:

 

##### (info on 10th child?)

 

a. Gustave Olai Olson, f. i Kendall Co., Ill. 12.2.1867, sette livet til ved ein brann i Reads­town, Wis. 5.11.1907.  Gustave gifte seg i Vernon Co., Wis. 2.7.1892 med Betsy, kjend som Bessie Anderson, dotter av husmannssonen Christen Andersson frå Øvregard under Jostedal Prestegard (1837‑1909).  Ho var f. i Dane Co., Wis. 18.4.1872 og d. i Aurora, Ill. 13.5.1952.  Som enkje gifte ho seg

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1910?)

 

     att med Beecher Henry May, f. i Vernon Co., Wis. 18.1.1874.  Gustave og Bessie farma i Kickapoo township, Vernon Co., Wis., men flytte sidan til Readstown, Vernon Co., Wis. der Gustave var arbeidar («laborer»).  Beacher May var dampmaskinførar og tømmerarbeidar («steam engine operator and lumber worker») i Vernon Co., Wis., men han forlét familien etter kort tid og forsvann.

 

     ##### (what happened to Beecher May?)

 

     Bessie fekk i alt ti born, åtte frå første ekteskapet og to frå det andre.

b. Alice Louise Olson, f. i Vernon Co., Wis. 30.3.1869, d. i Crosby, N.D. 10.12.1958.  Alice gifte seg første gongen

 

     ##### (date and place of her 1st marriage? – 1888?)

 

     med enkjemannen John Richard Hocking, f. i Camborne, Cornwall, England 11.2.1847. 

 

     ##### (parents copper miner Edmund Hocking and wife Mary Anne Rule)

 

     men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854. 

 

     ##### (John 1900 copper mine manager Adams township, Houghton Co., MI)

 

     John d. i Wakefield, Mich. 29.4.1911, men han og Alice vart skilde i 1904, og Alice gifte seg att i Bottineau, N.D. 5.9.1905 med enkjemannen Lauris, kjend som Lewis Samuelson, f. i Fayette Co., Ia. 23.12.1858.  Han d. i Crosby, N.D. 9.10.1934.  Lewis og Alice farma først i Westhope township, Bottineau Co., N.D., men Lewis vart sidan kornagent («grain elevator manager»), først i Rome township, Polk Co., Minn. og frå 1920-åri i Wheelock, Williams Co., N.D.  Alice fekk i alt tre born, to frå første ekteskapet og eitt frå det andre.  Dessutan hadde John Hocking seks born frå første ekteskapet sitt.

c. Ole Amanias Olson, f. i Vernon Co., Wis. 22.6.1871,

 

     ##### (date and place of his death? – after 1908!)

 

     ##### (biography??)

 

d. Eidie Serena Olson, f. i Vernon Co., Wis. 13.8.1873, d. i Vernon Co., Wis. ?.9.1874.

e Anna Serena Olson, f. i Vernon Co., Wis. 30.6.1876, d. i Los Angeles, Cal. 2.5.1941.  Anna gifte seg i Milwaukee, Wis. 18.8.1898 med Alfred Walter Sawyer, f. i Lucas Co., Ohio 1.12.1869.  Han d. i Los Angeles, Cal. 21.6.1952.  Alfred var elektrikar («electrician»), og han og Anna budde først i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte før 1920 til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Dei fekk fem born i lag.

f. Thea Marie, kjend som Mary Olson, f. i Vernon Co., Wis. 16.11.1878, d. i

 

     ##### (place of her death? – Montana?)

 

     14.8.1967.  Mary gifte seg første gongen i Helena, Mont. 4.4.1908 med Richard F.

 

     ##### (middle name?)

 

     Carroll, i St. Johns, Newfoundland 13.7.1874.  Mary og Richard tok i 1910 «homestead» i Superior township nær Lozeau, Mineral Co., Mont., men flytte 1919 til Seattle, King Co., Wash. der Richard d. 10.7.1923.  Mary gifte seg so att i Seattle, Wash. 1.1.1925 med Gilbert O.

 

     ##### (middle name?)

 

     Nicholl, f. i Cook Co., Ill. 24.9.1879.  Han d. i Missoula, Mont. 16.6.1969.  Gilbert var båtbyggjar («boat carpenter»), og han og Mary budde ei tid i Seattle,. King Co., Wash., men flytte først på 1930-talet attende til farmen hennar i Superior township nær Lozeau, Carbon Co., Mont.  Mary fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

g. Andrew Cornelious Olson, f. i Vernon Co., Wis. 5.1.1881, d. i Viroqua, Wis. 15.9.1954.  Andrew Olson gifte seg i Bottineau Co., N.D.

 

     ##### (exact date of his marriage?)

 

     1905 med Bertha K. Hanson, ei dotter av husmannsdotteri Anna Larsdotter frå Hagen under Sande (1858‑1951).  Bertha var f. i Craw­ford Co., Wis. 24.3.1881 og d. i Viroqua, Wis. 31.7.1967.  Andrew og Bertha Olson farma ei kort tid i Wolf Creek township, Rolette Co., N.D., men flytte sidan attende til ein farm i Kickapoo township, Vernon Co., Wis.  Dei fekk åtte born i lag.

h. Julia Mathilda Olson, f. i Vernon Co., Wis. 31.12.1882, d. i Brooksville, Fla. 19.7.1976.  Julia gifte seg i Butte, Mont. 30.4.1908 med Walter John Test, f. i Clearfield Co., Penn. 12.8.1878.  Han d. i Brooksville, Fla. 21.2.1974.  Walter var opphavleg gruvearbeidar og snikkar («miner and carpenter»), men tok kring 1910 «homestead« i Mineral Co., Mont.  Frå 1915 til 1921 var han so snikkar («carpenter») i Akron, Ohio. Liknande arbeid hadde han òg i Fort Lauderdale, Fla. frå 1922 til 1928.  Sidan var Walter Test bilfabrikkarbeidar («car factory worker»), og dei budde i Dearborn, Wayne Co., Mich. til dei i 1950‑åri flytte til Brooksville, Fla.  Dei fekk fem born i lag.

i. Neil Gehard Olson, f. i Vernon Co., Wis. 20.6.1884, d. i Vernon Co., Wis. 1.11.1887.

 5. Endre Gauteson, f. i Eidfjord 26.4.1843,

Andrew G. Anderson utvandra til Amerika i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 8.1.1867 med Guri Olsdotter frå Puntervoll i Egersund, i Amerika kjend som Julia Pontavold.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Tønnesson på Puntervold og kona Maren Nilsdotter frå Selhus og f. i Egersund 15.12.1837, men utvandra til Amerika i 1858.  Andrew og Julia slo seg ned som farmarar i Utica township, Crawford Co., Wis. der Andrew d. alt kring 1873.  Julia gifte seg sidan att med enkjemannen Iver Sjurson (1839-1913), i Amerika kjend som Ever Severson, opphavleg frå Åretun i Lærdal.  Han hadde før vore gift med husmannsdotteri Synneva Nilsdotter frå Trondskogen under Kroken i Hafslo (1849-1873) (s.d.).  Julia og Ever farma òg i Utica township, Crawford Co., Wis. der Julia d. 2.1.1916.  Me kjenner til tree born etter Ever og Julia.  Andrew og Julia fekk desse tre borni i lag, og dessutan hadde Julia ein son frå før:

a. Iver, kjend som Ever Anderson, son av Julia, var f. på Atlanterhavet 15.7.1858 og d. i Gays Mills, Wis. 19.6.1909.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 3.8.1879 med Martha Anderson, ei stedotter av gardbrukarsonen Christopher Torbjørnson frå Fortun (1841‑1887).  Ho var f. i Dane Co., Wis. 6.1.1859 og d. i Gays Mills, Wis. 28.11.1946.  Ever og Martha farma i Utica township, Crawford Co., Wis. og fekk ni born i lag.

b. Maria, kjend som Mary Anderson, f. i Crawford Co., Wis. 5.8.1867, d. i Mt. Sterling, Wis. 17.1.1946.  Mary gifte seg i Crawford Co., Wis. 29.12.1885 med Knut Hal­vorson frå Kyrkjevoll i Borgund, Lærdal, i Amerika kjend som Knute Helgerson.  Han var son av husmann Halvor Endreson på Bakken under Kyrkjevoll, opphavleg frå Kallevang, Kyrkjevoll, og kona Gjørond Olsdotter frå Gjerdet under Næset og f. i Borgund, Lærdal 15.6.1859.  Han utvandra til Amerika med foreldri sine i 1872 og d. i Crawford Co., Wis. 29.5.1913.  Knute og Mary farma òg i Utica township, Crawford Co., Wis. og fekk ti born i lag.

c. Augusta Anderson, f. i Crawford Co., Wis. 3.8.1869, d. i Mason City, la. 27.1.1968.  Augusta gifte seg i Crawford Co., Wis. 28.9.1890 med Albert Eugene Carman, f. i Erie Co., Penn. 20.3.1863.  Han d. i Mason City, Ia. 29.101911.  Augusta og Albert farma først i Brockway township, Jackson Co., Wis., men flytte kring 1907 til Mason City, Cerro Gordo Co., Ia. der Albert livnærte seg som snikkar («carpenter»).  Dei fekk seks born i lag.

d. Sigbert Anderson, f. i Crawford Co., Wis. 28.10.1871, d. i La Crosse, Wis. 9.7.1961.  Sigbert farma i Utica township. Crawford Co., Wis., men var ugift.

 6. Martha Gautesdotter, f. i Eidfjord 4.11.1845, d. ved eit ulukkeshende på Svensøy i Luster 12.2.1855.

 7. Anna Gautesdotter, f. i Årdal i Sogn 18.6.1850,

Anna G. Anderson utvandra til Amerika kring 1864 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 2.12.1867 med Erik Knutson frå Grøthe i Lærdal, kjend som Erick Knutson.  Han var son av husmann Knut Erikson på Klanten under Grøthe, opphavleg frå Sande under Ljøsne, og kona Martha Andersdotter frå Bondehagen under Bø og f. i Lærdal 26.5.1838, men utvandra til Amerika i 1861.  Anna og Erick Knutson vart farmarar i Utica township, Crawford Co., Wis. der Anna d. 31.3.1919.  Erick d. same staden 23.2.1924.  Dei fekk ti born i lag:

a. Cornelius Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 30.8.1868, d. i Prairie du Chien, Wis. 1.7.1946.  Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 12.7.1905 med Anna Kristine Andersdotter Hauge frå Bergen, i Amerika kjend som Anna A. Hauge.  Ho var dotter av arbeidar Anders Johannesson Hauge i Bergen, opphavleg frå Haugsbakken under Hauge i Lærdal, og kona Johanna Bolette Marie Christiansdotter frå Hauge i Bremanger og f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hennar? – Bergen eller Kinn?)

 

     1885.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1904, men d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – Crawford Co., WI?)

 

     1912.  Cornelius farma i Utica township, Crawford Co., Wis., men var òg smed («blacksmith»), og flytte sidan til Mt. Sterling, Crawford Co., Wis.  Cornelius og Anna fekk tre born i lag.

b. Gilbert E. Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 26.2.1870, d. i Soldiers Grove, Wis. 7.4.1952.  Gilbert gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 14.11.1895 med søskenbarnet Anna Marie, kjend som Marie Halverson, dotter av husmann Erik Halvorson på Bruhaugen under Holmestad (1833‑1906).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 24.5.1876, men d. i Crawford Co., Wis. alt 9.4.1898.  Gilbert vart so 31.1.1900 attgift i Vernon Co., Wis. med Kari, kjend som Carrie Johnson, f. i Crawford Co., Wis. 6.3.1881.  Ho d. i  

 

     ##### (place of her death? – Chippewa Co., WI!)

 

     22.6.1957.  Gilbert og Carrie flytte i 1908 til Stanley, Chippewa Co., Wis. der han livnærte seg som sagbruksarbeidar («saw mill laborer»).  Han fekk ein son, som var frå første ekteskapet, men han og Carrie adopterte òg ei dotter etter søsteri Anna Wick.

c. Martha Annalena Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 26.11.1872, d. i Crawford Co., Wis. 4.7.1953.  Martha gifte seg i Crawford Co., Wis. 2.2.1898 med Ever J. Nedrelo, f. i Crawford Co., Wis. 15.7.1878.  Han d. i. Crawford Co., Wis. 26.9.1958.  Ever dreiv bensinstasjon («ser­vice station operator») og var mekanikar («mechanic»).  Dei budde i Mt. Sterling, Crawford Co., Wis. og fekk seks born i lag.

d. Anna Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 1.7.1876, d. i Crawford Co., Wis. 8.7.1876.

e. Sam Adolph, kjend som Adolph Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 13.5.1878, d. i Stanley, Wis. 10.9.1943.  Adolph gifte seg i Crawford Co., Wis. 6.12.1900 med Ida Christine Jackson, ei dotter­dotter av gardbrukarsonen Henrik Torbjørnson frå Nes (1834-1902).  Ho var f. i Crawford Co., Wis. 15.11.1880 og d. i Ladysmith, Wis. 31.3.1965.  Adolph farma i Utica township, Crawford Co., Wis., men vart sidan sagbruksmaskinist («saw mill engineer») og flytte då til Stanley, Chippewa Co., Wis.  Han og Ida fekk ti born i lag.

f. Anna Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 29.10.1881, d. i Owen, Wis. 12.3.1919.  Anna gifte seg i Crawford Co., Wis. 14.11.1900 med Olai Kasper Olson Wick frå Spillum i Klinga, Namsos, i Amerika kjend som Casper O. Weeks.  Han var son av fyrbøtar Ole Arntson på Spillum i Klinga, opphavleg frå Øksnes i Stod, og kona Karen Olsdotter frå Romstad i Holtålen og f. i Namsos 27.11.1878, men utvandra til Amerika i 1899.   Han d. i Everett, Wash. 3.8.1965.  Anna og Casper farma først i Utica township, Crawford Co., Wis., men flytte sidan til Stanley, Chippewa Co., Wis. og derifrå til Owen, Clark Co., Wis. der Casper var sagbruksarbeiudar («lumbermill laborer»).  Som enkjemann gifte han seg att og flytte til Laurel Heights, Snohomish Co., Wash.  Han fekk ti born, som alle var frå første ekteskapet med Anna Knutson.

g. Jorgine, kjend som Georgia Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 30.7.1884, d. i Viroqua, Wis. 20.2.1971.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 27.12.1916?)

 

     med Albert Lincoln Holmes, f. i Lafayette Co., Wis. 3.12.1889.  Han d. i Mt. Sterling, Wis. 31.5.1972.  Georgia og Albert farma i Utica township, Crawford Co., Wis. og fekk seks born i lag.

h. Edward Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 20.1.1887, d. i Prairie du Chien, Wis. 3.2.1966.  Edward gifte seg i Crawford Co., Wis. 24.8.1914 med Verna Mary Holmes, f. i Grant Co., Wis. 8.10.1897.  Ho d. i Stoughton, Wis. 13.2.1986.  Edward var sagbruksarbeidar («saw mill laborer»), og dei budde i Gays Mills, Crawford Co., Wis.  Dei fekk ti born i lag.

i. Andrew Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 22.10.1889, d. i Viroqua, Wis. 20.10.1972.  Andrew gifte seg i Crawford Co., Wis. 6.10.1920 med Gertie Mathilda Johnson, f. i Crawford Co., Wis. 27.3.1898.  Ho d. i Soldiers Grove, Wis. 23.11.1961.  Andrew og Gertie farma i Utica township, Crawford Co., Wis., men var barnlause.

j. Clara Knutson, f. i Crawford Co., Wis. 27.4.1892, d. i Bagley, Wis. 2.2.1969.  Ho gifte seg i Crawford Co., Wis. 9.10.1912 med Casper Alvin Ready, f. i Grant Co., Wis. 15.10.1890.  Han d. i Prairie du Chien, Wis. 10.7.1958.  Clara og Casper farma i Bagley, Grant Co., Wis., men han vart sidan postfunksjonær («postal messenger») same staden.  Dei fekk sju born i lag.

 8. Lars Gauteson, f. i Luster 17.6.1853,

Lewis G. Anderson utvandra til Amerika i 1864 og gift seg i Vernon Co., Wis. 14.5.1874 med Malena Salmonson, dotter av gardbrukarson Ole Salomonson frå Ottum (1811‑1871).  Ho var f. i Luster 23.4.1854 og utvandra i 1856 med foreldri sine til Amerika.  Lewis og Malena Anderson slo seg ned som farmarar i Kickapoo township, Vernon Co., Wis., men dei d. båe i Crawford, Lewis 6.4.1908 og Malena 25.8.1912.  Dei fekk tre born i lag:

a. Anna Galena Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 7.3.1875. Ho d. i Readstown, Wis. 16.4.1951.  Anna gifte seg

 

     ##### (place of her marriage?)

 

     16.12.1896 med Robert Christian York, f. i Waukesha Co., Wis. 8.12.1856.  Han d. i Readstown, Wis. 28.1.1946.  Roobert var jarnbanearbeidar («railroad worker«), og han og Anna budde i Readstown, Vernon Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag.

b. Martha Olina Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 28.10.1877, d. i La Crosse, Wis. 21.4.1945.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med Mont

 

     ##### (middle name?)

 

     Nelson, f. i La Crosse Co., Wis. 23.7.1879.  Han d. i La Crosse, Wis. 17.5.1938.  Mont var klesfabrikant («clothing manufacturer»), og han og Martha budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis.  Dei var barnlause.

c. Emma Sorine Anderson, f. i Vemon Co., Wis. 24.11.1882, d. i La Crosse, Wis. 2.3.1918.  Emma gifte seg i Crawford Co., Wis. 10.11.1904 med Elbert Eugene Wilkinson, f. i Vernon Co., Wis. 28.8.1877.  Han d. i Memphis, Tenn. 12.2.1964.  Elbert var bartender, og han og Emma budde først i Readstown, Vernon Co., Wis., men flytte sidan til La Crosse, La Crosse Co., Wis.  Dei fekk fem born i lag.

 9. Martha Gautesdotter, f. i Luster 21.3.1858,

Martha G. Anderson utvandra til Amerika i 1864 og gifte seg i Mauston, Wis. 2.10.1883 med James Patrick Barrett, f. i Waukesha Co., Wis. 10.3.1860.  James var sagbruksformann («sawmill foreman»), og han og Martha  budde lenge i Tomah, Monroe Co., Wis., men flytte kring 1905 til Gladstone, Delta Co., Mich. der Martha d. 19.5.1936.  James d. i Lansing, Mich. 30.5.1948.  Dei fekk seks born i lag:

a. Mary Johanna, kjend som Mae Barrett, f. i Jackson Co., Wis. 19.4.1884, d. i Tomah, Wis. 8.11.1963.  Ho gifte seg første gongen i Gladstone, Mich. 23.7.1907 med Herman Joseph Krueger, f. i Sauk Co., Wis. 5.4.1877.  Han d. i Luce Co., Mich. 16.9.1923.  Herman Krueger var røyrleggjar («plumber»), og han og Mae budde i Gladstone, Delta Co., Mich.  Som enkje gifte Mae seg att i Escanaba, Mich. 11.1.1958 med enkjemannen Michael Edward Donovan, f. i Juneau Co., Wis. 2.1.1881.  Han d. i Tomah, Wis. 26.7.1967.  Michael var jarnbanekonduktør («railroad conductor») og hadde mellom anna butt i Wausau, Marathon Co., Wis., men han og Mae flytte som pemnsjonistar til Tomah, Monroe Co., Wis.  Mae fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet hennar, men Michael hadde òg ein son frå eit tidlegare ekteskap.

b. James Earl, kjend som Earl Barrett, f. i Washington Co., Minn. 11.10.1885, d. i Flint, Mich. 2.5.1973.  Han gifte seg første gongen i Gladstone, Mich. 30.6.1910 med Lettie

 

     ##### (middle name? – par: Julius and Nellie)

 

     Vashaw, f. i Marquette Co., Mich. 20.3.1892.  Ho d. i Pontiac, Mich. 14.8.1980, men ho og Earl vart skilde alt I 1911.  Earl gifte seg att i Marin Co., Cal. 11.5.1915 med Myrtle Evelyn Celio, f. i El Dorado Co., Cal. 21.5.1897.  Ho d. i Camino, Cal. 4.9.1978. 

 

     ##### (divorced before 1930! - year??)

 

     Earl gifte seg tredje gongen

 

     ##### (date and place of his 3rd marriage? – after 1930/prior to 1935)

 

     med Reta A.

 

     ##### (middle and maiden names?)

 

     Ho var f.

 

     ##### (place of her birth? – where in IN?)

 

     Ind. 7.3.1906 og d. i Flint, Mich. 28.7.1963.  Earl var

 

     ##### (occupation and place of residence prior to 1930!?)

 

     bilfabrikkformann («car factory foreman»), og han og siste kona Reta budde i Flint, Genesee Co., Mich.  Earl fekk tre born, eitt frå første ekteskapet og to frå det andre.

c. Anna Isabelle Barrett, f. i St. Croix Co., Wis. 7.2.1888, d. i Dunedin, Fla. 28.8.1980.  Anna gifte seg i Escanaba, Mich. 29.9.1914 med Raymond Burns Barrell, f. i Foster Co., N.D. 17.12.1891.  Han d. i Clearwater, Fla. 3.9.1967.  Raymond var innkjøpsagent («industrial purchasing agent»), og han og Anna budde mange år i Sault Ste. Marie, Chippewa Co., Mich., men flytte i 1957 som pensjonistar til Clearwater, Pinellas Co., Fla.  Dei fekk fire søner i lag.

d. John Robert Barrett, f. i Jackson Co., Wis. 5.5.1890, d. i Flint, Mich. 25.8.1970.  John gifte seg i Gladstone, Mich. 6.7.1910 med Florence Elizabeth Luna Herrick Pennock, f. i Otsego Co., Mich. 22.4.1892.  Ho d. i Flint, Mich. 31.1.1983.  John var bilfabrikkinspektør («car factory assistant superintendant»), og han og Florence budde i Flint, Genesee Co., Mich.  Dei fekk åtte born i lag.

e. Joan Ellen Barrett, f. i Jackson Co., Wis. 16.4.1892, d. i Escanaba, Mich. 25.9.1975.  Joan gifte seg i Gladstone, Mich. 5.4.1915 med Gustaf Edvard Carlsson frå Vilske-Kleva i Skaraborgs län, Sverige, i Amerika kjend som Gustaf Edward Dehlin.  Han var son av gardbrukar Carl Johan Wilhelm Andersson på

 

     ##### (bustad? – gardsnamnet?)

 

     i Vilske-Kleva, opphavleg frå Kleva

 

     ##### (kvar i Kleva?)

 

     og kona Sophia Wilhelmine, kjend som Wilhelmina Gustafsdotter Setterberg, òg frå Vilske-Kleva,

 

     ##### (kvar i Kleva?)

 

     og f. i Vilske-Kleva, Skaraborgs län, Sverige 4.2.1889, men utvandra til Amerika med mor si i 1893.  Han d. i Gladstone, Mich. 20.2.1972.  Gustaf Dehlin var farmasøyt og apotekeigar («pharmacist and drug store owner»).  Dei budde i Gladstone, Delta Co., Mich. og fekk tre born i lag.

f. Grace Bedelia Barrett, f. i Monroe Co., Wis. 28.7.1895, d. i East Lansing, Mich. 2.12.1992.  Ho gifte seg første gongen i Gladstone, Mich. 9.2.1918 med William John Mottel, f. i Langlade Co., Wis. 23.1.1891.  Han d. i Gladstone, Mich. 9.6.1931.  William var sagbruksstyrar («lumber mill manager»), og han og Grace budde i Gladstone, Delta Co., Mich.  Grace gifte seg att i Lansing, Mich. 29.8.1937 med Floyd Eugene Geraldeau, f. i Delta Co., Mich. 20.10.1905.  Han d. i Lansing, Mich. 3.9.1992. 

 

     ##### (occupation and place of residence? – 1935/1940: Lansing, Ingham Co., MI! – 1940: travelling man)

 

     Grace fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet.

10. Thomas Gauteson, f. i Luster 22.1.1861,

Thomas G. Anderson utvandra til Amerika i 1864 og gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 30.12.1881 med Olina, kjend som Lena Salmonson, ei dotter av gardbrukarsonen Ole Salomonson frå Ottum (1811‑1871).  Lena var f. i Vernon Co., Wis. 24.7.1863 og d. i Readstown, Wis. 23.12.1932.  Lena og Thomas vart skilde

 

##### (year of divorce?)

 

og Thomas gifte seg

 

##### (date and place of his 2nd marriage?)

 

med Maria Olena Olson, f. i Vernon Co., Wis. 8.8.1860.  Ho d. i Viroqua, Wis. 12.5.1940.  Sjølv d. Thomas i Prairie du Chien, Wis. 29.8.1945.  Thomas farma i Kickapoo township, Vernon Co., Wis., men var ei tid òg jarnbanearbeidar («railroad worker») i Readstown, Vernon Co., Wis.  Lena Salomonson Anderson gifte seg att i Vernon Co., Wis. 23.2.1914 med Frederick M.

 

##### (middle name?)

 

Groves, f. i Perry Co., Ohio 26.2.1855.  Han d. i La Crosse, Wis. 23.10.1942.  Fred Groves farma i De Soto, Vernon Co., Wis.  Thomas Anderson fekk åtte born, som alle frå første ekteskap med Lena Salmonson:

a. Julia Aletta Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 20.4.1883, d. i Bountiful, Utah 17.5.1967.  Julia gifte seg i Vernon Co., Wis. 28.9.1904 med Richard Hoffland, ei dotterson av husmann Ole Helgeson i Røssemyrhaugen under Skår (1822-1903).  Richard var f. i Crawford Co., Wis. 14.9.1882 og d. i Bountiful, Utah 16.7.1965.  Richard Hoffland var butikkstyrar («store keeper»), og han og Julia budde ei tid i Readstown, Vernon Co., Wis., men Richard vart sidan kornhandlar («grain buyer»), og han og Julia budde mellom anna i Dawson, Midder Co., N.D., i Blanchard township, Traill Co., N.D., i Steele, Kidder Co., N.D. der Richard òg var kolonialhandlar («grocery merchant»).  Som pensjonistar flytte dei sidan til Bountiful, Utah.  Dei fekk to born i lag.

b. Olianna Mathilda, kjend som Tillie Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 1.4.1885, d. i Carrington, N.D. 2.6.1983. Tillie gifte seg i Griggs Co., N.D. 8.2.1912 med Edwin Martin Watne, f. i Dane Co., Wis. 4.3.1885.  Han d. i Carrington, N.D. 12.12.1978.  Tillie og Edwin farma i Glenfield township, Foster Co., N.D., men Edwin arbeidde òg for vegstellet («State Highway Department worker»).  Dei fekk to born i lag.

c. Sarah Galena Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 11.7.1887, d. i Viroqua, Wis. 8.3.1979.  Sarah gifte seg i Crawford Co., Wis. 23.2.1907 med Ernest Wesley, kjend som Wesley Phillips, f. i Vernon Co., Wis. 17.6.1886.  Han d. i La Crosse, Wis. 2.5.1941.  Dei farma i Kickapoo township, Vernon Co., Wis. og fekk fem born i lag.

d. Gerhard Andrew Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 17.2.1890, d. i Vernon Co., Wis. 2.11.1977.  Gerhard gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage?)

 

     med Jennie

 

     ##### (middle name?)

 

     Phillips, f. i Vernon Co., Wis. 2.4.1893.  Ho d. i La Crosse, Wis. 19.1.1950.  Dei farma i Liberty township, Vernon Co., Wis. og fekk ti born i lag.

e. Elmor T.

 

     ##### (middle name?)

 

     Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 6.6.1892, d. i Vernon Co., Wis. 19.4.1893.

f. Melvin John Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 17.10.1894, d. i Prairie du Chien, Wis. 29.8.1945.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 6.6.1923 med Veatta Ruth Crook Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 14.9.1900.  Ho d. i Vernon Co., Wis. 26.8.1973.  Melvin var butikkstyrar («store keeper»), og han og Veatta budde i Readstown, Vernon Co., Wis., men var barnlause.

g. Emma Susan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 18.2.1897, d. i Milwaukee, Wis. 14.5.1972.  Emma gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – 1931?)

 

     med Lester Koser, f. i Milwaukee Co., Wis. 13.4.1899.  Han d. i Milwaukee, Wis. 20.5.1956.  Lester var målar («painter»), og han og Emma budde i Milwaukee, Milwaukee Co., Wis.  Dei fekk ein son i lag.

h. Tracy O.

 

     ##### (middle name?)

 

     Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 20.12.1899, d. i La Crosse, Wis. 20.4.1928.  Tracy gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage?)

 

     med William Ludwig Walters, f. i Manitowoc Co., Wis. 19.5.1899.  Han d. i La Crosse, Wis. 19.6.1948.  William var postbod («mail carrier»), og han og Tracy budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis., men var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg er svært takksam for alle desse glimrande opplysningane og vonar sjølvsagt på fleire...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.