Gå til innhold
Arkivverket

Søskeni Engeslef i indre Sogn kring 1700 - kvar kom dei ifrå? - truleg frå Danmark?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å identifisera to søsken ENGESLEF som gifte seg med to søsken TEISTE frå Kroken i Hafslo:

 

Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1665 - gifte seg truleg kring 1694 med Øllegaard Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1674.  Dei var i fleire år gardbrukarar på Marheim i Hafslo, men flytte kring 1698 til Bergen og kring 1703 vidare til København der Søren var distillatør og der han døydde kring 1711.  Minst ei dotter vart døypt i Bergen:

* Margretha, døypt Bergen 16.6.1702: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005754550

 

Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668 - gifte seg kring 1691 med Peder Janson TEISTE, fødd i Hafslo kring 1667.  Dei budde som gardbrukarar i Kroken der Peder døydde kring 1709, medan Maren levde til kring 1730.

 

Er det mogeleg å finna noko om opphavet til desse søskeni?  Var dei danske av fødsel??  Skal me dømma etter namneoppkallingane, heitte mori mest truleg Anna...

 

Her finn me eit par andre Engeslef-huslydar i Danmark:

* Barnefødsel Mette Margrethe Pedersdotter Engeslef i Sæby, Hjørring amt 1703: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XBQ7-HSH

* Skifte etter Hans Engeslef i Aarhus 1745: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2SQ-SVN5

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1665 - gifte seg truleg kring 1694 med Øllegaard Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1674.  Dei var i fleire år gardbrukarar på Marheim i Hafslo, men flytte kring 1698 til Bergen og kring 1703 vidare til København der Søren var distillatør og der han døydde kring 1711.  Minst ei dotter vart døypt i Bergen:

* Margretha, døypt Bergen 16.6.1702: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005754550

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XYCM-WQF

 

Name Soren
Sex Male
Christening Date 30 Apr 1709
Christening Place Copenhagen, Copenhagen, Denmark
Christening Place (Original) Nikolaj Kirke, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark
Father's Name Soren Jenson
Father's Sex Male
Mother's Name Ollegaard Theisted
Mother's Sex Female
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XYCM-W3Y

 

Name Mette Christine
Sex Female
Christening Date 13 Aug 1704
Christening Place Copenhagen, Copenhagen, Denmark
Christening Place (Original) Nikolaj Kirke, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark
Father's Name Soren Jensen Distillerer
Father's Sex Male
Mother's Name Ollegaard Theiste
Mother's Sex Female
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XYCM-7B4

 

Name Jan
Sex Male
Christening Date 13 Aug 1704
Christening Place Copenhagen, Copenhagen, Denmark
Christening Place (Original) Nikolaj Kirke, Kobenhavn, Kobenhavn, Denmark
Father's Name Soren Jensen Distillerer
Father's Sex Male
Mother's Name Ollegaard Theiste
Mother's Sex Female
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #5:

 

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg!

 

Eg studerte i si tid kyrkjebøkene frå København og fann den gongen at Søren og Øllegaard ogso hadde denne sonen etter dei var komne til København:

 

* Johan døypt København 16.9.1706

 

og etter Søren døydde, gifte Øllegaard seg att (vigsli deira har eg aldri finne...) med Ib Nielsen BELM, som òg var distillatør og sidan brennevinshandlar.  Dei fekk dotteri:

 

* Else Marie døypt i København 26.9.1713

 

Ib levde i 1743, men var avliden før 1750 då enkja hans Malena Jochumsdotter døydde!

 

Eg har ikkje greidd å finna noko dødsfall for korkje Øllegaard, Søren eller Ib, og ikkje heller veit eg kvar det vart av borni deira, so om du Sven eller andre tek ei utfordring her, ville eg setja kjempestor pris på det!

 

Elles vil eg gjerne føya til at yngste dotteri til Maren Jensdotter Engeslef ogso heitte Mette Margrethe, liksom dotteri til Peder Engeslef i Sæby.  Kanskje Peder Engeslef var bror av Søren og Maren??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Det var spennande å oppdaga at etterkomarane til Hans Hansson Engeslef endra namnet til Ingerslev, og eg ser det er talrike Ingerslevs i Danmark (og i Amerika), men ingen av dei synest ha levd før 1750!  Eg ser likevel ikkje bort ifrå at denne boki KAN innehalda spennande opplysningar om oppgavet til ætti.  Men kvar kan ein få tak i denne boki??

 

Elles har eg nytta mykje tid i ettermiddag med å studera Engeslef-ætti i Sæby i Hjørring amt, og eg har finne følgjande:

 

Peder Jenssen ENGESLEF og kona Karen Pedersdatter døypte i alle fall tre born i Sæby:

* Søren, døbt 30.3.1698: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G944-K1H2?i=49&cc=2078555

* Jens, døbt 5.12.1700: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G944-KBTV?i=58&cc=2078555

* Mette Margrethe døbt 19.8.1703: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-8944-KYPW?i=67&cc=2078555

Peder Jenssen ENGESLEF og Karen Pedersdatter gifte seg i Sæby 4.7.1697: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-9944-KYDR?i=47&cc=2078555

 

Eg er ganske so overtydd om at Peder Jensson ENGESLEF må vera ein bror av Søren og Maren, og kanskje var søskeni barnefødde i Sæby?  Men er det mogeleg å finna ut av dette?  Hans Hansson Engeslef budde i Aarhus, men kan godt ha vore av same ætti...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera denne ætti!

 

PS: Eg har ogso i dag freista liva opp att ein debatt eg hadde om denne huslyden hjå Dansk slægtsforum i 2016: https://forum.slaegt.dk/index.php/topic,106391.0.html

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.