Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ragnhild (Marie) Iversdotter (Skophammer) (1750-1798) - fødd i Hafslo - først tre «uekte» born i Bergen og sidan gift same stad - kven var mann hennar og kvar vart det av dei to yngste borni hennar?


Recommended Posts

Dette er ei anna utfordrande gåte som eg har jobba med i mange år, og som eg berre står heilt «bom fast» på.  Kan nokon hjelpa meg vidare?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

Ragnhild Iversdotter {Skophammer}, døypt {i Hafslo} 15.2.1750,

Ragnhild Iversdotter er truleg identisk med den Ragnhild Marie Iversdotter som 26.12.1779 gifte seg i Nykyrkja i Bergen med Jan Hansson Dahl

 

¤¤¤¤¤ (kven var han? – han 59 år i 1804 – ho var 56 år i 1798!)

 

Jan Dahl var skomakarsvein, og parfolket budde visstnok i Nordnesgaten i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (sjekka dette – sjå konfirmasjonen til Herman! – 1778 i 3. rode 48)

 

der Ragnhild vart gravlagd 5.9.1798.  Jan er truleg identisk med den Jan Dahl som sidan sat på tukthuset i Bergen og vart gravlagd derifrå 19.4.1804.  Dei fekk ikkje born i lag, men Ragnhild hadde tre born frå før:

a. Anna Cathrine Jacobine Johan(nes)dotter Meyer, dotter av Ragnhild og korp0ral Johan(nes) Meyer, vart døypt i Bergen 14.7.1771, men vart gravlagd i Bergen 6.4.1778.

b. Johanna Nicoline Marie Johan(nes)dotter Meyer, likeins dotter av Ragnhild og korporal Johan(nes) Meyer, vart døypt i Bergen 29.8.1773,

 

     ¤¤¤¤¤ (ikkje konf. i Nykyrkja – lagnaden hennar?)

 

c. Herman Pettersen, son av Ragnhild og «bortreist matros» Hans Christian Walter, vart døypt i Bergen 11.5.1777,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. NK 1795 – 16 år – hjå «stivfaderen Herman Dahl på M.B.» – lagnaden hans?)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.