Gå til innhold
Arkivverket

Guro Olsdotter Aspevig - fødd i Lærdal 1837 - utvandra i 1883 som enkje med tre døtrer til Becker Co., MN - levde framleis som enkje i Becker Co., MN i 1910, men kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Guro Olsdotter Aspevig var fødd i Lærdal 10.3.1837 og var gift i Lærdal med husmann Hans Andersson Sandnes (1835-1870).  Dei fekk fire born i lag, deriblant tre døtrer, Synneva 1862, Metta Kirstine 1865 og Ragnhild 1869.

 

I 1883 utvandra Guro Aspevig med dei tre døtrene til Atlanta township, Becker Co., MN, og der budde Guro i 1885, 1900 og 1910.  Berre i 1895 var ho i Home Lake township, Norman Co., MN.

 

* Men kvar vart det av Guro Aspevig etter 1910?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

I 1883 utvandra Guro Aspevig med dei tre døtrene til Atlanta township, Becker Co., MN, og der budde Guro i 1885

 

For ordens skyld:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQF8-Y12

 

Name Guro O Aspvig
Age 48y
Event Date 1885
Event Place Atlanta, Becker, Minnesota, United States
Residence Place Atlanta, Becker, Minnesota
Sex Female
Sex F
Age 48 years
Age 48
Age 48y
Ethnicity Canadian
Race White
Race White
Race W
Birth Date 1837
Birth Year (Estimated) 1837
Birthplace Norway
Volume Becker
Record Number 19660
 
Other People on This Record
Susan H Aspvig F 22y Norway
Christina H Aspvig F 20y Norway
Richard H Aspvig M 15y Norway
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hjarteleg takk til Grethe for nyttige og utfordrande innlegg!

 

Eg har ikkje følgt denne huslyden i seinare generasjonar, men ser at i alle fall ei av døtrene vart gift:

 

* Metta Kirstine Aspevig gifte seg i Spokane, WA i 1888 med Edward H. Rudd frå Hedmarken, og dei flytte ein gong etter 1910 frå Clay Co., MN til Morden, MB der Metta døydde i 1953: https://www.findagrave.com/memorial/167483925/edward-rudd?_gl=1*1kybzl2*_ga*MTUwMDc5NDgxMS4xNjQ5MzE1NzM0*_ga_4QT8FMEX30*MTY1MTQxNDcxMy43LjEuMTY1MTQxNjIxNy4w

 

Men eg har ikkje finne spor etter Guro i Morden, MB...

 

Kvar kan no Guro ha gøymt seg...?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode freistnadar på å finna lagnaden hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

# 5

 

Iflg. dette familietreet hos Ancestry - LENKE - så er det oppgitt at hun ble gravlagt ved Atlanta Lutheran Church, Ulen, MN.

Ulen i Clay County er jo ikke veldig langt unna Oakport, Clay County hvor datteren Metta og hennes familie bodde i 1910. Dessverre er det ikke oppgitt noen kilde annet enn referanse/henvisning til følgende;

 

Source information

Title

Re: Aspevigs

Author

Duane Dale - HDUKEJD@aol.com

 

Forøvrig flyttet Metta og familien til CAN i 1919 iht. U.S., Consular Registration Applications, 1916-1925 - LENKE

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #6:

 

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget frå sundag.

 

Det ville ikkje vera usannsynleg at Guro vart gravlagd i Atlanta cemetery som ligg i Becker Co., MN, men i so fall har ho ikkje støtte på gravi si, og eg kan heller ikkje sjå at kyrkjebøkene for Atlanta Lutheran church finst online.

 

Det er tydeleg ei kjempeutfordring å finna ut kvar det vart av Guro, men om dei nemnde kyrkjebøkene kunne finnast, ville me truleg vera eit langt steg i riktig retning...

 

Eg kan nemna at Guro hadde ei svigerinne Mary Aspevig som ifølgje Atlanta cemetery døydde i Ulen, Clay Co., MN 26.9.1910, men dette dødsfallet er heller ikkje registrert i dei offisielle dødsregisteri for Minnesota!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand men denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #7:

 

So har eg likevel finne kyrkjebøkene for Atlanta Lutheran church, men diverre er dei tydeleg mangelfulle.

 

Vigde manglar mellom 1904 og 1921: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/150729637:60722

 

Gravlagde manglar mellom 1904 og 1917: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/150729637:60722

 

So me står framleis fast når det gjeld dødsfallet hennar Guro Aspevig...

 

Alle nye tips vert mottekne med kjempetakk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.