Jump to content
Nasjonalarkivet

Gloppen Sfj: Vilhelm Valterson Lote - dottera Susanne Slagstad og andre familiemedlemer på 1600-talet - kva veit vi?


Recommended Posts

Det er som nemnt berre 10 treff, alle med Gd 1, og eg tippar alle er amerikanarar. Fem av dei har ikkje lagt ut eldste ane, og dei andre fem har lagt ut ein eldste-ane som er fødd på 18- eller 1900-talet, så ikkje mykje å hente der. Gd 1 kan vere nært eller fjernt, og kan for den del ligge utanfor historisk tid. Eg har dessverre ingen kandidatar til potensielle systre av Susanne, så det blir som du antydar: Å vente på at fleire testar seg. Kanskje ein dag kjem det noko som ser kjent ut 🙂

 

Tilknytinga til Lote botnar nok i at det ikkje er så mange Vilhelmar å velje i på denne tida, og Lote ligg berre ein liten rotur unda. Bygdeboka skriv "kanhende" - og lenger har ikkje eg kome heller, som kjent.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
  • 1 year later...

I samband med ut-rullinga av det nye mt-treet hos Familytreedna, har Susanne-testen fått ny haplogruppe, som ho deler med ein del personar som ser ut til å ha opphav på dei britiske øyane. Det er gjerne eit hint om kvar vi må for å finne slekta hennar.

 

image.thumb.png.cd697e4b7e7d44da167ae1e327402688.pngI samband 

 

  • Like 3

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.