Gå til innhold
Arkivverket

Bruk Historisk befolkningsregister, HBR, histreg.no som felles plattform!


Kjell Inge Tomren

Recommended Posts

Eg har etter kvart lært at personprofilar med mange navn, spesielt dei med ulike patronym, er ein indikasjon på at det er feil i profilen. Men, eg har no fleire gongar sett at det berre er for mange navn og at lista over lenkjer til hendingar i livsløpet alle er om same person. Eg har fått informasjon om at det har blitt gjennomført automatisk lenkjing og så ei runde med korrigeringar av det som har blitt feil. Eg reknar difor med at desse profilane med for mange navn, har blitt laga automatisk og etter det korrigert, men at korrigeringa ikkje har retta opp i dei namna som kom får ein annan person. 

Endret av Kjell Inge Tomren
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det eg gjorde denne gongen, var å gå gjennom alle foreldre-personane og hake vekk dei oppføringane som openbart ikkje var same person. På nokre personar måtte eg ta det i fleire omgangar; fyrst dei som var frå Jevnaker og ikkje Bergen, så dei som var frå Skudesnes og ikkje Bergen, osv. Etter ei stund hadde eg fått ein forelder som hadde berre sin eigen ektemake og dei felles borna, og då gjekk eg gjennom borna for å sjå om det var oppføringar som kunne eliminerast der.

 

Lista inneheldt ein del personar som eg absolutt ikkje kunne forstå koblingsgrunnlaget for, og der brukte eg Feilhåndtering-familiekoblinger; dei vil ta vekk koblingar som er henta frå folketellingar td, og det kan stundom revolusjonere lista. Eg slo heile tida saman personar i familiane som eg visste var den same. 

 

Til slutt sto eg att med 6 born som ikkje hadde noko som helst i familien å gjere, så der fann eg rette foreldra, løyste borna eit og eit frå feil foreldre med Feilhåndtering og la dei eit og eit i familiekorga til foreldra.  Det fungerte flott!  Men eg er redd eg har samla for mange feilføringar på same person nokre stader, så der er nok andre som får ein ryddejobb også.

 

Noko av problemet var ein familie i to folketellingar som besto av ei enkje, dottera hennar med ektemake utan born, og ei anna dotter hadde med seg SI dotter. Desse fem personane var til dels sine eigne foreldre før eg begynte, sikkert på grunn av uklare skildringar som Hennes datter - utan å vere heilt tydeleg på kven Hennes refererte til.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg legger merke til at personprofiler i histreg.no ofte kommer høyt opp som treff når jeg søker på navn i Google. Dette syns jeg er en veldig positiv utvikling. Er det noe vi som lenker manuelt kan gjøre for å påskynde den positive utviklingen? En form for søkemotor optimalisering?

Endret av Kjell Inge Tomren
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har skifta nettlesar i dag, og ein del lagra passord har ikkje blitt med over. Eg har fått ordna dei fleste med "gløymt passord"-funksjon, men finn ikkje noko slikt på Histreg. Kan @Lars Holden hjelpe meg inn att?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg får framleis ikkje gjort noko på Histreg, sidan eg ikkje har passordet mitt lenger. Eg har prøvd å skrive til den oppgjevne epostadressa, men har ikkje fått svar. Litt frustrerande, eigentleg.

  • Trist 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg får framleis ikkje gjort noko på Histreg, sidan eg ikkje har passordet mitt lenger. Eg har prøvd å skrive til den oppgjevne epostadressa, men har ikkje fått svar. Litt frustrerande, eigentleg.

Hei, Aase.  Jeg er usikker på hvor lurt det er å oppgi mailadresser her inne, og jeg har noen tips til deg som jeg ikke føler for å legge ut i forumet.  Hvordan kommer vi i direkte kontakt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 minutter siden, Ellen Fakset skrev:

Hei, Aase.  Jeg er usikker på hvor lurt det er å oppgi mailadresser her inne, og jeg har noen tips til deg som jeg ikke føler for å legge ut i forumet.  Hvordan kommer vi i direkte kontakt?

Send ei privat melding til profilen min i dette forumet 🙂

Eg fekk forresten tilsendt passord frå Histreg i går, men det fungerte dessverre ikkje, så eg er framleis ikkje "tilbake på jobb".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.