Gå til innhold
Arkivverket

Andreas Johanson Syltegjerde - Kvar vart han av?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Andreas Johanson Syltegjerde  var i 1880 dreng i Eid i Romsdal. Her vart han far til eit uekte barn, Emilie Andreasdatter Monsås, som vart fødd den 25. september1880 i Eid i Romsdal, og døypt 28. november 1880. Ho var fødd utanfor ekteskap. Mora var Maria Eriksdatter Monsaas, f. 1848. Kjelde:   Ministerialprotokoll for Eid og Voll prestegjeld, Eid sogn - Møre og Romsdal, 542/L0552: Ministerialbok nr. 542A02, 1854-1884, s. 45, innføring nr. 16.  https://www.digitalarkivet.no/kb20070308670085                                                                        

Ho døde 88 år gammal i Molde 20. november 1968.  Kjelde: https://www.digitalarkivet.no/view/387/pc00000001896486      

 

Andreas Mathias Johansen Syltegjerdet vart fødd 16. mars 1849 og døypt 9. april 1849 i Fræna. Han var uekte son av Johan Olsen Syltegjerdet og Sissel Arnesdatter Syltegjerdet. Kjelde: Ministerialprotokoll for Fræna prestegjeld, Vågøy sogn - Møre og Romsdal, 565/L0748: Ministerialbok nr. 565A02, 1845-1872, s. 12, innføring nr. 13.  https://www.digitalarkivet.no/kb20050707010604

 

Giftarmålet deira gjekk av stabelen den 22. juni 1851. Her er namna Johan Olsen Nordeem, frå Nordeem på Nordmøre og Zizel Arnesdatter, fødd på Syltegjerdet i Fræna. Johan er 27 år og Zizel er 32 år. Far til Johan er Ole Pedersen og far til Zizel er Arne Johnsen. Han er koppevaksinert i 1829 og ho i 1821. Kjelde: Ministerialprotokoll for Fræna prestegjeld, Vågøy sogn - Møre og Romsdal, 565/L0748: Ministerialbok nr. 565A02, 1845-1872, s. 198, innføring nr. 5  https://www.digitalarkivet.no/kb20050707010775

 

I klokkarboka er  etternamnet til Johan Olsen skrive som Naas eller Naus. Mest truleg er det Naas på Eide, Nordmøre.  Kjelde: Ministerialprotokoll for Fræna prestegjeld, Vågøy sogn - Møre og Romsdal, 565/L0753: Klokkerbok nr. 565C02, 1845-1870, s. 198, innføring nr. 5  https://www.digitalarkivet.no/kb20070911680171

 

Andreas reiste til Amerika med båten National Linie den 4. mai 1883. Han var 34 år, maler av yrke. Bosted: Bud. Han reiste saman med ein Knud Olsen Skjelbostad på 30 år frå Eid i Romsdal, forhenværende korporal. Kjelde: Bergen politikammer / politidistrikt, J.a/J.ab/L0001: Emigranter til Amerika, 1874-1885, løpenr. 1235.  https://www.digitalarkivet.no/em20110223700271

 

Spørsmålet er kvar det vart av Andreas i Amerika. Alle søk på namnet hans er utan resultat. Han kan ha endra namn i Amerika slik mange gjorde, men heller ikkje søk på Johanson/Johansen, Sylte eller Gjerde har ført fram. Kameraten hans, Knud Olsen Skjelbostad kom tilbake frå Amerika og bosette seg på Vollen i Ørskog.

Kan nokon hjelpe til her? Kvar vart det av Andreas? Gifte han seg og fekk etterkomarar, døde han utan arvingar eller returnerte han til Norge slik som kameraten Knud?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

 

4 maj 1883
 
  Nummer 1235 
 
Med vänlig hälsning, Sissel

IMG_2552.jpeg

Endret av Sissel Holte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager, la in utreisen som allerede fanns. 
 

Finner denne Andreas Ness i Iowa ft 1905. 
Vært i landet i 23 år , født ca 1849. 
Kanskje sjekke denne ?
 

 

IMG_2553.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sjekka litt meir om denne Andreas Ness, men eg trur ikkje dette er rette mannen. Det står ikkje noko om kvar i Norge han vart fødd, heller ikkje finn eg noko om foreldra hans anna enn at dei er fødde i Norge. Eit anna spørsmål er kvifor han kallar seg Ness. Faren hans vart i klokkarboka ved vigsel kalla Naas eller Naus og i ministerialboka er etternamnet Nordeem, og foreldra budde på Syltegjerdet i Fræna. Det er dette namnet Andreas er skriven med ved utreisa til Amerika. Så kvifor skulle han kalle seg Ness. Ein annan grunn til at eg trur Ness som etternamn må vere feil er at det i dette området i Iowa er det svært mange som har dette etternamnet, noko som tyder på at dei kom frå same området i Norge. Andreas kan sjølvsagt ha hatt kjenningar som hadde emigrert før han og derfor kan ha slått seg ned nettopp i Webster i Iowa, og det kan sjølvsagt vere ei feilskriving at Naas eller Naus har vorte til Ness. Eg har ikkje funne dokumentert når han ankom USA. Det finst kanskje eit dokument frå Ellis Island, der dei fleste kom i land. Men han kan også ha kome via Canada. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skrevet (endret)

Mange takk for gode tips. Det kan sjå ut som om dette er rette mannen. Eg trur du har rett Anne når du antydar at Andreas Nerland vart fødd i Frænens prestegjeld.

 

Ifølgje folketeljinga av 1900 har Andreas og kona Christina ingen barn, men i eit testamente som er skrive 12. mars 1890 gjev han kona si "the custody and tuition of my children, who shall be minors at and after my deceased" og oppnemner henne som "guardian" til dei. Om dette tyder at dei likevel hadde born, veit eg ikkje, men det kan sjå ut som han berre nemner det i tilfelle han får born før han døyr. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-XCC9-ZHV?i=248

Ein av vitna er Ingebrigt Knutsen Myrbostad frå Fræna. Han flytte seinare tilbake til Norge der vi finn han i folketeljinga i 1910  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036782001951

 

Er det mogeleg å finne når han kom til Amerika? Kanskje det der står kva namn han då brukar.

 

Det er noko merkeleg at Andreas kallar seg Nerland i Amerika.

Endret av HelgeHånes
meir kunnskap
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 minutter siden, HelgeHånes skrev:

Er det mogeleg å finne når han kom til Amerika? Kanskje det der står kva namn han då brukar.

Immigrasjonsår er i 1900-tellingen oppgitt til 1883, så det stemmer bra med "din" Andreas. Har ikke funnet han i passasjerlister enda.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1895 har Andrew og Christina Nerland "selskap" av en Sivert Nerland, 17 år gammel. https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SMS-YN8?view=index&personArk=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMQ6Y-D6P&action=view

 

Denne er trolig identisk med Sivert Johnson Nerland, født 31.desember 1877, foreldre John O Nerland og Christine Christenson (kan han være en halvbror av Andreas?)

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:6K71-PRGV

Navn Sivert Johnson Nerland
Navnemerknad Name and form dates: Application: SIVERT JOHNSON NERLAND (Nov 1937)
Kjønn Male
Fødselsdato 31 Dec 1877
Fødested Norway
Social Program Application Date Nov 1937
Rase White
Fars navn John O Nerland
Fars kjønn Male
Mors navn Christine Christenson
Mors kjønn Female
Type hendelse Social Program Correspondence
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.