Jump to content
Arkivverket

SF, Balestrand, Klokkarbok, Konformerte 1880-1919


Recommended Posts

GODT ÅR !

 

For nesten 3 år sidan tok eg på meg oppgåva å føra inn Konfirmerte i Balestrand, Klok, 1880-1919, etter avtale m/ ei jenta pr e-post.

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050818030163.jpg Dette er side 1.

 

Først i går vart eg ferdig med dei 1.074 navna. Så det skulle bli knapt èin dag pr person !!

 

Diverre så har eg ikkje «fylt med i timen». Eg har brukt Excell, men har ikkje teke med dette «nye» som Arkivverket forlanger. 
Det «nye» er eit data-nr på kvar person. 
 

I tillegg har manglande Excell kunnskap frå mi side gjort at at diverse dato «er heilt borti veggen».

 

Med dei krav som Digitalarkivet set no: Er det eg har gjort  er å kalla BORTKASTA arbeid ?


Lev vel 

 

Jon Sværen

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Er det bilde-id det er snakk om? (I lenka ovanfor er bilde-id kb20050818030163).

Denne må vere med for at ein skal få kopla saman transkripsjon og tilhøyrande skanna side.

 

Spørsmålet burde vel ha vore posta her:

https://forum.arkivverket.no/forum/9-spørsmål-om-dugnader-og-kilderegistrering/

 

@Arkivverket - Renathe-Johanne Wågenes har med kjelderegistrering å gjere, og er vel den som kan hjelpe deg til rette med dette.

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

7 timer siden, Jon Sværen skrev:

I tillegg har manglande Excell kunnskap frå mi side gjort at at diverse dato «er heilt borti veggen».

 

Med dei krav som Digitalarkivet set no: Er det eg har gjort  er å kalla BORTKASTA arbeid ?

Nei... - du har vel det meste rett og på plass, vil eg tru.

 

Det verkar (som Torbjørn seier) som om du manglar bilete-id.  Du set inn ei ny kolonne i reknearket, og så kopierer du inn denne koden

for alle postane frå ei side. Bla til neste side, kopier id inn i alle postane frå den sida, osv.  Du tek alle frå den sida i ein jafs.

Konfirmantlista har 30 sider, så då vert det 30 koder å kopiere.

 

Dato-kommentaren er litt meir uklar...  Det kan hende du må skrive datoar på nytt, på forma 1865-01-22 for 22. januar 1865 (f.dato for nr. 1).

Litt avhengig av kva du faktisk har gjort, kan det vere mykje - eller kanskje ikkje så mykje - arbeid.

 

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Takk til både Torbjørn og Ivar !

 

Det ER bilde-id, som eg ikkje har ført på (og som er det «nye» frå tidligare Transkriberingar eg har gjort i DA).

Eg må prøva å gjera som Ivar gir ei oppskrift på for å få fram bilde-id.

 

Så får eg ta kontakt S&D ang Excell-endringane. 
———

Kjem attende då eg har sendt inn Klokkarbokji til DA.

Link to comment
Share on other sites

Bilde-id kopierer du enklast ved å klikke på utklippstavle-ikonet ved den raude pila:

 

292695836_Utennavn.thumb.jpg.a757371dc48f4d47835dd1ed098d65e5.jpg

 

Deretter er det berre å lime inn i Excel.

 

Edited by Torbjørn Igelkjøn
Link to comment
Share on other sites

Hei

 

BildeID må legges inn. Det har vært et krav i flere år

Datoformatet kan du sende oss inn på det formatet du har registrert det. Slik som datoformatet vises på Digitalarkivet, trenger du ikke å registrere det. Vi gjøre om datoformatet selv før publisering.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.