Gå til innhold
Arkivverket

Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Pllassen har 2 ulike namn i bygdeboka: Ripaplassen eller Gardbakken; ut frå det som er skrive om historikken, meiner eg du skal velje å bruke Ripaplassen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg lagar dette emnet for å gjere merksam på at eg har "det meste" av folk som har budd i kommunen vår i basen min (og mykje frå Nordfjord elles), og deler villeg opplysningar med dei som er på leiting etter noko. Samtidig er eg svært interessert i å få vite om folk som har kome frå vår kommune til andre deler av landet - tida før 1865 er mest interessant.

Hei

 

Veit du noko om desse:

 

Jacob Ludvikson Tyvold fødd på Tyvold i 1820 gift 27.4.1848 i Stryn med Charlotte Amalie Rasmusdatter Bruland fødd 1821 på Bruland i Utvik.

Busette seg etterkvart på Skaarhaug Indre i Eid.

Tre barn:

 

Ludvik Andreas fødd 9.9.1850 i Brandsøy.

Lydia  fødd 6.9.1851 i Gloppen.

Petra Rasmine fødd 5.11.1856 på Eid.

 

Eg har etterslekt på de to siste, men finn ikkje Ludvik Andreas etter 1868. 

Eg lagar dette emnet for å gjere merksam på at eg har "det meste" av folk som har budd i kommunen vår i basen min (og mykje frå Nordfjord elles), og deler villeg opplysningar med dei som er på leiting etter noko. Samtidig er eg svært interessert i å få vite om folk som har kome frå vår kommune til andre deler av landet - tida før 1865 er mest interessant.

Hei

 

Veit du noko om desse:

 

Jacob Ludvikson Tyvold fødd på Tyvold i 1820 gift 27.4.1848 i Stryn med Charlotte Amalie Rasmusdatter Bruland fødd 1821 på Bruland i Utvik.

Busette seg etterkvart på Skaarhaug Indre i Eid.

Tre barn:

 

Ludvik Andreas fødd 9.9.1850 i Brandsøy.

Lydia  fødd 6.9.1851 i Gloppen.

Petra Rasmine fødd 5.11.1856 på Eid.

 

Eg har etterslekt på de to siste, men finn ikkje Ludvik Andreas etter 1868. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Hei igjen, Aase!

 

Har du noko på ekteparet Nils Olsen f. 1825 på Kleppenes og kona Ingeborg Absalonsdotter f. 1835 på Skinlo og deira opphav? Kan det stemme at desse levde eit lett omstreifande liv i 1860-åra, i alle fall fram til dei busette seg i Blålida ved Måløy 1866? Eg finner ein son (Ole) fødd i Skjerdalen og ei dotter (Ane/Anne) fødd på Skinlo.

 

Eg har kontroll på dei og borna deira etter at dei kom til Blålida, men er usikker på om eg har rett opphav på dei, spesielt på Nils. Har eg funne rette foreldre til Nils med denne dåpen her?

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Klokkerbok nr. A 1, 1816-1827, s. 174-175

 
Sonen Ole Andreas:
SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 9, 1855-1870, s. 33
 
Dottera Ane/Anne
SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 9, 1855-1870, s. 106
 
 
 
 
 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, du har rette foreldre til Nils. Eg har notert dei to borna  Ola og Anne - elles har eg dessverre ikkje opplysningar om dei.

 

Då stemmer gjerne antagelsen om at det er søster til Niels, Borni/Baarni dei er "logerende" hos ved folketeljinga i 1865?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01038273002601

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei Aase og God Jul! 

 

Eg har spurt deg om glopparar som flytta til Bremanger før, her har du eit par til:

 

Randi Christophersdotter frå Skjerdalen giftar seg 7. juli 1786 med Peder Larsen frå garden Frøyen Øvre på Frøya i Bremanger (https://media.digitalarkivet.no/kb20070228300344). Foreldra til Randi var etter det eg kan finne Christopher Jensen og Siri Nilsdotter busette i skjerdalen (giftarmålet deira øverst til venstre: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228290754). Randi har eg grei oversikt over (dersom foreldra stemmer iht det du eventuelt har om desse), det interessante kjem seinare i livet til Randi.

 

Ho og Peder buset seg på Frøyen Øvre (ikkje langt frå Kalvåg) og får etter kvart tre born fram til Peder døyr ein gong før januar 1792. Eg har funne skifte etter han med både Randi og borna nemnt i januar 1792 (https://media.digitalarkivet.no/sk20081127620248). I skiftet er det oppgitt at Randi hadde verge frå Skjerdalen.

 

Så til det interessante - og forsåvidt det eg enno er usikker på: Randi gifta seg på nytt, allereie i desember 1792, denne gongen med Rasmus Oleson. I kyrkjeboka er han skriven som Rasmus Oleson Lotsberg (siste giftarmålet i 1792 på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/kb20070510610594) og då kan vel opphavet neppe vere andre plassar enn på Lotsberg i Nordfjord.

 

Eg innbiller meg at Rasmus må vere fødd i 1754 med foreldre Ole Joensen Lotsberg og Marthe Rasmusdotter og at det er dåpen til "min" Rasmus som er innført nest øverst i høgre kolonne her: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228300136.

 

Kva trur du? Rett spor?

 

PS

Vi kommenterte begge sterke band mellom Gloppen og Bremanger i tidlegare tider i ein annan diskusjon. Eg trur noko av årsaken til desse bandene er omtalt i boka "Gamalt frå Bremanger", på side 57 og utover: http://www.nb.no/nbsok/nb/fb0a82d85eb33f22052ded69110e695c?index=1#57

DS

Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei - ja, Randi (Olsdtr er nok ein tastefeil frå si side) er dotter til paret du nemner, og Rasmus Olsson Lotsberg har du også plassert i rett familie. Finn du Rasmus og Randi døde, får du gje meg eit vink, for dei opplysningane har eg ikkje.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei - ja, Randi (Olsdtr er nok ein tastefeil frå si side) er dotter til paret du nemner, og Rasmus Olsson Lotsberg har du også plassert i rett familie. Finn du Rasmus og Randi døde, får du gje meg eit vink, for dei opplysningane har eg ikkje.

 

Eg sat og retta tastefeilen min då eg blei merksam på at du hadde svart via ein mail som tikka inn på mobilen min. Eg skal gi lyd frå meg hvis/når eg finner Rasmus og Randi døde. Randi døyr ei god stund før Rasmus, for han giftar seg på nytt og denne kona døyr i 1841 (i følge Bremanger Bygdebok/2006).

 

...og når du først spurte etter dødsfall måtte eg ta ein ny titt på året 1806 i kyrkjeboka for Kinn. Åstein Svihus nemner i bygdeboka at Randi døyr i 1806 og der var ho forsyne meg: 

 

SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 193

 
Dødsfallet er ført inn i kyrkjeboka to sider etter fødselen til dottera Randi:
SAB, Kinn Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1785-1821, s. 192
 
...så her anar vi nok eit dødsfall som meget vel kan ha sin årsak i ein fødsel. Randi var ca 46 år gamal då ho døydde.
 
 
Endret av Thore Senneset
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Lurer på om du veit noko meir om denne personen:

Reier eller Reield Pederson, fødd ca 1773.

I 1815 bur han på garden Holum i Fresvik i Sogn og er innflytt skomakar frå Sunnfjord. Han er 26 år noko som stemmer dårleg med fødselsåret. 

Han skriv seg Bøtun til etternamn.

Han gifte seg i 1818 med Anna onsdtr. Bjørnetun 1777-1841. Dei fekk to born: Kari fødd 1818, ho var ugift veverske i Fjærland i Sogn i 1865 og utvandra til Amerika i 1867

Sonen Peder fødd i 1821, han flytte til Veøy.

 

Reier var skomakar og strandsitjar på Øyri i Fresvik fram til han døydde i 1837.

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er i alle fall ikkje ein gloppar - eg har kontroll på alle "mine" Reiel Pederson. Men eg ser ein kar på Grotle i Bremanger som kanskje kan passe i 1801? Då er du i Sunnfjord.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk! Dette er heilt nye personar for meg, ser det ut til, så eg får sjå om eg greier å koble dei på treet. Gardsnamnet er utan tvil Aae ( Å i Hyen).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det viste seg at eg har 2 av desse personane i basen min frå før: Gjøde Jondtr Aa som døydde i Gloppen i 1727, 90 år gammal, og mannen hennar, Anders. Svært spennande. 


 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det viste seg at eg har 2 av desse personane i basen min frå før: Gjøde Jondtr Aa som døydde i Gloppen i 1727, 90 år gammal, og mannen hennar, Anders. Svært spennande. 

Det viste seg at eg har 2 av desse personane i basen min frå før: Gjøde Jondtr Aa som døydde i Gloppen i 1727, 90 år gammal, og mannen hennar, Anders. Svært spennande. 

 

 

Kan det være en sammenheng med denne Karen Jonsdatter ?

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000560042

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Absolutt ikkje urimeleg! Heimseta altså - ja, der var vi ein Jon Gregoriusson i 1664-manntalet, og det må rimelegvis vere faren.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har du noen flere "bortkomne" Nordfjoringer fra 1600 tallet :)

 

Iver Olsen    fød i Noerfiord i Glopens prg. 21.04.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Syneue Josepsdatter    fød i Noerfiord i Rogsunds sogen paa Kolstede 25.04.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Karen Pauelsd.    fød i Noerfiord 11.26.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Karen Jonsd.    fød i Noerfiord i Gloppensprg. paa Hemseten 14.08.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Gertrud Helgisd.    fød udi Noerfiord i Glopen prg. 28.01.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Barbra Willumbsdatter    fød i Noerfiord udj Gloppens gield 1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Maren Pedersdatter    fød udj Noerfiord i her Absolons gield p Rødi 1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Anne Antonisdatter    fød i Noerfiord i Glopens gi. paa Møchelbust 11.05.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Marte Josepsdatter    fød udj Noerfiord paa Kalsted 13.05.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Ole Botelsen    fød i Noerfiord Egsfiors prg. paa Leue 1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Stine Rasmusdatter    fød i Noerfiord udj Gloppens prg. pa Fedge 13.01.1697 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Arent Abelsen    fød i Noerfiord,hr Rasmus Findis g. Møchlebus 27.04.1692 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Chresten Simonsen    fød udi Noerfiord i Glopens gield paa Greon 29.01.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Ole Jacobsen    fød i Noerfiord paa Skoveseter 15.02.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Lars Siursen    fød i Noerfiord i Glopens gield paa Lote 18.04.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Knud Andersen* 1695*   fød udj Noerfiord i Gloppens gield 13.05.1696 avdød Ministerialbok for Korskirken prestegjeld 1688-1703 (1301M2)
Tommis Persen   Leilending Noerfiord  person Skatteliste 1668 for Helgeland fogderi over leilendinger, husmenn og drenger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei, Aase!

 

Kari Pedersdotter, f. 1756 på Nybøen, var m.a. nemnd i skiftet etter mora Barbro Botolvsdotter, og ho vart konfirmert i Gloppen, men ho er visstnok ikkje å finna i kjelder for Gloppen etter 1787.

 

Eg lurer på om denne Kari kan vera identisk med ei Karen Pedersdatter som gifta seg i Korskirken i Bergen i 1791 med repslagersvenn Nils Christensen. Dei budde på Møhlenpris, og det ser ut til at dei fekk barna Christiane Oline (1793), Nils Petter (1796), Paulina (ca. 1797), Maria (ca. 1798) og Agothe (ca. 1799). Ingen av jentene finn eg att etter 1801, men sonen dukkar seinare opp i Gloppen som Peder Nilsen Møllenpriis.

 

Peder vart konfirmert i Vereide i 1814 og tente på Eimhjellen i 1815. Han flytta sørover igjen i 1829 og kjøpte etter kvart eit bruk på Knappskog i Fjell. I 1834 var han tilbake i Gloppen og gifta seg med Inger Olsdotter, dotter til Ole Akselson Gloppestad. Trulovaren hans var Peder Pederson Nybø, ein nevø av den nemnde Kari Pedersdotter. Peder og Inger slo seg ned på Knappskog. Peder var gift 3 gonger, og dei to siste gongene var faren sitt namn og yrke oppgitt, så det er ingen tvil om kven han var.

 

Det er nærliggjande å tru at Peder vart sendt til slektningar i Gloppen etter at faren døydde. Repslagerarbeidsmann Nils Christensen frå Kvinnherad døydde i 1808. Eg er rimeleg trygg på at han var fødd i Kvinnherad i 1767 og var son til bergverksarbeidaren Kristen Olson og Gjertrud Halvorsdotter frå Årdal i Sogn. Eg trur derfor at Peder sine eventuelle slektningar i Gloppen må ha vore på morsida. Den oppgitte alderen til Karen Pedersdotter ved FT 1801 (49 år) er noko høg dersom ho var fødd i 1756, men eg har ikkje funne nokon betre kandidatar til kven ho kan ha vore.

 

Kan det finnast andre kjelder som styrkar denne teorien, eller fanst det andre Kari Pedersdotter frå Gloppen som kan ha vore mora til Peder?

 

Mvh,

Atle Knapskog

Endret av Atle Onar Knapskog
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svært spennande innlegg. Eg har fundert mykje på denne Peder, men ikkje kome lenger. Etterlysning på forum her ga ikkje noko resulat.

 

https://forum.arkivverket.no/topic/198223-peder-nilsson-m%C3%B8llenpris-konfirmert-i-gloppen-sfj-1814-kven-var-han/?hl=m%C3%B8llenpris

 

Som du ser, er min konklusjon den same som din: Han må vere minst halv gloppar, og send heim til familien, noko som var ein vanleg praksis, særleg dersom ein av (eller begge) foreldra døydde, det har vi fleire døme på. 

 

Eg tykkjer du har funne ein svært god kandidat. Kari er fadder i 1787, det er den siste innføringa vi har på henne. Eg skal sjå om eg kan finne noko meir som styrkjer teorien din.

 

Eg har ikkje noka anna Kari Pedersdtr som manglar.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svært spennande innlegg. Eg har fundert mykje på denne Peder, men ikkje kome lenger. Etterlysning på forum her ga ikkje noko resulat.

 

https://forum.arkivverket.no/topic/198223-peder-nilsson-m%C3%B8llenpris-konfirmert-i-gloppen-sfj-1814-kven-var-han/?hl=m%C3%B8llenpris

 

Som du ser, er min konklusjon den same som din: Han må vere minst halv gloppar, og send heim til familien, noko som var ein vanleg praksis, særleg dersom ein av (eller begge) foreldra døydde, det har vi fleire døme på. 

 

Eg tykkjer du har funne ein svært god kandidat. Kari er fadder i 1787, det er den siste innføringa vi har på henne. Eg skal sjå om eg kan finne noko meir som styrkjer teorien din.

 

Eg har ikkje noka anna Kari Pedersdtr som manglar.

 

Mange takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg manglar forresten Kari si syster Rakel og - f.1754, med siste oppføring i Gloppen i 1776. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er lysinga til Karen Pedersdotter og Nils Kristensen (venstre side):

https://media.digitalarkivet.no/view/4578/122

Dei to som har signert (Jacob Abrahamsen og Tønnes Tønnessen) trur eg helst var kollegaer av Nils. I alle fall var det ein repslagersvenn Jacob Abrahamsen som gifta seg i 1769 og ein repslager Tønnes Tønnessen som var kommunikant i Korskirken i 1790.

 

Då Karen og Nils gifta seg, vart det ikkje skrive noko særleg i kyrkjeboka (nede på høgre side):

https://media.digitalarkivet.no/view/8681/102

 

Eg har berre funne dåpane til to av barna deira, og dessverre er det ingen Rakel mellom fadrane:

 

- Christiane Oline (venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/8636/44

Her er Nils daglønner, så eg er ikkje heilt sikker på at det er rett Karen og Nils.

 

- Nils Petter (nede til venstre, faktisk skriven Niels Petersen): https://media.digitalarkivet.no/view/8636/82

Eg trur ikkje fadrane hjelper oss her, for det ser stort sett ut til å vera andre reipslagarar eller konene deira.

 

Dei andre døtrene har eg berre frå FT 1801: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390019315

Endret av Atle Onar Knapskog
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.