Gå til innhold
Arkivverket

Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

Eg har òg nokre spørsmål og kommentarar som gjeld Ole Akselson Gloppestad (1769-1834) sin familie.

Ole fekk ei dotter Brite i 1788. Mora hennar var visst Brite Andersdotter Hopland. Det første eg lurer på er kven denne Brite Andersdotter eigentleg var og kva som skjedde med henne seinare.

Er det kjent kvar det vart av dottera Brite (1788-)? I 1815 står ho oppført i husstanden til Ole Akselson som «slægtfred», visstnok eit ord som vart nytta om barn av det vi no ville kalla sambuarar. Eg har lurt på om ho kan ha vore den «Berthe Olsdatter Gloppestad» som vart innlagd på spedalskesjukehuset St. Jørgens Hospital i Bergen i mai 1825: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/20/pc00000000198636

Då denne Berte døydde i 1830, var alderen oppgitt å vera 35 år, noko som stemmer nokså dårleg om ho var fødd i 1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8744/100

Fanst det nokon andre aktuelle Berte eller Brite Olsdotter frå Gloppestad, utanom halvsøstera som eg nemner nedanfor?

Ole Akselson sine barn med Oline Rasmusdotter har vi ei viss oversikt over, men noko er uklårt.

1. Aksel (1791-1852), g. 1822 med Anna Antonsdotter frå Ytre Henden

2. Inger (1794-1842), g. 1834 med Peder Nilsson Møhlenpris, busett på Knappskog i Fjell

3. Brite (1796-). Dette må vera den Berthe Olsd. Gloppestad, 41 år, dotter til Ole Axelsen, som gifta seg i Fjell kyrkje i 1837 med Lars Martinius Pedersen frå Bergen, son til jektemann Peder Larsen. Lars Martinius var då bakarsvein på handelsstaden Lokøy i Fjell: https://media.digitalarkivet.no/view/11383/113

4. Rakel (1799-). Eg har lurt på om ho kan ha vore den Rakel Olsdotter, 40 år, frå Gloppestad som gifta seg i 1840 i Domkirken i Bergen med Knut Andersson Fosnes frå Stryn. Men det står at brura sin far var Ole Absalonsen: https://media.digitalarkivet.no/view/8643/478

Det fanst jo minst ein Ole Absalonsen i Gloppen, men hadde han ei dotter Rakel? Rakel og Knut hadde elles sonen Andreas Olai frå før, døypt i Korskirken i 1837: https://media.digitalarkivet.no/view/8690/158

5. Katarina (1803-). Døydde ung. Det kan vel ikkje vera henne det eigentleg er meint når det står i kyrkjeboka at Rakel Olsd. Gloppestad 1 ½ år vart gravlagd 10. mars 1805? https://media.digitalarkivet.no/view/11427/153

6. Katarina (1805-1894), g. m. Ole Pederson Kreken frå Davik sokn

7. Ingeborg (1808-), g. m. Nils Josefson Årevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, her var mykje interessant å ta tak i. 

Min kandidat til Brite Andersdtr Hopland, er denne http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp14471750&gardpostnr=224&personpostnr=671&merk=671#ovre - ikkje minst fordi ho har tilknyting til Gloppen gjennom mor frå Ladehaug.  Ho er nemnd i skiftet etter faren i 1764, men seinare har eg ikkje noko på henne. Dette er den einaste Brite Andersdtr Hopland eg finn som kan passe. 

Merk at dersom dette  er rette jenta, er ho syskenbarn til Oline Rasmusdtr Ladehaug som Ola Akselson Gloppestad blir gift med.

 

Når det gjeld den vidare lagnaden til Brite Olsdtr, har eg også funne desse to som du nemner -  ho som vart gift med Lars Pedersen i Bergen og som etter alder å døme bør vere fødd ca 1796, og ho som er død på St.Jørgen - og som også bør vere fødd omlag samtidig, etter alder ved død. 

Det einaste vi kan vere heilt sikre på, er at det ikkje er den same jenta. Ein kan tenkje seg ei forvikling med at den som skal innleggast på sjukehuset må ha med seg ein attest frå presten og at han i farten noterer feil jente; eg veit ikkje, men andre Brite Olsdtr Gloppestad fødde på denne tida, er det ikkje. Så om vi får vite kven som er kven, er vel meir usikkert. Eg held ein knapp på at brura visste kor gammal ho var, og at den andre har feil alder, men eg er redd det blir berre teori.

Vidare har eg også landa på Knut Andersson Fosnes si kone Rakel. Absalon og Aksel er brukt mykje om kvarande; bygdeuttalen av Absalon var Akslon, det veit du kanskje - så her er eg ikkje i tvil.

At den fyrste Katrina er ført som Rakel ved død, trur eg også stemmer. Der er ikkje noka Rakel Olsdtr som kan passe, og Katrina passer svært godt i alder.

Den vidare lagnaden til dei to yngste jentene var ny for meg, så hjerteleg takk for dei opplysningane.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for svært interessante opplysningar! Dette var til stor hjelp. Artig òg å høyra at Absalon og Aksel vart nytta om kvarandre. Det var heilt nytt for meg som er frå Strilelandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase

Kanskje du kan hjelp med dette selv om det kanskje ikke er helt i ditt distrikt

 

Alexander Helleson Fæster 1712-1743 (gift med Anne Margrethe Stok) er min direkte ane på farssiden.

 

 Farnau/Farnov er slekt i Bergen på morssiden.

 

I 1709 gifter Birgitte Farnov  (1691-1735) seg med en Jens Fæster, født på "Berget i Nordfjord".

Borgerbrev: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/37/pc00000000021119

 

Jens  dør i Bergen i 1725 - skifte : http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=1410&innhaldid=1&storleik

Skifte etter Birgitte :  http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=solliedskift&sideid=88&storleik

 

Det ville vært artig om det det var ett slektsforhold mellom Jens F. og Alexander F.

Har du noe kjennskap til denne Jens og hvor han passer inn i Fæster slekta ?

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Har du leita gjennom Rune Thorstensen sitt tema? Han er den største Fæster-spesialisten her.

 

 

Da har jeg lest gjennom innlegget om Fæster slekta.

Imponerende stykke arbeid dere har gjort.

Jeg fant mye interessant om etterslekt og aner til Jens, men klarer ikke helt å finne ut av slektskapet til Alexander.

 

Jeg får håpe Rune kikker innom her med det første, hvis ikke så får jeg sende han en mail :)

 

Takker

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Gode Aase!

 

Eg kom nettopp over denne karen frå Gloppen:

 

Torger Johnson, døypt på Råd i Gloppen 25.2.1817: https://media.digitalarkivet.no/view/11428/12

 

Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 3.7.1859 med Maria Ellingsdotter, fødd på Gol i Hallingdal 24.3.1828 (med mor frå Luster i Sogn)

 

Her er dei i Mæland sokn i Hamre i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038244000168

 

Kan du, Aase, fortelja meg:

 

** Var Torger frå garden Råd eller frå ein plass under Råd?  I so fall kva plass?

 

** Veit du noko meir om lagnadane til Torger og kona Maria?  Kor mange born fekk dei?

 

Med dei beste ønskjene om ein God Påske til deg og dine!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldra til Torgeir hadde ein husmannsplass under Råd, men det er ikkje skrive noko namn på plassen, dessverre. Sjølv er Torgeir registrert som utflytt til Innvik i 1831 - SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 7, 1827-1837, s. 215  Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070228310215 

 

Fleire opplysningar har eg dessverre ikkje om dei. Kanskje finst dei i ei bygdebok for Hamre?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk, Aase, for eit kjapt svar.

 

Då er det ikkje meir å gjera med opphavet hans i Gloppen, men me lyt vona at ein eller annan kan hjelpa oss i Mæland.  Denne saki vert lagt ut som ein del av ei større utfordring, anten i kveld eller i morgon...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Enkemand Arne Nielsen Ryg (f. c. 1794) dør på Øvretveit i Lindås i 1878. Han står oppført som født på Ryg i Nordfjord: https://media.digitalarkivet.no/kb20070102620480

 

Han bor da høyst sannsynlig hos datteren Anna Caroline, som ble gift til Øvretveit i 1849. Se linje 30: https://media.digitalarkivet.no/kb20050826020850

 

Datteren står oppført som født i Bergen, så dette er høyst sannsynlig hennes dåp i Domkirken i 1831. Se linje 27: https://media.digitalarkivet.no/kb20070306670445

 

Jeg har ikke lykkes i å finne vielsen ennå, men uansett er vel dette en av dine folk som du kanskje har mer opplysninger om?

 

Med vennlig hilsen

 

Ruben.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dette er ein gloppar - takk for dødsopplysninga, den hadde eg ikkje frå før. Vigsla med fyrste kona er her

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000001129444

 

Andre vigsla er her 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000550617

 

Eg har forfedrene hans nokre generasjonar bakover viss du er interessert; send meg i så fall ein epost på a-rysskrøllalfaonline.no.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for hjelpen!

 

Med opplysninga om at han var gift i 1830 fant jeg faktisk vielsen i Askøy på egen hånd, men du var visst kjappere enn meg.

 

Jeg sender deg en mail.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Heia Aase!

 

Kan du ta ein liten titt på dette emnet?

 

 

Kven var Rasmus Guttormson på Felle i Gloppen?

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1799 giftar Jacob Absalonson Skinlo seg med Marthe Danielsdotter Kjøsnes i Jølster og ved folketeljinga i 1801 er desse to å finne på Skinlo.

 

Vigsla:

SAB, Jølster Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 6, 1790-1821, s. 180-181
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070509680566

 

FT 1801: Skinlo

 

Ved folketeljinga er alderen til Marthe 30 år noko som skulle tilseie fødsel kring 1771, men eg har så langt ikkje vore i stand til å finne ei Marthe som passar. Eg ser via ymse meir eller mindre dokumenterte slektstre både her og der at ho er plassert hos Daniel Johannessen Helgheim og kona Marie Larsdotter men har begynt på tvile på om dette kan vere tilfelle. Eg er klar over at Jølster ligger utanfor ditt "hovudnedslagsfelt", men ein veit jo aldri kva du kan ha på lur i databasen din.

 

Veit du noko om opphavet til Marthe?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg takkar for tilliten, og jau, denne dama har eg. At foreldra er dei rette, kan du lese av dette skiftet. 

 

SAB, Sunnfjord Sorenskrivararkiv - IV Skifte, Ab, 1798-1811, s. 164b-165a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081126690168

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutes ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

Eg takkar for komplimangen, og jau, denne dama har eg. At foreldra er dei rette, kan du lese av dette skiftet. 

 

Takkar & bukkar for lenke til skiftet, har du noko meir nøyaktig kring fødselen hennar enn det vi kan lese oss til utifrå 1801-teljinga?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei Aase!

 

Eg lurer på om du dreg kjensel på denne Anton Olson Rygh i Bergen, fødd i Gloppen:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000448516

 

Anton vart svigerfar til smedmeister Ole Helgeson Dahl i Bergen - sjå tema; https://forum.arkivverket.no/topic/211906-ole-helgeson-dahl-1788-1855-husmannsguten-frå-luster-som-vart-smedmeistar-i-bergen-og-gift-tre-gongar-huslyden-hans/

 

Men Anton vert i undersøkjingskommisjonen sagd vera fødd i Nordfjord - kvar gjekk eigentleg grensa mellom Nord- og Sunnfjord?

 

Kjenner du til kona til Anton, Ingeborg Rasmusdotter, som han gifte seg med i Domkyrkja i Bergen 8.9.1799.  Kanskje ho òg var frå Gloppen?

 

Hjarteleg takk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Hei

 Jeg skal begynne å forske på slekten til Jon Dagfinn Flølo i Sandane/ Breim. Han var tidligere lensmann i Sandane.

Jeg har ikke funnet noenbok om Gårds og Slektshistorie for Breim. Så vidt meg bekjent er det to gårder med navn Flølo i Breim.

Finnes det noe informasjon å hente gjennom denne gruppa?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dette kan eg garantert hjelpe deg med! Spørsmålet er berre kor mykje du vil ha - om eg tek frå deg for mykje av moroa med å gje deg snarvegar?

 

Sender du meg ein epost, til a-ryss@online.no så kan du få det eg har, om du vil.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Gode Aase!

 

So er ein ny «glopping» dukka opp i manuskriptet mitt - i Nebraska!

 

Sjå dette emnet - innlegg #31:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/218696-johannes-hermansen-marifjæren-med-kona-frå-nordfjordeid-borni-deira-i-fanabergentrondheim-og-amerika-ein-utfordrande-huslyd-kan-nokon-hjelpa-meg/?page=2

 

Kva veit du om Hans Thomas Olson Sætre i Amerika??  Vigselsdatoen hans?

 

Kva år utvandra dei? - 1879 eller 1880?

 

Var foreldri kanskje gardbrukarar på Roti i Eid før dei utvandra??

 

Hjarteleg takk for alle innspel!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.