Gå til innhold
Arkivverket

Slekt i Gloppen / Breim (Nordfjord) - Sogn og Fjordane


Aase R Sæther - Gloppen

Recommended Posts

  • 3 måneder senere...

Viser til innlegg # 80

 

En av faddrene i dåpen til Johan Friderich Schlyder 13 januar 1805 er nevnt som Lars Bøe.

 

I Nykirken 25 juli 1790 er en Lars Persen og Guri Lassedtr. viet.

 

Petriche Lovise født 12 desember 1791 døpt i Nykirken foreldre er Toldbodvekter Lars Persen og Guri Larsdtr.

 

Lars Marthinius født 22 februar 1794 døpt i Nykirken foreldre er Toldbodvekter Lars P. Bøe og Guri Larsdtr.

 

Lars Martin født 11 desember 1797 døpt i Nykirken foreldre er Toldbodvekter Lars P. Bøe og Guri Larsdtr. Mor er nevnt som afg.

 

I Nykirken 2 februar 1800 er Enkemann Toldbodvekter Lars P. Bøe og Karen Torgersdtr. viet.

 

Gurine født 19 august 1802 døpt Nykirken foreldre Toldbodvekter Lars Pedersen Bøe og Karen Torjulsdtr.

 

Lars Bøe dør 15 mai 1815 55 år (Nykirken). Karen Torjulsdtr. dør 3 mai 1829 69 år.(Nykirken)

 

Men ingen Inger har jeg funnet.

 

 

Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase.

Eg veit ikkje om du har dei frå før, men her er iallefall Jon Steinarson Øvreset og Helge Pedersdtr. f. Ytre Kandal i 1801 som forpaktarar på Indre Hope http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=68&filnamn=f18011249&gardpostnr=63&personpostnr=1111&merk=1111#ovre

 

Truleg er det Jon eg finn død her sjølv om dei har smurt på dugeleg med alder .... nr. 1 s. 1 Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 7 (1842-1852), Døde og begravede menn 1842, side 1.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6963&idx_id=6963&uid=ny&idx_side=-2

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061127060594.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det! Ja, eg hadde funne dei i 1801, men Jon sitt dødsfall var nytt. Det er ingen andre dette kan vere, og 10 år til eller frå, pytt pytt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase!

 

Heilt fersk slektsforskar (og med-gløppar) her, som har eit lite spørsmål til deg:

 

Min oldefar heitte Kristian Eikenes, og han var fødd i 1861 på Eikenes på Hestenesøyra. Han hadde ein bror som heitte Anders (fødd 1866), som reiste til Tyskland. (Kjelde: Soga om Gloppen og Breim, bind IV, side 50). Vi har funne ein del gamle brev og bilder frå Anders til broren, så vi er ganske sikre på at han enda opp i Dresden, og at han fekk seg både kone og barn der. Men vi har inga aning om kva som skjedde med han, dei 4 borna eller kona etter 1919, då det siste brevet kom. Har du noko peiling på dette, eller nokon tips om kor vi kan leite for å finne ut kva som skjedde vidare med Anders og familien?

 

Mvh Monica Eikenes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Monica og velkomen i "klubben"!

 

Tyskland er absolutt ikkje mi sterke side. Eg vil tilrå at du lagar eit eige emne om han her på Forum - få med namn, fødselsår og Gloppen og Tyskland/Dresden i overskrifta så trur eg nok du får hjelp til å finne ein god framgangsmåte.

 

Min base tynnest litt ut utover 1800-talet; eg har som mål å vite om dei som var i live i folketellinga 1801, så desse to er "for unge" for meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase!

 

Takk for svar og tips. Skal prøve på det i løpet av helga. :)

 

Eg har dessverre ikkje komt så langt at eg har noko meir å bidra med, men eg ynskjer deg uansett lukke til vidare i leitinga! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase.

 

Ein gloppar som døyr i Herøy, Sunnmøre i 1848. Nr. 53 Anton Andersen 42 år gammel

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Herøy i Herøy, Ministerialbok nr. 507A05 (1842-1873), Døde og begravede 1848, side 221.

Permanent sidelenke:http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2240&idx_id=2240&uid=ny&idx_side=-223

 

mvh

Morten Sylte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase.

Eg veit ikkje kor mykje du har på Hans Antonson Kvile og Marthe Valdemarsdtr. Hope etter at dei flytte frå Kvila til Bergen ca 1798 ?

 

Eg har funne nokre som eg meinar er dei og at dei fekk ein son Anthonius dpt. 14.10.1798 i Askøy, men då er mora kalla Marte Jørgensdtr. og at dei budde på Hestevik, Askøy. Den eine fadderen er Gabriel Anthoniussen af Bergen som høver til Hans sin bror som budde i Bergen.

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Askøy, Ministerialbok nr. A 1 (1742-1818), Fødte og døpte 1798, side 114.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8601&idx_id=8601&uid=ny&idx_side=-114

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070319640541.jpg

 

Ved FT-1801 er han enkemann busett ilag med sonen Anton (3) i Rode 2-22,Bergen.

Kona Marte er då død utan at eg har funne henne.

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=81&filnamn=f18011301&gardpostnr=2474&personpostnr=17789&merk=17789#ovre

 

Den 25. oktober 1801 gifte han seg på nytt med Elisabeth Erichsdtr. i St. Jørgens Hospitals sogn.

I Digitalarkivet sitt register over vigde i Bergen 1663-1816 står det at ein Hans Antonisen, Ungkarl gifter seg med Elisabeth Erichsdtr. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=71&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=17570&merk=17570#ovre men går ein til orginalkjelda, kyrkjeboka for St. Jørgens Hospital viser det seg at han er enkemann og passar til Hans Antonsen Kvile.

Kildeinformasjon: Bergen fylke, St. Jørgens Hospital, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1814), Kronologisk liste 1802, side 119.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8743&idx_id=8743&uid=ny&idx_side=-125

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070418620060.jpg

 

 

Med Elisabeth Erichsdtr/Olsdtr. fekk han 1805 dattera Helene dpt.1. Sept. i Domkirken også her er Gabriel Antonsen fadder

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Fødte og døpte 1805, side 347-348.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&uid=ny&idx_side=-189

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306650743.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enno ein gloppar på Vanylvstur. Dødsfall innført 22 mai 1826 Joseph Mickelsen Sævhaug 56,5 født i Gloppen.

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven, Ministerialbok nr. 501A04 (1816-1831), Døde og begravede 1827, side 110.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15937&idx_id=15937&uid=ny&idx_side=-113

 

Mulig dette er ein person du kjenner til allereie. Sogeboka for Vanylven har han oppført som Josef Mikkelsen Henden (1770-1825) under Sighaug (1) ved Fiskå.

 

mvh

Morten Sylte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hallo Aase.

 

Har sett i dette emnet at du har en mengde informasjon om slekter i sogn.

En av min kones tip-tip-oldefedre het Ole Asbjørnsen Lingjerde født 1788. Har du noen før han.

Jeg har hans kones foreldre, men ingen før der.

Hilsen Dagfinn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole har eg ikkje noko om - han er frå Luster og dermed utanom mitt område (det er litt avstand mellom Sogn og Nordfjord..) - men familien til kona er omtala på ca # 44 i denne tråden. Luster-spesialisten her i forum er Lars Øyane - prøv han!

 

Ser forresten at foreldra hans er nemnde i eit innlegg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Som innflyttarar er vel ikkje denne familien for Glopparar å rekne, men dei oppheldt seg i Gloppen fyrste halvdel av 1600-talet,

og kanskje kan det finnast etterkomarar?

 

Morits Jensson (1585-1639) på Rygg i Gloppen, lensskrivar og seinare fut i Nordfjord, fekk 12 born med kona Margrete Jensdotter:

 

 

Lisbet Moritsdtr. f. 18. juni 1614

"Anno 1614 Den 18 Junij Bleff min Datter Lißbett Mouritzdatter föd paa Effuebache i Nordfiord om Morgenen Klocken Ved 8 slett, gud Lade hinde Wdi gudtz frÿgt opuoxe."

 

Jens Moritss. f. 2. august 1615

"Anno 1615 2 Augustij bleff min Sönn Jens Mouritzen föd paa Eluebacke i Nordfjord om Morgenen ved 6 slet, och strax kom til Daaben i Wærrits Kierke. Waar hans fadere her Absalon, Niels Wærede, Erik Houge, Anne Abelsdater, Lisbet Absolonsdatter. Gud lade hannom opuoxe Wdi guds fryct, gud almectigste thill ære, hannom och hans foreldre till glede, och Euig sallighed, Amen."

 

Jens bruka Rygg frå 1649-1655. Er nemnd i Tingboka 1656 som "Jens Morisen vdj Bergen":

"Fougden Jens Pedersen haffuer vdj Rette Steffnett Christen Abelsen Røg, och haffde hannem thil At thale for 29 Rdlr, som hand thill Jens Morisen vdj Bergen haffuer vdlagt for det gods vdj Røg som be'te Christen Abelsen fra Jens Mourisen indløst haffuer...."

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28609/57/

 

også nemnd som "Bundelensmand" i 1650

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28607/51/

 

Ei dotter Anne vart gift med Peder Hanss. Sande

 

Anne Moritsdtr. f. 6 desember 1617

"1617 bleff min Konne Margrette Jensdatter forlöst med tuinde Döttre och kom till Doben om Andendagen som faldt paa en Söndag, och bleff Naffngiffuen Diriche och Anne. Gud lade dennem udj Guds fryget Opuoxe, Amen."

 

Gift 18. juli med Jakob Olss. Bjørkedal, Volda

"Anno 1641 Den 18 julj stod Jacob Ollesens Brölups Kost paa Ryg i glopen Medt Anne S: Moridtz Jensis Datter."

 

Død 17. april 1661 Søre Bjøekedal, Volda

"Anno 1661 Ibm [17. april] Døde min S Quinde Anne Moridtz Datter. Gud giffue hinde En glad Och ære Fuld Opstandelse. Hindes gansche Allder Ehr 43 Aar Och 19 Wger Och 3 Dager."

 

Didrikke Moritsdtr. f. 6 desember 1617

"1617 bleff min Konne Margrette Jensdatter forlöst med tuinde Döttre och kom till Doben om Andendagen som faldt paa en Söndag, och bleff Naffngiffuen Diriche och Anne. Gud lade dennem udj Guds fryget Opuoxe, Amen."

 

Agnete Moritsdtr. f 30. september 1619

"Anno 1619 Bleff min Datter Aganetha Mouritz datter föd paa Eluebache i Gloppen. Gud unde hinder att op uoxe udj guds frÿct. Saligen att leffue och sallig hed at Död. Amen Amen"

 

Agnete er nemnd i Tingboka i 1657 angåande ei sak mot Anna på Seime

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...read/28609/114/

 

Maren Moritsdtr. f. 14. juni 1621

"Anno 1621 Den 14 Junij bleff min Datter Maren Moritsdatter föd paa Elbache ii plet effter Midag. gud lade Hinder til guds æve och Euig Sallighz opuoxe, Amen"

 

Gift før 1645 med Frans Olss. (Bror til jakob Olss. Bjørkedal) Volda

 

Kristi Moritsdtr. f. 22. oktober 1622

"Aoh 1622 Bleff min Dater Krijsti Mourizdater föd paa Elbache. Gug Lade hinder i guds frÿcht opuoxe"

 

Er fadder for systerdotter Kirsten Jakobsdtr i Volda 30. juni 1642

 

Nemnd under Rygg i koppskatten 1645

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...ad/rk/15044/31/

 

Gabel Moritss. f. 23. mai 1624

"Aoh 1624 bleff min Sön Gabel Mourizßen föd paa Elbache. Gud Lade hannom opuoxe Wdi guds frÿchtt

Da indfald H: 3 foldighz Söndag"

 

Peder Moritss. f. 5. november 1625 d. desember 1625

"Den 5 Nouemb: ved Midnats tid Bleff min Sön Peder föd paa Rÿg och [gud] faderligen hannom fra Dinne Jammer Dall Kaldet wngefer fem Wgger efter hans födsell Dag. gud Wnde oss at findes i de wdualdes forsambling. Amen Amen"

 

Morits Moritss. f. 18. desember 1626 d. 7. mai 1627

"1626 Den 18 Decemb: Bleff min Sön Moritz Moridzenn födt. gud lade hannom i Herrens frÿct opuoxe Amen"

"Anno 1627 den 7 Maij döde ... min Sallig Sön och bleff begraffuen i Gimmestad Kirke [9 Maij] Gud unde os at findes i de Euige gledelige kolliger Amen"

 

Aseline Moritsdtr. f. 20. februar 1629

"Anno 1629 Den 20 februarj Bleff min Datter Aselina Mourizs Datter födt paa Rygland. Gud Lad hinder i Herrens fryct opuoxe Erligen at leffue och Salligen At Død"

 

Nemnd under Rygg i koppskatten 1645

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n...ad/rk/15044/31/

 

og i pantebrev 1649 då ho og broren Morits lånte pengar til Jørgen Panter

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28606/23/

 

Morits Moritss. f. 12. august 1630

"1630 Den 12 bleff Min Sön Mourids Mouridß födt paa Rög i Norfior och om Sundagen Nysteffter Kom til Daaben

hands fadere war her Jörge abelsen och hans bang och errick houge Mallene wareedt och Berretta houge

gud lade hannom opuoxe wdi guds frÿct gud all Mectigste till ære hannom och hans foreldre til glede och euige salighedt amen"

 

Nemnd i pantebrev 1649 då han og systera Aseline lånte pengar til Jørgen Panter

Permanent sidelenke: http://arkivverket.n..._read/28606/23/

 

 

Med unntak av "futedøtrene" Anne og Maren, som vart gifte i Volda, har eg ikkje funne noko om lagnaden til dei andre borna som vaks opp.

Om du Aase eller andre skulle "kome over" opplysningar om nokon av desse, hadde eg satt stor pris på denne informasjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du er nok i godt selskap når du manglar opplysningar om desse Morits-borna. Det er eigentleg utruleg at dei ikkje har sett meir spor etter seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja Aase, det er nok mange som kan føre anane sine attende til Morits gjennom dei to døtrene Anne og Maren, men som du seier, er det rart at vi ikkje kan finne noko om dei andre borna.

Når det gjeld sonen Jens som bruka Rygg etter at Margrete døde omlag 1649, kan det sjå ut til at han forlet Gloppen omlag 1655. I følgje Soga om Gloppen og Breim III, vart ei dottera Anne f. 1649 gift med Peder Hansson Sande, men her kan eg heller ikkje finne noko handfast dokumentasjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Anne Jensdtr har eg notert at det er ei sak mellom henne og faster Agnete, men eg må ha notert feil årstal (1655) for der finn eg ingen ting. Må leite litt -

 

er det nokon som kan finne denne saka før meg, så hjerteleg velkomen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan det så gjerne vere. Eg har sjølv sett to store spørsmålsteikn ved denne opplysninga, nettopp på grunn av alderen på Anne Jensdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Anderson født i Skjerdal 1728 (dåp 11 september 1728 i Gloppen). Konfirmert i 1746 i Gloppen. Død 1769 på Steinsundholmen i Solund . Gift ? med Eli Ellingsdtr. født 1725 i Solund .

 

Barn;

Anne født 1750 på Steinsundholmen . Død 23 november 1807 på Vatsøen i Solund

Anders født 1752 på Steinsundholmen .

Jacob født 1754 på Steinsundholmen . Død 1821 i Nessa Solund

Berthe født 1764 på Steinsundholmen .

 

Heisann. Artig å finne denne informasjonen. Eg følger Jacob si slektslinje opp ifra Furevik-slekta, og hadde ikkje foreldre eller søsken til Jacob før eg fann denne. Ser i kirkeboka 1728, men det vart litt utydelig for meg. Fann igrunnen ikkje 11.september heller.. Men vet vi noe om foreldre til Ole eller Eli ?

 

Kirkebøkene for solund går jo ikkje så langt tilbake i tid?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ola sine foreldre har eg ja, nokre få led bakover. Send meg ein epost på a-ryss@online.no, så skal du få dei. Eli Ellingsdtr er ukjend for meg.

 

Litt pussig at Ola Andersson sin eldre bror Ola Andersson som vart buande att i Gloppen, var gift med ei Eli Ellingsdtr - fødd 1725 !

 

Kan her vere noko som ikkje stemmer? Dette må eg sjå på.

 

Her er vigsla mellom Ola Andersson Devik og Eli Ellingsdtr Rygg i 1746. Han er enkjemann.

 

Her er vigsle mellom Ola Andersson Skjerdal og Anne Olsdtr Vereide i 1744.

 

Dei har sonen Jakob i 1745. Kvifor dette namnet?

 

Bygdeboka skriv at dei flytte frå bruket - eg trur her må lagast ein ny tråd..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.