Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'dane co wi'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 4 resultater

  1. Dette er ei kjempeutfordring som eg jobba mykje med på 1980-talet, men som eg aldri greidde å finna ut av! No vil eg gjerne få dela denne «nøtta» med dykk i von om at nokon ser noko som eg har oversett...: Eg attgjev først frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Hans Andreas Olson {Sandvig}, f. {i Luster} 1.2.1819, Hans Olson, sidan kjend som Hans O. Sandvig, utvandra til Amerika i 1853 og gifte seg i Dane Co., Wis. 6.7.1863 med Britha Andersdotter frå Bakken under Joranger nedre i Hafslo, i Amerika kjend som Betsy Anderson. Ho var f. i Hafslo 14.5.1828 og utvandra til Amerika i 1861. Hans og Betsy flytte straks etter bryllupet til ein farm i Arendahl township, Fillmore Co., Minn., men i 1869 selde dei denne farmen, ##### (later destiny?) Me kjenner til fire born etter dei: a. Ole Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 11.5.1864, d. i Fillmore Co., Minn. kort etter fødselen. ##### (date of his death?) b. Ole Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 4.10.1865, d. ugift i Dane Co., Wis. 4.8.1886. Det heitte då om han at han var frå Fillmore Co., Minn. c. Anna Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 16.3.1867, d. ugift i Dane Co., Wis. 28.2.1885; også om ho heitte det at ho var frå Fillmore Co., Minn. d. Betsey Sandvig, f. i Fillmore Co., Minn. 15.1.1869, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Utfordringane som eg slit med, kjem i grunnen ganske klart fram over. Me har dokumentert at farmen som Hans og Betsy åtte i Arendahl township, Fillmore Co., MN vart seld i 1869, og eg kan ikkje finna huslyden korkje i FT1870 eller i FT1880. So dukkar dei to borni Ole og Anna opp i ei kyrkjebok i Stoughton, Dane Co., WI der dei båe døydde midt på 1880-talet, men med merknad om at «dei var frå Fillmore Co., MN». Yngste kjente barnet Betsey ser eg ikkje noko meir til. Mori var 41 år då Betsey var fødd, so kanskje fekk dei ikkje fleire born... Elles er det å merka seg at foreldri ved barnedåpane i Arendahl Lutheran church nytta ættenamnet OLSON. Desse kyrkjebøkene ser elles ikkje ut til å ha vore fotografert av ALC. Eg skreiv i si tid av frå originalbøkene i kyrkja, men har lagt desse avskriftene inn i databasen hjå Digitalarkivet! Eg har spekulert svært so mykje på denne utfordringi, og eit alternativ er at foreldri døydde med den følgja at borni vart plasserte på barneheimen i Stoughton, WI? Både Hans og Betsy hadde søsken i Amerika, men ingen av desse budde i Wisconsin! Det hadde vore ei kjempefin etterjulegåve å finna ei løysing på denne kjempeutfordringi etter so mange år, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Denne huslyden har eg slite med i snart 40 år, og no vonar eg at tidi kanskje er komi for å få svar på nokre av desse utfrdringane? Fredrik Andersson (Næs), døypt i Luster 11.7.1813, gifte seg første gongen med ei jente frå Jostedalen, men dei fekk ikkje born i lag. So gifte han seg att i Luster 22.6.1863 med enkja: Anna Halvorsdotter (Leirdal), fødd i Luster 12.2.1817. Fredrik og Anna fekk heller ikkje born i lag, men i 1867 utvandra dei til Amerika med mellom anna to søner hennar: * Halvor Larsson, fødd i Luster 12.7.1846 * Ole Sjurson, fødd i Luster 18.1.1855 I FT1970 finn me Fredrik og Anna som farmlaborers i Windsor township, Dane Co., WI., men ingen av dei to gutane er nemnde der: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-LHV ** Kvar var sønene Halvor og Ole i 1870? ** Og kvar var Fredrik, Anna og Ole i FT1880? ** Kvar vart det av Fredrik? ** Kvar vart det av Ole (Severson?)? Anna flytte på eitt eller anna tidspunkt inn hjå sonen Halvor Larson i Kossuth Co., IA - budde der i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-64PQ-358 og døydde der 31.7.1901 - FT1900 seier at tre av i alt fem born levde på den tidi. Ho hadde fire born i ekteskapet sitt, men berre TO av dei levde i 1900 - tredje barnet i live på den tidi MÅ altso ha vore sonen Ole!!! ** Kanskje finst det ein liktale etter Anna frå 1901? Halvor Larson gifte seg første gongen i Columbia Co., WI 8.11.1877 med Olina Olsdotter Meel med foreldre frå Balestrand, men fødd i Dane Co., WI 15.3.1848. Dei farma i Bristol township, Dane Co., WI der Olina døydde 25.8.1886. Her er dei i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-9Q4Q So gifte Halvor seg att i Columbia Co., WI 2.6.1887 med Synneva Hermundsdotter Høyum, fødd i Luster 4.4.1857, utvandra i 1882. Hausten 1888 selde Halvor farmen sin i Bristol township, Dane Co., WI og flytte til ein farm i Hebron township, Kossuth Co., IA der han døydde 8.8.1924. Synneva døydde same staden 2.2.1937. Eg hadde vorte svært so glad om nokon greidde å finna svar på nokre av dei utfordringane som eg har lista opp over og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Huslyden til Haagen Haagenson fekk eg aldri skikkeleg oversyn over då eg jobba med denne huslyden i 1982. FT1870 syner at to born då framleis budde med foreldri, men båe var avlidne før 1900, liksom dei andre tre av i alt seks born. FT1900 syner at mori hadde hatt seks born, men berre eitt var i live. Då må det vera ei feilskriving, for det var Haagen som fekk ei dotter før han gifte seg. Ei anna utfordring her er å freista finna att mori til denne dotteri, Kirsti Jensdotter. Eg kan ikkje sjå noko meir til ho etter denne barnefødsli! Korreksjon: Er nettopp oppdaga som utflytt frå Luster til Fredrikstad og vert drøfta i eige tema! Dotteri som levde att i 1900, var gift med ein kar frå Rendalen, og dei fekk femten born i lag, mellom anna ei dotter som følgde mann sin til Sortland i 1920. Kanskje ho kan finnast att der oppe? Elles er det fleire spennande utfordringar i denne huslyden, mellom anna detaljar om to barneborn som miste livet etter matforgifting i 1902!? Manuskriptet ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #21 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i over 30 år og som eg aldri har greidd å løysa! Kanskje det no endeleg er på tide...? Fredrikke Kirstine Eriksdotter Natvig, fødd i Årdal i Sogn 28.10.1836, utvandra som enkje til Amerika frå Balestrand i 1872 og gifte seg i Columbia Co., WI 10.12.1875 med: Torbjørn Erikson LERDAHL, fødd i Luster 22.11.1846. Dei slo seg ned som farmarar i Bristol township, Dane Co., WI der Torbjørn «Tom» Lerdahl døydde 9.11.1907. I 1920 var Fredrikke LERDAHL framleis busett på denne farmen i lag med dotteri (enkja) Julia BURNSON: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVD-FYV Men i 1930 er Fredrikke borte og erstatta av ei Mary Jerde på 92 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR8J-971F Det store spørsmålet er so: ** Kvar vart det av Fredrikke LERDAHL? ** Kan det finnast ein dato og stad for dødsfallet hennar? ** Kva med ein OBITUARY? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.