Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'bøtun'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er ein huslyd som har lege hjå meg utan merksemd i mange år. Ein del opplysningar har eg greidd å finna, men eg står fast på ein del detaljar, særleg når det gjeld identifikasjon av foreldri på Lagmannsås i Fresvik og svigerdotteri Kirsti Olsdotter. Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Eli Zachariasdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Leikanger kring 1742. ##### (dåpsdato?) Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739. Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen. Her vart dei til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid. Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1. Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der ##### (bustaden deira i Lærdal?) men kriong 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster. Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster. b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789. c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848. Hans gifte seg i Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780. Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846. Hans og Lussi var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hove i Leiklanger og fekk tre born i lag. d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814. Christen gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1807!) med Kirsti Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1772?) og d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845. Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen. Kirsti fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre. e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813. Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789. Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen. Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834. Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen. Han vart døypt i Hamre 25.10.1793. Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866. Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866. Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.