Erik Olson var fødd i Luster 10.8.1837 - foreldri hans var:
** Ole Erikson Prestegard (1796-1876) og første kona hans:
** Ingeborg Jensdotter Raaum (1810-1839): https://media.digitalarkivet.no/view/11592/48
Etter mori døydde so tidleg, kom Erik til oppfostring i Jostedalen, først hjå fasteri Øllegaard Eriksdotter (1801-1874) - gift til Grov i Jostedalen, og sidan til den barnlause farbroren Peder Erikson (1791-1871) - gardbrukar på Bjørk i Jostedalen.
Her vart Erik konfirmert i 1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/84
Og Erik utvandra derifrå i 1856: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/160
Faren Ole Erikson Prestegard budde 1865 framleis under Prestegard i Luster: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=010&bnr=0049&lnr=000
Men i 1870 var han framkomen til Burke township, Dane Co., WI der han som Ole Prescott var busett hjå dotteri Ingeborg og svigersonen Henrik: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-X56
Henrik og Ingeborg utvandra med Fido i 1866, og same året skal òg Christian Olson (Sanvik) (1844-1915), ein son som Ole hadde utanfor ekteskap og som delvis skal ha vokse opp hjå far sin(!), ha utvandra, men eg finn ikkje korkje Christian Olson eller Ole Erikson sjølv i passasjerlistene for 1866!
Det høyrer med til soga at Ingeborg døydde hausten 1870, og Ole flytte sidan inn hjå sonen Christian i Blue Mounds township, Pope Co., MN der han d. 4.4.1876. Her er FT1875 frå Pope Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-65XS-DYH
Er det nokon som kan hjeklpa meg freista finna svar på følgjande utfordringar:
** Kvar vart det av Erik Olson (Bjørk) i Amerika?
** Kva år utvandra faren Ole Erikson og halvbroren Christian Olson til Amerika (passasjerlister)?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!