Johannes Torkildson (1832-1914) og Ingeborg Andersdotter (1830-1901), plassfolk på Hesjebakken under Rønnei i Luster, hadde i alt fem born. To av desse utvandra til Amerika, og slektningane i Noreg har i mange år spekulert på kvar det vart av dei i Amerika. Eg har freista fleire gongar før (med direkte forskingsinnsats), men aldri komme nokon veg. Kanskje er tidi no inne?
* Dyre Johannesson, fødd i Luster 6.6.1859, utvandra i 1883
* Thomas Johannesson, fødd i Luster 28.12.1864, utvandra i 1884
Slekti i Noreg fortel følgjande:
Ein av brørne skal ved eit ulukkeshende i ungdomsåri ha mist ein arm. Elles meiner dei å ha høyrt at ein av dei to på 1920-talet vart «observert» av andre emigrantar frå Luster i Williston, Williams Co., ND.
Dyre-namnet vart av andre emigrantar frå dette nabolaget i Luster omsett til David i Amerika, og eg reknar med dei nytta Johnson som ættenamn...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!