Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'engeslef'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Eg slit med å identifisera to søsken ENGESLEF som gifte seg med to søsken TEISTE frå Kroken i Hafslo: Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1665 - gifte seg truleg kring 1694 med Øllegaard Jansdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1674. Dei var i fleire år gardbrukarar på Marheim i Hafslo, men flytte kring 1698 til Bergen og kring 1703 vidare til København der Søren var distillatør og der han døydde kring 1711. Minst ei dotter vart døypt i Bergen: * Margretha, døypt Bergen 16.6.1702: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005754550 Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668 - gifte seg kring 1691 med Peder Janson TEISTE, fødd i Hafslo kring 1667. Dei budde som gardbrukarar i Kroken der Peder døydde kring 1709, medan Maren levde til kring 1730. Er det mogeleg å finna noko om opphavet til desse søskeni? Var dei danske av fødsel?? Skal me dømma etter namneoppkallingane, heitte mori mest truleg Anna... Her finn me eit par andre Engeslef-huslydar i Danmark: * Barnefødsel Mette Margrethe Pedersdotter Engeslef i Sæby, Hjørring amt 1703: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XBQ7-HSH * Skifte etter Hans Engeslef i Aarhus 1745: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2SQ-SVN5 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. I 2006 fekk eg i følgjande emne https://forum.arkivverket.no/topic/112207-26572-søren-jens-engeslef-mari-jensd-engeslef-til-hafslo-kring-1690-kvarifrå/?tab=comments#comment-916902 dette innlegget frå Ole Kristian Fangan: «Jeg er i ferd med å skrive en artikkel om Theistene fra Kroken som jeg håper Norsk Slektshistorisk Tidsskrift i sin tur vil trykke. Jeg vil her også presentere en del opplysninger om familien Engeslef som antakelig vil være nye for de fleste.» Er det nokon som kjenner til om denne artikkelen nokon gong vart publisert og i so fall kvar? I samband med bygdeboikarbeidet i Luster er eg svært interessert i båe slekter. Med omsyn til Engeslef-søskeni, veit me i dag dette: * Maren Jensdotter ENGESLEF, fødd kring 1668, døydde i Kroken i Hafslo kring 1730. Ho var gift med gardbrukar Peder Janson Teiste på Kroken i Hafslo (1667-1722). Dei fekk ni born i lag, og fleire av dei flytte til Danmark. * Søren Jensson ENGESLEF, fødd kring 1670, døydde i København kring 1710. Han gifte seg med Øllegaard Jansdotter Teiste frå Kroken i Hafslo (1674-1730). Dei flytte til København der Søren var distillatør. Dei fekk fem born i lag. Desse huslydane har vore drøfta før, men aldri har me gått detaljert inn på opphavet til desse Engeslef-søskeni. No vonar eg at forskingi til Ole Kristian Fangan eller andre kan kasta meir ljos over denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.