Johanna Andersdotter Søvde, fødd i 1831, ei søster av tippoldemor mi, reiste i ung alder i lag med to søstrer til Bø i Vesterålen der ho gifte seg og busette seg på ein plass under Føre.
Eine søsteri reiste snart sørover att, medan hi:
* Christi Andersdotter Søvde, fødd i Luster 31.3.1825, gifte seg i Bø 6.9.1863 med Enok Christian Grønbeck Eilertson frå Vågen i Bø, fødd der 11.9.1824. Dei budde som plassfolk på Maursundstranda under Maursund i Bø der Enok døydde 19.2.1876. Christi levde att som enkje, men dato og stad for dødsfallet hennar manglar!? Ho hadde tre born som alle budde og døydde i Bø.
So attende til Johanna. Ho fekk med mann sin sju born, og her er det mange hòl som eg gjerne skulle ha fyllt, ogso for bygdeboki sin del:
~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg frå Sven er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!