Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'feigum'.
Fant 7 resultater
-
Denne huslyden ligg òg på teiknebrettet mitt sidan 1980-talet. Manglande kjelder sette ein stoppar for fullføring den gongen, men kanskje er det ei von om at det no kan gå noko betre? Særleg er det av interesse å finna ut om det var fleire born i huslyden og kva som skjedde med sonen Johan Christian Randinius? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Haugianarvigsle frå kring 1812 - kvar kan denne finnast?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Ein av dei mest trufaste tilhøyrarane av haugianarrørsli i Luster var: Johannes Rasmusson Feigum, fødd på Fet i Hafslo 1775. Han vart gjennom «venene» kjend med: Kari Eriksdotter Haug, fødd på Haug i Odalen 1776 og dei skal ha gift seg kring 1812. Dei fekk fire born, fødde 1814, 1815, 1817 og 1820. Er det mogeleg å finna ut kva dato og stad denne vigsli kring 1812 fann stad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!- 4 svar
-
- feigum
- haugianarar
-
og 1 flere)
Merket med:
-
Dette er endå ein huslyd som eg balte veldig med under vitjingi mi til Amerika i 1982 og som eg berre delvis lukkast i å spora opp. Den gongen levde endå enkja etter Buford Bussey med ny ektemann Olson i Pueblo, CO, men dit kom eg aldri på min reise, og no er ho nok borte for lengst... Kanskje kan nokon hjelpa meg fylla ut nokre av dei detaljane som framleis manglar? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Johannes Jensson og kona Siri Andersdotter (jordmor i Luster), budde i mange år som gardbrukarar på Feigum i Luster til dei i 1862 utvandra til Amerika. Dei fekk ti born i lag: ~~~~~ * Jens Johannesson (1823-1875) tok over heimebruket på Feigum, men utvandra med huslyden sin til Amerika i 1869 - budde i Dane Co., WI. * Karen Johannesdotter (1824-1876) gifte seg i Luster, men utvandra med foreldri og mann sin i 1862 - budde i Dane Co., WI. * Martha Johannesdotter (1827- ), utvandra til Amerika i 1856 og gifte seg i Texas med Peter Brown - budde i Union Co., SD (sjå eit anna tema...) * Anna Maria «Maria» Johannesdotter (1829-1901), gifte seg til garden Dvergedal i Sogndal og budde der. * Anders Johannesson, fødd i Luster 28.5.1831, utvandra til Amerika i lag med søsteri Martha i 1856, men lagnaden hans er ukjend! * Elen Johannesdotter, fødd i Luster 4.8.1833, vart konfirmert i Luster i 1848, men seinare lagnad er heilt ukjend! * Siri Johannesdotter (1835-1909), utvandra til Amerika i 1860 og vart gift med ein enkjemann frå Jølster - dei budde i Pope Co.,. MN * Johanna Johannesdotter (1837-1914), utvandra til Amerika med søskeni Martha og Anders i 1856 - vart gift med ein nabogut frå Feigum i Luster og budde i Dane Co., WI og sidan i Pope Co., MN * Cecilia Johannesdotter (1839-1911), utvandra til Amerika i 1863 - vart gift to gongar og budde i Douglas Co., MN * Nils Johannesson (1843-1909), utvandra til Amerika med foreldri i 1862 og vart farmar i Pope Co., MN ~~~~~ Denne huslyden inneheld to kjempeutfordringar: ** Sonen Anders i Amerika ** Dotteri Elen som truleg IKKJE utvandra til Amerika Eg er sjølvsagt svært interessert i å spora opp båe desse søskeni, men vil tru det må vera enklare å finna att Elen i Noreg enn Anders i Amerika?? Eller tek eg feil?? Eg takkar so mykje på førehand for kvart einaste vesle spor!
-
Desse fire brørne som òg er omskrivne i dette emnet frå 2018: https://forum.arkivverket.no/topic/224822-ole-andersson-«frans-olen»-1808-1859-husmann-i-fransa-uri-under-feigum-i-luster-fleire-born-som-berre-«forsvinn»-kvar-vart-det-av-dei/?tab=comments#comment-1905788 * Anders Olson Feigum, fødd i Luster 12.5.1839 * Ole Olson Feigum, fødd i Luster 26.5.1842 * Christen Olson Feigum, fødd i Luster 14.6.1845 * Lars Olson Feigum, fødd i Luster 26.7.1854 har truleg alle vore sjømenn frå Bergen. Anders og Lars er me sikre på var til sjøs, men eg har ein sterk mistanke om at ogso Ole og Christen har vore sjømenn. Sjømannslistene er vel ikkje enno komne inn i Digitalarkivet sin avanserte søkebase, men kanskje er det nokon som har god kjennskap til desse listene og som kunne sjå etter om det står noko om dei der? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
- 12 svar
-
- sjømannslister
- feigum
-
og 1 flere)
Merket med:
-
Ivar Moe er i eit anna tema komen inn på ei grein av denne svært «utfordrande» ætti frå Feigum i Luster, som eg «sleit» mykje med tidleg på 1980-talet, men som eg laut gje meg på den gongen grunna manglande eller utilgjengelege kjelder... Kanskje der er lettare i dag? Det var eldste sonen Anders Olson, som i 1873 vert referert til Anders Olson Bustein, truleg etter fødestaden til mori Cecilia og bustaden til bestemori Kari Jetmundsdotter under garden Høyeim i Luster, som visstnok døydde der so seint som i 1875. Han fekk 19.11.1863 ein son Mons med nabojenta Ingeborg Monsdotter i Luster (1840-1875) og som døydde på sjukehuset i Bergen 24.5.1873. Fire søner i denne huslyden flytte frå Luster, men berre ein har eg finne att i Bergen. To søstrer flytte òg frå Luster, men berre ei av dei Kirsti har eg finne att i Bergen, men hi søsteri Anna skal òg ha vore gift og busett i Bergern! Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Ole Andersson Feigum, frå Galden under Eide, vart døypt 16.10.1808 og d. som legdelem på Feigum 22.1.1859. Han gifte seg 24.6.1842 med Cecilia Olsdotter frå Bustein under Høyeim. Ho vart døypt i Jostedalen 3.11.1816 og d. som legdelem og enkje på Feigum 28.5.1871. Ole og Cecilia fekk visstnok alt kring 1842 rydda seg ein ny plass ved uri her heilt ytst på Feigum, og etterdi Ole Andersson hadde utnamnet «Frans-Olen», vart plassen kalla Fransauri. Ole har nok drive eitt eller anna handverk; dei hadde nemleg lite eller inga jord til plassen, men vart likevel buande her levetidi ut. Då Cecilia var avlidi i 1871, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som var, gjekk attende til garden. Ole og Cecilia fekk åtte born i lag: 1. Kirsti Olsdotter (1837-1837). 2. Anders Olson, f. 12.5.1839, Anders Olson reiste i ung alder ut som sjømann ##### (nemnd sjømann i 1865 – seinare lagnad? – ikkje nemnd 1886/1894) 3. Ole Olson, d.e., f. 26.5.1842, Ole Feigum, d.e. flytte i ung alder til Bergen der han var steinarbeidar. Han budde visstnok på Torvalmendingen i Bergen der han d. 11.10.1883, ugift. 4. Christen Olson, f. 14.6.1845, Christen Olson flytte i ung alder til ##### (lagnaden hans? – ikkje nemnd 1886/1894) 5. Kirsti Olsdotter, f. 8.10.1847, Kristine Feigum flytte til Bergen der ho 20.12.1891 gifte seg med Peder Johan Andersen frå Bergen. Han var son av dagarbeidar Anders Pederson Noreim i Bergen, opphavleg frå Noreim i Etne, ##### (sjekka dette opphavet? – vigsli Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001293233 og kona Maren Johanne Larsdotter frå Arendal ##### (sjekka dette opphavet?) og f. i Bergen 28.7.1850. Peder Johan Andersen var verkstadarbeidar, og han og Kristine vart buande i Bergen der Peder d. 3.3.1900. Kristine livnærte seg sidan i mange år som reingjeringsassistent og d. som enkje i Bergen 17.9.1923. Dei fekk ein son i lag: a. Sigfred Johan Pederson Andersen, f. i Bergen 19.8.1893, d. i Bergen 29.6.1967. Han gifte seg i Bergen 2.2.1924 med Sigrid Magnesdotter Monsen, f. i Bergen 22.8.1894. Ho d. i Bergen 6.12.1984. Sigfred Andersen var sildefabrikkarbeidar, og han og Sigrid budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ein son i lag. 6. Anna Olsdotter, f. 8.3.1850, Anna Feigum flytte òg til Bergen i ung alder ##### (levde i 1894 og var då gift – lagnaden hennar? – truleg barnlause, for då det i 1948 vart halde skifte etter yngste broren Ole d,y,, var ovannemnde Sigfred Andersen einaste kjende erving på mannen si side!) 7. Lars Olson, f. 26.7.1854, Lars Olson reiste til sjøs kring 1876, ##### (skal ha «hoppa av» i Amerika og busett seg i New York City, N.Y. – i 1886 var det ingen som hadde høyrt noko frå han på fleire år – ikkje nemnd 1894) 8. Ole Olson, d.y. (1858-1925), hamna som husmann på Grøneng under Fuhr (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Husmannen Christen Christenson i Sagaviki under Feigum i Luster (1826-1913) hadde tre born og ein dotterson som utvandra til Amerika. Eldste dotteri Gjertrud gifte seg i Luster før ho reiste i 1880. Hoog mann hennar slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI. Dei to yngre søskeni Rannei og Christopher forsvinn derimot heilt, med mindre det er Christopher som i 1900 dukkar opp som ugift «laborer» Christ Figgum i Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6S83-82C Dottersonen Arne Feigum utvandra i 1897. Eg finn han ikkje i FT1900, men han gifte seg i Minneapolis, MN i 1905 med ei svensk jente som eg ikkje veit meir om opphavet til enn fødselsdatoen frå Sverige! Eg har leitt etter Rannei og Christopher i mange år, men utan å lukkast. No vonar eg at nokon i Brukarforum kan hjelpe meg vidare... Her følgjer eit manuskript som omfattar heile huslyden frå Feigum i Luster: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter kjempeflotte innlegg frå Grethe og Lars W. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive