Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'frønningen'.
Fant 2 resultater
-
Foreldre er Ola Sørensen f. Frønningen og døypt i Sogndal 10.7.1791 (d. 5.12.1848) og Brithe Bertelsdtr. f. Råke og døypt i Gulen 8.7.1791 (d. 4.7.1876). Eg søker informasjon om desse to borna: - nr. 46 b. Jakob f. 19.7.1817 og - nr. 46 c. Synneve f. 28.4.1819, ref. bygdeboka for Solund: https://www.nb.no/items/506522f0cace7744121dafc397b91e57?page=611 Det er her sagt at Jakob drog til Bergen i 1843, men kva så? Vart han i Bergen, eller drog han kanskje til Amerika? Synneve fekk ei dotter i 1852 - ref. nr. 21 Birthe Oline f. 16.1.1852: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305620133 - men kva skjedde med Synneve etter dette? Dei to yngste søskena deira er nevnt her: - https://www.geni.com/people/Søren-Olsen-Råke/6000000002517265238 - https://www.geni.com/people/Trine-Christine-Nordahl/6000000125335982887 Dei 4 siste søskena er også redegjort for.
- 9 svar
-
- raake
- frønningen
-
og 3 flere)
Merket med:
-
Ætteboki for Leikanger side 426 fortel oss om denne huslyden, husmannsfolk på Sagi ytre under ytre Frønningen: Søren Bottolfson 1742-1824 Christi Olsdotter 1751-1827 med fire born: * Ole Sørenson, f. 1792 * Hans Sørenson, f. 1792 - bus. Henjum 652 * Kari Sørensdotter, f. 1797 - bus. Grinde 240 * Bottolf Sørenson, f. 1798 - bus. Henjum 628 Eg reknar med at fødselsåret til Søren er kalkulert utifrå alderen ved dødsfallet, for FT1801 gjev oss eit fødselsår kring 1748: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393000925 Merkeleg nok finn eg denne huslyden IKKJE nemnd i den nye bygdeboki for Lærdal som ytre Frønningen no er ein del av! Men kven var Søren og Christi? Eg kan ikkje sjå noki vigsle for dei nokon stad i landet, men eg har ein kjempegod «kandidat» til Søren Bottolfson: Søren Botolfson, døypt i Luster 17.2.1739 som son av husmann Bottolf Larsson og kona Ragnhild Olsdotter på plassen Myri under Dale prestegard. Denne Søren forsvinn frå Luster før han vart konfirmert og KAN, liksom fleire andre ungdomar frå dette nabolaget i Luster ha hamna i Frønningen-området alt i svært ung alder. MEN, det finst òg ein Søren Bottolfson som vart døypt i Sogndal i mars 1749 som son av Bottolf Guttormson og kona Gjertrud Anfindsdotter. Denne Søren Bottolfson budde i 1760 hjå mori og ein stefar på ein plass under Lunden i Norum sokn i Sogndal: https://www.digitalarkivet.no/view/63/pc00000001181190 Denne siste siglar kan henda opp som beste «kandidat» dersom me tek FT1801 til følgje, men ein veit jo aldri... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til identifikasjon av Søren og Christi på Frønningen!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive