Eg har motteke ei heller «kryptisk» melding frå New Zealand om denne huslyden som skal ha opphav i Hafslo i Sogn, men som eg har vanskar med å identifisera. Kanskje nokon kan hjelpa meg på veg?
Malvin, òg kjend som Malle Thorsen, fødd kring 1900, skal vera avliden kring 1956, truleg i Høyanger. Han var gift to gongar, og frå første ekteskapet hadde han ein son:
Gunnar Thorsen, fødd (i Høyanger?) kring 1935, reiste til sjøs som elektrikar og hamna kring 1966 på New Zealand der han døydde kring 1988. Han var gift med Margaret og fekk to søner, som no søker etter slekt i Hafslo!
Det vert fortalt at Malvin skal ha vore drosjeeigar i Høyanger, men at bilen (bilane?) hans vart konfiskerte av tyskarane i 1940! Sidan jobba han som sjåfør ved Firda Billag!
Eg har freista ulike søk i Digitalarkivet, mellom anna FT1910, men so langt utan resultat... Eg finn ingen med namnet Malvin eller Malle Thorsen...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!