Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'jackman'.
Fant 1 resultat
-
Jackman-etterkomarar i Amerika og ymse manglande detaljar?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Eg har fått i oppdrag å finna nolevande etterkomarar etter desse fire brørne, alle fødde i Minnesota som born av Jetmund Olson Myklemyr frå Jostedalen: ~~~~~~~~~~~~~~ * Ole G. Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 17.8.1867, d. i Moose Lake, Minn. 19.12.1918. Han gifte seg i Houston Co., Minn. 24.6.1901 med Carrie Elva Rodgers, f. i Clay Co., Minn. 24.9.1875. Ho d. i Winona, Minn. 6.12.1966. Ole Jackman var skuleinspektør («school superintendant»), og han og Carrie budde fleire stader i North Dakota og i Minnesota, men enkja var frå 1927 busett i Winona, Winona Co., Minn. Dei fekk fire born i lag. * Marcus «Martin» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 10.4.1869, d. i Lemmon, S.D. 4.11.1940. Martin gifte seg første gongen i Lac qui parle Co., Minn. 10.1.1895 med Anna P. Johnson, f. i Illinois 31.12.1872. Men Anna d. i Bellingham, Minn. alt 16.2.1897, og Martin gifte seg att i Wheaton, Minn. 29.7.1903 med Christine Ingman. Ho var f. i Värmland i Sverige 4.2.1884, men utvandra i ung alder til Amerika og d. i Miles City, Mont. 25.5.1971. Martin Jackman var maskinseljar («salesman for machine companies») og budde for det meste i Lemmon, Perkins Co., S.D. Han fekk to søner, som båe var frå andre ekteskapet. * John Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 12.2.1871, d. i Hamilton, Mont. 22.6.1958. Han gifte seg i Lac qui parle Co., Minn. 19.3.1896 med Minnie Johnson. Ho var f. i Wisconsin 10.2.1871 og d. i Hamilton, Mont. 7.4.1949. John og Minnie Jackman farma nær Hamilton, Ravalli Co., Mont. og fekk to born i lag. * Peder «Peter» Jackman, f. i Goodhue Co., Minn. 4.5.1873, d. i Williston, N.D. 1.11.1953. Han gifte seg i Williston, ND 6.6.1904 med Lena C. «Carrie» Hanson, f. i Minnesota 15.5.1878. Ho d. i Williams Co., N.D. 27.3.1920. Peter og Carrie farma i Oliver township, Williams Co., N.D. og fekk åtte born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ For å komplettera manuskriptet mitt ville eg dessutan vera svært interessert i hjelp til å finna følgjande detaljar: ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om fødsli til 1ste kona Anna P. Johnson - f. Illinois 31.12.1872? ** Marcus «Martin» Jackman - detaljar om det svenske opphavet til andre kona Christine Ingman - f. Wärmland i Sverige 4.2.1884 - utvandra?? ** John Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Minnie Johnson - f. Wisconsin 10.2.1871? ** Peter Jackman - detaljar om namn og fødsli til kona Lena C. «Carrie» Hanson - f. i Minnesota 15.5.1878? Eg vil tru at mange av svari kan finnast om OBITUARIES kan finnast for desse personane, men hjå Newspapers.com harf eg ikkje greidd å finna nokon av dei...!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive