Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'korgmakar'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Eg har i mange år spekulert svært på kven denne omreisande korgmakaren kan ha vore som kring 1893 gifte seg med Andrea Hansdotter frå Rønnei i Luster. Eg har finne ein etter mitt syn «god» kandidat, men er langt ifrå sikker på at han er mannen! Og eg kan heller ikkje finna vigsli deira! Kanskje nokon har høve kan sjå på dette? Her følgjer eit oppdatert manuskript for Andrea og Fredrik: ~~~~~~~~~~~~~~~ Andrea Hansdotter {Rønnei}, f. {i Luster} 4.9.1860. Andrea Rønnei flytte i 1887 til Bergen og gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hennar? - Bergen kring 1893?) med Fredrik Johannessen frå Christiania (Oslo). ##### (kven var han? - kan henda identisk med Johan Fredrik Hansson Johannessen, f. i Aker 11.12.1838 som son av arbeidsmann Hans Johannessen og kona Petronelle Torstensdotter i Lakkegata?) Fredrik reiste kring som korgmakar og hadde òg vore innom Luster før han flytte til Bergen. I Bergen fekk Fredrik arbeid som metallstøypar, og han og Andrea busette seg på Nedre Solheim i Årstad, Bergen. Fredrik d. på eit sjukehus i Bergen 6.8.1907. Som enkje budde Andrea Johannessen fleire stader, mellom anna i Nygaardsgaten, men ho flytte sidan til Solheimsgaten i Bergen der ho d. 20.6.1940. Ho fekk i alt fem born: a. Anna Fredriksdotter Johannessen, sidan kjend som Anna J. Røneid, son av Andrea og Fredrik Johannessen, var f. i Luster alt 23.12.1881, men flytte til Bergen ##### (kva år? - kvar var ho i 1891?) Anna arbeidde som veverske og vart buande i Bergen der ho d. 23.9.1965. Anna var ikkje gift, men fekk ei dotter. b. Ingrid Lassesdotter Johannessen, dotter av Andrea og husmann Lasse Olson på Grandane under Årebru i Årdal (1838- ##### (dødsåret hans? - til Amerika 1892) var f. i Luster 23.9.1885. Ingrid flytte til Bergen ##### (kva år? - kvar var ho i 1891?) men d. i Bergen alt 5.6.1897. c. Johan Fredrik Fredrikson Johannessen, f. i Bergen 18.10.1894, d. i Bergen 6.8.1940. Johan gifte seg i Bergen 6.7.1921 med Alma Bergljot Ingolfsdotter Klausen frå Bergen. Ho var f. i Bergen 19.9.1898 og d. på Askøy 5.6.1969. Johan var ei tid fyrbøtar, men vart sidan transportarbeidar. Han og Alma budde i Bergen, men fekk ikkje born i lag. Som enkje gifte Alma seg att i Bergen 5.7.1941 med Ludvig Mikal Ludvigson Forvald, soneson av husmannsdotteri Anna Jensdotter frå Trondviki under Høyeim (1843-1915). Ludvig var f. i Bergen 6.5.1897 og d. på Askøy 26.8.1952. Alma gifte seg so tredje gongen ##### (dato og stad for denne vigsli?) med Jonny Karl Jetmundson Jetmundsen frå Bergen, f. i Ålesund 25.8.1909. Jonny d. på Askøy 20.12.1967. Alt i 1941 flytte Alma med andre mannen til Florvåg på Askøy, og der vart ho sidan buande levetidi ut. Ho fekk ikkje born i nokon av dei to siste ekteskapi sine heller. d. Kristian Arthur Fredrikson Johannessen, tvilling, f. i Bergen 9.7.1901, d. i Bergen 7.6.1958. Kristian gifte seg i Bergen 14.10.1936 med Anna Susanne Hansdotter Farsund Sletteland. Ho var f. i Førde 1.8.1904 og d. i Bergen 22.3.1973. Kristian Johannessen var transportarbeidar, og han og Anna budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk ei dotter i lag. e. Ingrid Fredrikke Fredriksdotter Johannessen, likeins tvilling og f. i Bergen 9.7.1901, d. i Bergen 24.4.1958. Ingrid gifte seg første gongen i Bergen 25.8.1917 med Karl Andreas Sørenson Knudsen. Han var f. i Bergen 12.2.1896 og d. i Bergen 21.12.1971. Karl Knudsen var skipsbyggjar og budde i Bergen, men vart skild frå Ingrid alt i 1920. Ingrid gifte seg 8.9.1920 att i Bergen med Herman Martin Hermanson Olsen, f. i Bergen 4.5.1896. Han var maskinist og miste livet då båten han var på gjekk ned i Nordsjøen i ##### (dato for dette forliset? - april 1936!?) Ingrid budde elles i Bergen levetidi ut. Ho fekk i alt tre døtrer, ei frå første ekteskapet og to frå det andre. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.