Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'mower co mn'.
Fant 2 resultater
-
John Johnson (1799-1882) og Britha Hansdotter (1821-1884) var husmannsfolk i Fossøyane under Fossen i Jostedalen. Dei fekk i alt åtte born, to søner døydde i barndomen, to døtrer vart gifte og budde i Jostedalen. Dei fire siste utvandra til Amerika: * Britha «Bertha» Johnson (1846-1907) utvandra med mannen Andrew Njos i 1866 og budde i Adams township, Mower Co., MN * Hans Johnson (1851-1877) utvandra ugift i 1873 til Adams township, Mower Co., MN der han d. ugift etter kort tid * Ole Johnson Fossen (1860-1938), utvandra i 1880 til Chickasaw Co., IA og sidan til Paris township, Howard Co., IA * Ingeborg «Belle» Johnson Fossen, fødd i Jostedalen 7.2.1864, utvandra i 1884 med ukjend lagnad. Rimelegvis reiste Ingeborg (i Jostedalen vart dette namnet utan unntak uttala «Bølla») anten til søsteri Bertha i Mower Co., MN eller til broren Ole i Chickasaw Co., IA, men er det mogeleg å finna ho att på ein av desse stadane? Eg vonar det beste og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Anders Arneson er mellom ungdomane som vart etterlyste då dei ikkje møtte til hærteneste i Luster i 1854. Då det same året vart halde skifte etter faren i Luster, kjem det fram, at Anders reiste frå Luster kring 1849, og han skal ha butt ei tid i Nordland, men han utvandra sidan til Amerika der han vårern 1863 dukkar opp som brudgom i Dane Co., WI, so han må ha utvandra seinast i 1862! Men er det mogeleg å finna ut kvar han var, medan han var i Nordland, og kva år utvandra han til Amerika? Han hadde ein eldre bror Johannes Arneson, fødd i 1830, som òg reiste til Nordland. Johannes gifte seg i Øksnes i 1855 og fekk ein son Anton Christian på Gimsøy i Vågan i 1858 før huslyden utvandra til Amerika kring 1860! Kanskje Anders reiste i lag med dei?? Eg har finne bra med opplysningar om Anders i Amerika, men står fast på detaljar om stedotteri og konene til dei to sønene John Christian og Nels Louis. Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg komma vidare med denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Anders Arneson {Kvalsvik}, f. {i Luster} 8.10.1832, Andrew Weigen flytte fra Luster kring 1849, truleg til Nordland, men hamna noko seinare i Amerika. ##### (year of his emigration??) Han gifte seg Dane Co., Wis. 27.3.1863 med Anna Johannesdotter frå Hola under Venjum i Hafslo, i Amerika kjend som Anna Johnson. Ho var f. i Hafslo 26.2.1836 og utvandra til Amerika i 1856. Andrew og Anna Johnson farma nokre år i Dane Co., Wis., men flytte kring 1867 til ein farm i Lodi township, Mower Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. Andrew d. i Mower Co., Minn. 2.8.1889, medan Anna Weigen d. same staden 10.6.1907. Dei fekk åtte born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før: a. Britha, kjend som ##### (what was she known as?) dotter av Anna og gardbrukarsonen, dåverande enkjemann, Halvor Bugge Olson frå Hatleberg i Borgund, Lærdal (1820-1868), var f. i Dane Co., Wis. 7.8.1859, ##### (lived 1860 with mother in Bristol township, Dane Co., WI – not listed 1870 or 1875 – what became of her??) b. John Christian Weigen, f. i Columbia Co., Wis. 30.5.1863, d. i Mower Co., Minn. 2.3.1894. Han gifte seg i Mower Co., Minn. 13.10.1889 med Ragnild Gilbertson, f. ##### (place of her birth? – where in Wisconsin?) Wis. 21.1.1867 og d. i LeRoy, Minn. 24.12.1935. John og Ragnild Weigen farma i Lodi township, Mower Co., Minn. og fekk to døtrer i lag. c. Arne Johan, kjend som Earnie J. Weigen, f. i Dane Co., Wis. 2.4.1865, farma i Lodi township, Mower Co., Minn., men d. ugift i LeRoy, Minn. 16.4.1935. d. Nels Louis Weigen, f. i Dane Co., Wis. 26.5.1867, d. i Longmont, Colo. 7.5.1944. Han gifte seg i Mower Co., Minn. 27.12.1894 med Gina A. ##### (full name and middle name? – parents Ole Larson and Betsey Peterson!) Larson, f. i ##### (place of her birth? – WI) 8.1.1871. Ho d. i Longmont, Colo. 5.10.1936. Nels og Gina Weigen farma i Lodi township og sidan i Taopi township, båe i Mower Co., Minn., men flytte kring 1912 til McIntire, Mitchell Co., Ia. der Nels var jarnbarehandlar («hardware merchant») til dei kring 1925 tok pensjon og flytte til Longmont, Boulder Co., Colo. Dei fekk ti born i lag. e. Anton Olai Weigen, f. i Mower Co., Minn. 16.7.1869, farma i lag med broren Martin i Lodi township, Mower Co., Minn., men d. ugift i LeRoy, Minn. 7.5.1940. f. Martin Weigen, f. i Mower Co., Minn. 26.11.1871, farma som nemnt i lag med broren Anton i Lodi township, Mower Co., Minn. og d.likeins ugift i LeRoy, Minn. 13.8.1949. g. Anne Marie Weigen (1873‑1944), vart gift med Samuel Forthun, Jr. (1871‑1909), son av husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832‑1903) (s.d.). h. Lise Kirstine, kjend som Eliza Weigen, f. i Mower Co., Minn. 16.5.1878, d. ugift i Mower Co., Minn. 27.11.1901. i. Sina Josephine Wigen, f. i Mower Co., Minn. 18.9.1880, d. i Austin, Minn. 4.12.1963. Sina var hushaldar («housekeeper¤) for brørne Anton og Martin på farmen deira i Lodi township, Mower Co., Minn. og vart likeins ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive