Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'omstreifar'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Denne huslyden var eg første gongen oppteken av for over 30 år sidan under arbeidet med bygdeboki for Jostedalen. Noko fann eg ut den gongen, men eg har alltid vore svolten på meir, og kanskje er det no nokon som hjelpa meg med fleire detaljar om denne omreisande huslyden? Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Anna Knutsdotter {Garshaug}, døypt {i Jostedalen} 27.3.1787, vart konfirmert i Jostedalen i 1804. Ikkje lenge etter konfirmasjonen ser Anna ut til å vera fari frå bygdi, og me finn ho att på Askøy der ho 29.8.1830 gifte seg med enkjemannen Olaus Halvorson frå Hetlevik nordre på Askøy. Olaus var son av hesteskjærar og kjeleflikkar Halvor Pederson på Hetlevik nordre, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – vigde Lade 25.6.1769: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7TX-94B og kona Ellen Marie Christophersdotter frå ##### (opphavet hennar?) men var f. i Stjørdalen i 1764. ##### (nøyaktig fødsels- eller dåpsdato?) Olaus gifte seg første gongen i Sund 19.4.1786 med Pernille Johannesdotter frå ##### (opplysningar om ho?) Olaus Halvorson var hesteskjærar og kjeleflikkar liksom far sin, og truleg budde han for det meste på Hetlevik nordre på Askøy, ##### (sjekka dette? – FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058382000229 ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (born? – NB: Anna er ikkje nemnd ved skiftet etter broren Guttorm i Jostedalen i 1852, so kan henda var ho d. barnlaus? – eller dei hadde mist kontakten med ho?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein etter måten ganske so «komplett» grein av den gamle «Svends-ætti», omstreifarætti med sterk forankring i Luster i Sogn. Men, eg har aldri greidd å finna korkje faren Daniel eller sonen Johannes døypte nokon stad, og sidan desse folki stadig var «på vandring», mistenker eg dei for å ha fått born som er døypte andre stadar enn i Luster. Og eg ser at både Daniel og Johannes døydde utanfor bygdi, ein i Lavik og ein i Vik. Og eg trur kanskje kona til Johannes, Kirsti Sørensdotter, òg må vera avlidi ein eller annan stad langs Sognefjorden, men KVAR? Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Svendson Høyum, frå Slottet under Skildeim, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1755?) og d. i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832, medan han var på vitjing (og arbeid) der ute. Han gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter, opphavleg frå Salbuneset under Talle. Ho vart døypt 8.7.1736 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Johannes Olson på Salbuneset under Talle (1738-1773). Martha d. 9.2.1824, og det vart då sagt at ho var strandsitjarkone på Nes. Kva tid Daniel og Martha slo seg ned her i Trondviki, er ikkje godt å seia, men det har truleg vore i 1780-åri. Elles var Daniel hesteskje­rar liksom faren, og det var helst lite dei budde på plassen i sommarhalvåret. Dei hadde ikkje noko jord, men vart i alle fall buande her til ut på 1800-talet. Som me såg, budde Martha på Nes då ho døydde, men om dei nokon gong hadde ein plass der ute, er uvisst. Daniel skreiv seg i alle høve til Høyeim då han fall ifrå i Lavik i 1832. Dei fekk ein son i lag: 1. Johannes Danielson (1779-1856), fekk plassen her i Trondviki 4 etter foreldri. Johannes Danielson Høyum, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1779?) og d. på Vikøyri i Vik 21.3.1856, medan han var på vitjing (eller arbeid) der ute. Han gifte seg 30.4.1804 med Kirsti Sørensdotter frå Haugen under Skildeim, døypt 11.3.1773. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - truleg i ytre Sogn?) Johannes var hesteskjerar liksom faren og bestefaren. Han og Kirsti tok over denne strandsitjarplassen på Viki etter foreldri hans kring 1804, og jamvel om dei nok var mykje på farten, vart dei buande meir eller mindre fast her levetidi ut. Då Johannes var avliden i 1856, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som måtte ha vore til han, gjekk attende til garden. Me veit om fem born etter Johannes og Kirsti i Viki: ##### (kan dei ha hatt fleire born fødde andre stadar?) 1. Daniel Johannesson (1804-1856), vart strandsitjar og budde i Hundaviki under Høyeim. 2. Jørgen Johannesson (1807-1807). 3. Søren Johannesson (1807-1807). 4. Søren Johannesson (1814-1896), vart strandsitjar på Tvingeborg under Sandviki. 5. Ole Johannesson, f. 24.1.1818, Ole Johannesson flytte visstnok i ung alder til Vikøyri i Vik og budde der som innerst. Han d. ugift på Vikøyri 24.12.1855. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.