Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'rasmussen'.
Fant 4 resultater
-
Anna Olsdotter (1799-1869), fødd på Fossehaugen i Jostedalen, vart gift og busett i Skjåk. To av borni hennar flytte derifrå til Trondheim, men dei veit me helst lite om. Kan nokon hjelpa meg finna desse dødsfalli og kor mange born dei hadde? Eg har òg vanskar med å idenifisera opphavi til svigerforeldri hennar i Skjåk... Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt innnlegg #11 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Med utgongspunkt i dette emnet frå 2016: https://forum.arkivverket.no/topic/205585-peder-aamundson-kilen-fødd-i-luster-1822-utvandra-1861-til-mcfarland-dane-co-wi-ei-dotter-er-finni-men-kvar-vart-det-av-dei-andre-seks-borni/?tab=comments#comment-1866912 ønskjer eg i kveld å ta opp til drøfting lagnaden til tredje dotteri i denne huslyden, Andrea alias Andrena Rasmussen, som på eit merkeleg vis har gøymt seg svært godt i Amerika. Det er ikkje stort som er komme til av opplysningar om denne jenta sidan hitt emnet var opp til drøfting, men eg vonar at me kanskje har lesarar av Brukarforum som kan «sjå» ei mogeleg betring av dette manuskriptet? Her følgjer eit oppdatert manuskript for Andrea «Andrena» Rasmussen: ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Andrea Pedersdotter, f. 27.5.1852, Andrena Peterson utvandra med faren og stemori til Amerika i 1861 og gifte seg i Dane Co., Wis. 9.10.1872 med Anders Olson frå Gudvangen i Aurland, i Amerika kjend som Andrew O. Rasmussen. Han var son av husmann Ole Rasmusson på ein plass under Gudvangen, opphavleg frå Gurvin i Sogndal, og kona Anna Nilsdotter frå Nyborg i Fresvik, Leikanger og f. i Aurland 17.2.1849, men utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – 1862?) Andrew og Andrena budde ei kort tid i Cottage Grove township, Dane Co., Wis., men kring 1874 flytte dei til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. ##### (also lived elsewhere?) men flytte våren 1880 til Fargo, Cass Co, N.D. der Andrew livnærte seg som skomakar («shoemaker»). ##### (what happened later? – one Andrew Rasmuson aged 44, died in Fargo, ND May 16, 1881 and was buried in Riverside cemetery – there is also buried one Eddie Rasmuson aged 4, who died in Fargo, ND May 5, 1881 – Andrew and son Edward with wrong ages? – Andrew’s mother Anna still lived in Fargo, ND in 1890!) Me kjenner til fem born etter Andrew og Andrena: ##### (were there more children?) a. Angelina Malena, kjend som Lena Rasmussen, f. i Dane Co., Wis. 27.11.1872, ##### (listed 1880 – her destiny?) b. Olaus Bernhard Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 10.7.1874, d. i Freeborn Co., Minn. ##### (date of his death? – shortly after birth! – christened Clarks Grove!) c. Bernt Olaus, kjend som Bennie Rasmussen, f. i Freeborn Co., Minn. 5.8.1875, ##### (listed 1880 – lived Fargo, ND 1891 – later destiny?) d. Albert ##### (middle name?) Rasmussen, f. ##### (exact date and place of his birth? – MN 1877) ##### (listed 1880 – his destiny?) e. Edward ##### (middle name?) Rasmussen, f. ##### (exact date and place of his birth? – MN Sep. 1879) ##### (listed 1880 – his destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Alle gode tips vil gjera meg til ein lykkeleg person, og eg takkar so mykje på førehand!
-
Utgongspunktet for dette emnet, som eg arbeidde ein del med på 1980-talet, er husmannsdotteri Kari «Karen» Johannesdotter (1809-1890) frå husmannsplassen Jerven under Sande i Luster, som i ung alder flytte til Bergen, gifte seg der med Rasmus Ellingsen og fekk åtte born! Eg har no greidd å finna ein del opplysningar som ikkje var tilgjengelege på 1980-talet, men står framleis «fast» på ein del detaljar. Kanskje er det mogeleg å få lite vetta hjelp? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Marius Christian Rasmussen, fødd i Bergen 1875 - sjømann - forsvann frå Bergen kring 1894 - lagnaden hans?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #30391 i det gamle Brukarforum, som den gongen saki var oppe i 2006, ikkje gav noko resultat. https://forum.arkivverket.no/topic/115984-30391-peder-randidius-rasmussen-f-bergen-1843-knøsesmuget-33-i-1900-og-so-kvar/?tab=comments#comment-946873 Utgongspunktet er manuskriptet mitt for garden Høgi i Hafslo der huslyden er omskriven på følgjande vis: ~~~~~~~~~~~~~~ Kirsti Eriksdotter {Høgi}, f. {i Hafslo} 28.7.1841, Christine Eriksdotter flytte med foreldri til Nordland i 1847 og derifrå til Bergen der ho 9.12.1866 gifte seg med Peder Randidius Noason Rasmussen frå Bergen. Han var son av dagarbeidar Noa Noason Rasmussen i Bergen, opphavleg frå Oreimsbakken i Eid, og kona Bertha Marie Ottesdotter frå Bergen og f. i Bergen 23.3.1843. Peder var tømmermann, og parfolket vart buande i Bergen der Christine d. 20.12.1896. Peder Rasmussen d. på sjømannshuset i Bergen 25.4.1906. Dei fekk tre born i lag: a. Peder Olai Pederson Rasmussen, f. i Bergen 7.3.1867, d. i Bergen 1.8.1896. Peder var sjømann og budde i Bergen, ugift. b. Marie Christine Pederson Rasmussen, f. i Bergen 22.4.1869, d. i Bergen 30.11.1876. c. Marius Christian Pederson Rasmussen, f. i Bergen 27.6.1875, reiste i ung alder ut som matros, ##### (FT1900 seier dei ikkje hadde høyrt gjete han på 6 år! - lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Det siste me ser av denne huslyden, Peder og sonen Marius, er FT1900 for Knøsesmuget 33 i Bergen: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=1301&kenr=017&bnr=0025&lnr=01 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335007575 Utfordringi her er å finna lagnaden til Marius Christian Rasmussen, og alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive