Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'reffem'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 1 result

  1. Eg har i mange år kjempa med å finna opphavet til denne unge mannen som i 1719 kom til Luster som sersjant ved lysterske compagnie. Anders Pederson REFFEM (namnet har seinare vore «fornorska» til REVHEIM), men samtidige kjelder nyttar alle namneformi REFFEM, skal vera fødd kring 1685, og ifølgje ein militærrulle frå Lysterske compagnie var han fødd på Helgeland! Men ein gammal «ekspert» frå Osterøy meinte han måtte vera frå Revheim på Osterøy, utan at eg kan finna noko prov på det! Ein stad får me vita at han vart innskriven som menig soldat i 1710 og frå 1714 var han korporal, men kvar han då tenestegjorde, er ukjent. Han gifte seg i Luster kring 1722 med enkja Bertha Jensdotter, f. Lemvig, fødd på Fuhr i Luster kring 1687, og dei vart gardbrukarar i Hotlen, Sandviki i Luster der Bertha vart gravlagd 25.2.1747. Anders Reffem, vart gravlagd i Luster 5.7.1754. Dei fekk ein son i lag, Peder (1724-1803), som òg nytta ættenamnet REFFEM! Det lever att ei stor etterslekt etter Anders Reffem (inklusive meg sjølv), både i Luster og ikkje minst i Amerika, og det hadde vore skikkeleg kjekt om opphavet til denne sersjanten endeleg kunne finnast! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.