Dette er ein huslyd som eg jobba med for 30 år sidan, men som eg aldri greidde heilt å finna ut av. Kari Olsdotter var fødd i Jostedalen og voks opp på plassen Sva under garden Ormberg.- Derifrå utvandra ho med ein son i 1882, og vel framme i Kenyon, Goodhue Co., MN fekk ho ein son til. Ho døydde i 1927, men OBITUARYen hennar fortel svært lite, berre at sønene levde og budde i Minneapolis, MN og i St. Paul, MN. Yngste sonen Samuel miste livet i 1932 under høgspentarbeid i Kenyon, MN. Han var gift, men nokon OBITUARY som fortel om huslyden hans, har eg ikkje kunna finna...
No vonar eg at nokon kan hjelpa meg vidare og legg fram følgjande utdrag av manuskriptet mitt:
~~~~~~~~~~~~~~~
Kari Olsdotter {Ormberg}, f. {i Jostedalen} 6.9.1845, tente i Jostedalen og budde her fram til 1882.
Men i 1882 utvandra Carry Olson til Amerika. Ho busette seg i Kenyon, Goodhue Co., Minn. der ho livnærte seg som veverske («carpet and rug weaver»). Ho d. i Kenyon, Minn. 9.4.1927. Carry var ugift, men fekk tre born:
a. Ole O. Olson, son av Carry og husmann Ole Olson på Ottemoen under Alsmo (1848-1935), var f. i Jostedalen 7.11.1869. Han utvandra til Amerika med mor si i 1882
##### (biography? – was 1927 a resident of Minneapolis, Hennepin Co., Minn.)
b. Sophia Larsdotter (1881-1881), f. log d. i Jostedalen, var dotter av Carry og vegarbeidar Lars Larsson Risberg frå Grue i Solør.
c. Samuel J. Olson, son av Carry og ein Jens Berfg, f. i Goodhue Co., Minn. 20.6.1884, miste ,ivet ved eit ulukkeshende i Kenyon, Minn. 13.5.1932. Han gifte seg
##### (date and place of his marriage? – about 1918?)
med Hazel G.
##### (info? – born in MN about 1889 – par: PA and MO)
##### (date and place of her death?)
Samuel var elektrisk linjearbeidar («electrical lineman»), og han og Hazel budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn.
##### (number of sons and daughters?)
~~~~~~~~~~~~~~~
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!